Stefanusalliansen har laget en serie i 5 episoder om den finske bibelsmugleren Esko. Opplev hans kall, hans farlige oppdrag og hans eget møte med Bibelen.
Bibelsmugling
I bilar med hemmelege rom frakta norske smuglarar inn fleire hundre tusen biblar og bibeldeler til kyrkjelydar bak Jernteppet.
I 1967, da Misjon bak Jernteppet blei starta, var biblar ikkje å få fatt i på den opne marknaden i Sovjet. Ofte var heile kyrkjelydar utan biblar. Situasjonen var ikkje lik i alle landa. Men behovet for biblar og kristen litteratur var mange stader nærast umetteleg, påpeikar Lasse Trædal i boka «Når ett lem lider».
Det starta med at enkeltmenneske tok med biblar eller bibeldelar tapa fast på kroppen eller gøymde i vesker med dobbelt botn.
Arbeidet blei profesjonalisert. MbJ samarbeidde med Open Doors og broder Andreas (han hadde talt i Bergen og på Drotningborg i Arendal) og Operasjon Mobilisering, ifølgje Trædal. Dei som stod i dette, ønskte seg eit eige transportapparat styrt av MbJ. Midt på 70-tallet vart det bygd opp ein base med depot og bilverkstad i Østerrike. Hit kom kvar sommar mange norske ungdommar for trening, før dei vart sende av garde.
Smuglarruter
Frå Østerrike gjekk ei av smuglarrutene gjennom Ungarn til Ukraina i Sovjetunionen. Ei anna rute gjekk gjennom Romania til Moldova på Sovjet-sida. Ei tredje rute gjekk frå Tyskland gjennom Polen til Ukraina. På grenseovergangane måtte reisefølgjet tømme bilen.
Unnvikande svar eller løgn var resepten.
Strenge reglar
Geir Blesvik heldt på i ti år fram til slutten av 1984, fem av åra på fulltid i Østerrike. Tryggingsreglane var viktige ikkje minst for kontaktane i aust.
– Dei tok den største risikoen. Men mange var villige til å ta risikoen, og fleire var mindre urolege enn oss. Risikoen for dei som reiste inn, var berre å bli teken og sendt ut etter eit par dagar, seier Blesvik.
Proft opplegg
Svein og Britta Konstali hadde 15 turar i åra 1978-1981. Dei køyrde fleire turar i bilar med dobbelt botn med plass til 1 500 biblar. – Eit proft opplegg, ein «industri», seier Svein Konstali.
– Eg skreiv under på avtale om at eg ikkje skulle fortelje nokon om kva eg dreiv med, seier Britta. Dei som smugla, skulle heller ikkje vita meir enn det dei trengde for å gjere det dei skulle, for ikkje å avsløra andre dersom dei vart tekne. Det skulle heller ikkje vere skriftlege beskjedar. Reiserutene vart pugga, med alternative planar for kvar kontaktane skulle treffast. Lossestad vart avtalt. Så blei bilen lossa i nattemørkret, med vaktsame augo for å unngå avsløring. Og så var det om å gjere å forsvinne så raskt som råd.
Men då paret i 1982 med ein eittåring i bilen – på veg ut frå Timisoara i Romania – blei stoppa av væpna soldatar med narkohundar, vart dei samde om at no var det nok. Omsynet til eittåringen gjorde at dei ikkje ville ta risikoen.
Filma
Som student i filmproduksjon i USA laga Jan Georg Vedeler i 1982 ei bachelor-oppgåve med filming av bibelsmugling. John Solsvik hadde med familien på tur, med biblar gøymde i skap inne i campingbilen – dei ville ikkje risikere ein spesialbil. Å filma var elles eit brot på trykkingsreglane til bibelsmuglarane. Dei plukka seg ut ein avsidesliggjande grensestasjon mot Tsjekkoslovakia. Vedeler filma med kameraet stukke ut under ein takstein. Dei væpna vaktene undersøkte bagasjen med barna til Solsvik vandrande rundt. Familien fekk køyra vidare utan at biblane vart oppdaga.
– Barna var den beste forkledninga. Vi var turistar, med eit anna ærend, seier Solsvik i dag.
Eventyrlyst
I boka si fortel Lasse Trædal at ein del av dei som melde seg, var prega av eventyrlyst. «Selv etter å ha gjennomgått et treningskurs var det mange som hadde urealistiske forventninger (...). Som regel ble de fratatt sine illusjoner så snart de fikk stifte nærmere bekjentskap med transportarbeidernes strabasiøse og nerveslitende hverdag. Grensepasseringene kunne selvsagt aldri bli glatt rutine. (...)»
Han skriv også at mange blei frustrert over at dei ikkje kunne oppleve kristent fellesskap med mottakarane, sidan smuglarane berre måtte komme seg raskast mogeleg vekk etter å ha overlevert biblane.
Usemje
Basen i Østerrike var formelt underlagt MbJ. Men reisesenteret hadde sin eigen styringskomite og sine eigne støttegrupper. Det vart friksjon og usemje, mellom anna om arbeidsmåtar, ifølgje Trædal.
Han skriv at dei unge på feltet meinte dei burde delta i evangelisering, medan styret fastheldt at dei berre skulle vere støttespelarar for kristne bak Jernteppet slik at desse fekk drive verksemda si på eigne vilkår. No la nok ulike folk ulike ting i omgrepet «evangelisering». Trædal skriv at dårleg kommunikasjon førte til at dei ansvarlege for transportapparatet etablerte seg som ein uavhengig litteraturmisjon under namnet ‘Korstog for Kristus’. Dei fleste i staben støtta dei unge ute.
– Det var ein interessekonflikt. Vi som etablerte Korstog for Kristus, ville reindyrka det vi heldt på med, seier Solsvik.
Blesvik avviser at bibelsmugling vart blanda med evangelisering. – Vi møtte folk som tok ein risiko ved å ta imot biblar, og vi ville aldri tiltrekkje oss merksemd ved å drive gateevangelisering, seier Blesvik.
I starten fekk KFK økonomisk støtte frå MbJ. Så blei KFK del av Open Doors, og deretter blei Åpne Dører etablert her i landet. Avtalen med broder Andreas hadde tidlegare vore at det ikkje skulle skje, men prosessen skjedde ope. MbJ overførte materiell og bilar. Frå og med 1984 hadde Åpne Dører heile ansvaret. Solsvik heldt fram som leiar det første året etter at Åpne Dører overtok basen og leia så Åpne Dører det første året etter etableringa. MBJ satsa meir på appellteneste og menneskerettar.
AKTUELT
Jeg bestemte meg for å bli bibelsmugler da jeg var 15 og møtte en jevngammel gutt i et land bak Jernteppet. Hans far satt i fengsel for sin tro.
Her kan du se video med to finske bibelsmuglere som for første gang avslører metodene.
I bilar med hemmelege rom frakta norske smuglarar inn fleire hundre tusen biblar og bibeldeler til kyrkjelydar bak Jernteppet.
– Min uttalelse i 1982 om at «bibelsmugling skader de kristne bak Jernteppet», var for absolutt, sier Gunnar Stålsett.
Gunnleik Seierstad ledet internasjonalt bibelarbeid. – Jeg forteller alltid den samme historien offisielt og privat, sier han.