5. mars 2020 vart Sergei Filatov dømd til seks års fengsel i ein arbeidsleir og fem år med andre restriksjonar, mellom anna for å ha diskutert religiøse tema og bedt saman med vener og familie. Firebarnsfaren vart dømd for å ha deltatt i verksemda til Jehovas Vitner, som er ein bannlyst organisasjon i Russland. Artyom Gerasimov vart òg dømd til seks års fengsel for å ha møtt med andre for å diskutere Bibelen. Gerasimov insisterer på at han er uskuldig og har ikkje vore involvert i den lokale Jehovas Vitner-organisasjonen sidan 2017. Begge vart overført frå Krim-halvøya til Russland og må sone dommen i eit fengsel som bryt med FNs minimumskrav for behandling av fengselsfangar.
Høgsteretten i Russland bannlyste Jehovas Vitner i 2017 og kalla organisasjonens verksemd for ekstremisme. Staten har overtatt alle organisasjonens eigedelar og selt dei. Organisasjonen er eit av dei mest forfølgde trussamfunna i Russland i dag. Medlemmene har vore under eit enormt press dei siste åra. Mange vert tiltalt og fengsla for å praktisere religionen, russisk politi bryt seg inn og plyndrar heimar, og fleire av medlemmene bekreftar å ha blitt torturert på ulike måtar.
I 2014 okkuperte Russland Krim-halvøya, og innførte ei lov for å forhindre ekstremisme. Den russiske grunnlova seier at alle skal ha rett til religions- og trusfridom, men fordi definisjonen av ekstremisme er relativt vag, har myndigheitene fått mykje rom til å forfølgje ulike trussamfunn og stemple dei som ekstreme.
Filatov og Gerasimov har med rette kun praktisert trus- og religionsfridomen, men er stempla som ekstremistar. Dersom dei ikkje får rettferdig behandling står dei i fare for å måtte tilbringe dei neste seks åra i fengsel som samvitsfangar, vekke frå familien.
Bli med og send appell til dei russiske myndigheitene for å krevje rettferdig behandling og frikjenning av Filatov og Gerasimov, og at den systematiske forfølginga av Jehovas Vitner i Russland stoppar.