Be for Afghanistans kvinner og undergrunnskristne

Kristne i undergrunnskyrkjer i Afghanistan lever i stor frykt etter at Taliban på 11 dramatiske dagar tok makta. Ver med i bøn. 

Kvinner i Afghanistan vart tvinga inn i burka då Taliban styrte sist. Foto: Shutterstock

Kvinner i Afghanistan vart tvinga inn i burka då Taliban styrte sist. Foto: Shutterstock

Frykta svært mange i Afghanistan har for Taliban skuldast ikkje minst den brutale politikken då dei styrte landet frå 1996 til 2001. Kvinner vart tvinga inn i burka og nekta utdanning. Tjuvar kunne få hendene kutta av. «Vantruande» vart avretta. 

Etter at Taliban på 11 dagar jaga det gamle regimet, feia inn i Kabul og overtok presidentpalasset, har dei sendt forsonande signal om kvinnene sin plass og om forholdet til folk som arbeidde for det gamle regimet. Kva dei faktisk kjem til å gjera i praksis, veit vi ikkje. Det må dei visa. 

Men religiøse minoritetar lever uansett i frykt. Det gjeld både sikhar og sjia-muslimar som i dette sunnidominerte landet.

Kristen minoritet
I Afghanistan finn vi også ein liten minoritet av kristne. Ingen veit kor mange dei er.  Pars Theological Centre, med base i England, utrustar leiarar frå undergrunnskyrkjer i Iran og iranske kyrkjer utanfor landet. Blant sine 540 studentar har dei også nokre studentar frå Afghanistan og nokre afghanske studentar utanfor landet. 

Bli med i bøn
Pars Theological Centre oppmodar til bøn for landet, for kvinnene i Afghanistan og for dei som er eller har vore studentar hos Pars. 

– Be for våre studentar i Afghanistan. Taliban leitar aktivt etter underjordiske kristne nettverk for å avdekkja kvar det er undergrunnskyrkjer. Be om at Gud vil skjula desse kyrkjene for Taliban. Kristne som har konvertert frå islam, risikerer livet dersom Taliban finn dei. 

- Be Gud gje vern for familiane til studentane våre. Mange av våre afghanske studentar er urolege for tryggleiken til foreldra. 

– Be også for dei mange afghanske kvinnene som no opplever at tryggleiken deira og retten til utdanning er truga. Be om at dei må vera trygge. 

– Be om fred i Afghanistan og at Taliban skal oppleve Kristi lys.