Fortvilte bønnerop frå bomberom i Ukraina

Kyrkjefolk er rasande på krigen og Putins løgner og tryglar om forbøn for fred.

Glade for biblar delt ut av Det ukrainske bibelselskapet i byen Kherson i sør, medan krigen rasa.  Foto: Det ukrainske bibelselskapet

Glade for biblar delt ut av Det ukrainske bibelselskapet i byen Kherson i sør, medan krigen rasa. Foto: Det ukrainske bibelselskapet

– Be om fred. Be om at sanninga kjem fram. Be for prestar og friviljuge som står på alt dei kan for hjelpa. Be for regjeringa vår og for dei som kjempar, om at dei må halda ut det umenneskelege presset, seier Rostislav Stasyuk i bibelselskapet i Ukraina. 

Stefanusalliansen har ikkje arbeid i Ukraina. Dette er eit land som har hatt stor trusfridom, dersom vi ser bort frå situasjonen i utbrytarrepublikkane Donetsk og Luhansk.  Les om Putins misbruk av religiøs makt.

På flukt frå Putins bomber
I dag løftar vi difor fram bøneropa vi har motteke frå Det ukrainske bibelselskapet som har fire kontor i Ukraina. Rostislav Stasyuk held til i byen Lviv, heilt i vest, nær grensa til Polen. Derifrå fortel han Stefanusalliansen om situasjonen også i andre delar av Ukraina.

Etter det første døgnet då flyalarmen også gjekk her, har Lviv vore eit stykke unna dei verste krigshandlingane. Men straumen av livredde flyktningar er stor.  

I storbyen Kharkiv i aust, den nest største byen, sat også folka til Bibelselskapet denne veka fleire døgn i bomberom og kjellarar medan krigen rasa. Fredag er det lettare i Kharkiv. Endeleg har mat og vatn nådd gjennom til den bombarderte byen, det er lange køar i gatene. I hovudstaden Kyiv er det verre.  Kampane i Kherson i sør er slett ikkje over. Der har bibelselskapet makta å dela ut biblar også medan krigen rasar. 

 – Dei første dagane av krigen var alle i sjokk. Heile landet var som frose. Ingen klarte å gjera noko anna enn å sikra seg og sine. Men så opna kyrkjene dørene for folk på flukt. Kyrkjene er fylte. Folk ser at livet er så skjørt at dei må tenkja på noko djupare. Difor tek folk også imot biblar, seier Rostislav Stasyuk som har vore med på å dela ut. Men no er lageret nesten tomt. 

Splitting og samhald 
For snart fire år sidan blei Den russisk ortodokse kyrkja i Ukraina splitta då viktige delar braut med patriarkatet i Moskva, som støttar Putin-regimet. Det skapte sinne – hos Vladimir Putin. Men Putins brutale krig har gjort at kyrkjene er samla på tvers av alle skilje. Dei har sendt brev om å få slutt på krigen. 

I ei fredsgudsteneste i Trefoldighetskirken i Oslo tysdag fortalde bibelmisjonsleiar Bernt G. Olsen i Bibelselskapet i Norge at han hadde fått med seg ei helsing frå Ukraina: «Aldri tidligere har vi stått sammen slik vi gjør det nå; de to store ortodokse kirkene, Den romersk-katolske kirken og den gresk-katolske kirken og mange ulike protestantiske og evangeliske kirker. Det som skiller oss, er nå helt underordnet – vi deler til og med brød og vin sammen i disse dager.» 

Sjuåring prega av Putins brutale krig 
Frå Lviv fortel Rostislav Stasyuk i Det ukrainske bibelselskapet at han sjølv snakkar både ukrainsk og russisk, men førstespråket er ukrainsk. Kona og hennar familie er russisk-språklege.  

- Mark, sonen vår på sju, snakka berre russisk dei første åra. Det var heilt i orden. Då Mark blei fem, byrja han også å snakka ukrainsk. Men etter at krigen braut ut, har han sagt at ingen heretter må snakka russisk til han. Vi har hatt mange samtalar om at russarar ikkje treng å vera vonde, at vi ikkje skal hata russarar for det Putin no gjer. Men krigen pregar sjuåringen. Forsoning vil avhenga av om folket i Russland ein dag vil forstå den vondskapen som deira eiga leiing no har utløyst. Mange i Russland veit ikkje kva som skjer. Tida vil lækja sår. Men det vil ta svært lang tid. Eg er ikkje sikker på om Mark vil klara å bli vener med russarar etter det som Putin har gjort mot Ukraina. Det er det fortvilte. Vi må be også om at sanninga må koma fram i Russland, seier han, fortvilt over krigen, rasande over den russiske propaganden,

«Sanninga må koma fram»
I fredsgudstenesta i Oslo forklarte Bernt G. Olsen at Ukraina er eit åndeleg senter i Europa.  

«En høytstående offiser sa for en stund siden til oss at ved frontlinjen er ingen ateister. Alle tror. Kirkene er svært viktige for hele regionen, ikke minst for Russland. Be for oss ,sier de, gi oss bibler og sørg for at sannheten kommer fram! Det er utfordringen fra lederskapet i Ukraina.» 

Difor bed vi for Ukraina i dag. 

Helsing

Johannes Morken

Redaktør