SISTE NYTT: Hamid Soudad ble frikjent og løslatt fra fengsel 20.juli 2023, omtrent to år før tiden.
20. januar 2020 vart Hamid Soudad frå Oran i Algerie arrestert fordi han delte ein karikatur av profeten Muhammed på sosiale medier. Den kristne 42-åringen som er gift og har fire barn vart dømd til den strengeste straffa for blasfemianklagar i landet – fem år i fengsel. Det har óg vore liknande tilfelle av andre som er dømde for blasfemi, inkludert to kristne konvertittar frå regionen Kabylie.
I tillegg har det vore ei bølgje av nedstenging av kyrkjer i Algerie dei siste åra (sjå tidlegare appellar på www.stefanus.no). 13 protestantiske kyrkjer er nedstengd sidan 2017, og sju nye kyrkjer har blitt beordra å stenge. Algeriske myndigheiter har innført påbud om at alle ikkje-muslimske trossamfunn må ha offentleg løyve for å halde gudshus opne og samlast til gudstenester. Paraplyorganisasjonen til dei protestantiske kyrkjene i Algerie, EPA, har gong på gong søkt til myndigheitene om godkjenning, men saka deira er framleis ikkje behandla. I praksis gjer dette at alle kristne samlingar og bruk av kyrkjene vert rekna som ulovleg.
Fengselsstraffa til Hamid Soudad er eit grovt brot på trusfridomen som algeriske myndigheiter ifølgje grunnlova garanterer sine innbyggjarar. Angjeveleg er 99% av befolkninga i Algerie muslimar og landet har eit lovverk som vernar hovudreligionen mot fornærmingar, noko som både strider mot grunnlova og internasjonale konvensjonar som landet har underteikna.
Bli med og send appell for å kreve at Hamid Soudad og dei andre som er fengsla under blasfemilovene vert sett fri straks, at den systematiske nedstenginga av kyrkjer stansar, og at EPA vert godkjent som lovlig trussamfunn av myndigheitene.
Kjelde: Middle East Concern