Xi Jinping vil knebla kyrkja med dynamitt, direktiv og fengsel - Stefanusalliansen

 

Kina*   

Xi Jinping starta det nye året med å innføra eit  nytt direktiv om patriotisme. Religiøse leiarar blir pålagde å forkynna hans patriotisme, eller som det heiter: «Vårt lands religiøse krinsar må læra, tenkja og praktisera Xi Jinpings tankar om sosialisme med kinesiske karakteristikkar for ein ny æra...». 

Direktivet slår fast at kommunistpartiet skal styra alle dei fem godkjende religionane: Protestantisk kristendom, den katolske kyrkja, buddhisme, islam og taoisme. Det leverer skryt av «historia om einskapen og kampen til vårt lands religiøse krinsar under leiing av det kinesiske kommunistpartiet...»

Ikkje eit ord, sjølvsagt, om forfølginga av kristne, tibetanske buddhistar og muslimar, aller verst under den blodige Kulturrevolusjonen frå 1966-1976: Då var også den statskontrollerte, protestantiske Tre sjølv-kyrkja forboden, og prestar vart forviste eller fengsla.

Strammar skruen
Etter eit par tiår med friare levekår for truande har diktatoren Xi Jinping dei siste åra brutalt stramma skruen. Den sterke kristne veksten har gjort kommunistpartiet redd for at kristendomen blir dominerande – og ei trugande ideologisk kraft. Kommunistpartiet toler heller ikkje forsamlingar utanfor partikontroll.

Styresmaktene gjorde det dei kunne for å bremsa julefeiringa. Men både registrerte, statskontrollerte kyrkjer og uregistrerte kyrkjer – som vil halda seg langt unna statsmakt – heldt  julegudstenester. I sosiale media blei det diskret delt historier om dåp i jula.

Pastor Wang Yi i fengsel, saman med kona Jiang Rong som sat fengsla i fleire månader etter razziaen i desember 2018. Foto frå Facebook/Early Rain

Stengde kyrkjer
I januar 2018 blei ei stor uregistrert kyrkje i Shanxi-provinsen sprengt med dynamitt. Støvskya var eit dystert varsel.

Den 1. februar 2018 kom ei kraftig innskjerpa religionslov. Store uregistrerte kyrkjer som hadde etablert seg på gateplan i store byar, blei stengde med makt. Dei må innordna seg i den registrerte Tre Sjølv-kyrkja, eller få kroken på døra. Det er blitt kroken på døra for alle.

I desember 2018 kom ein stor politiaksjon mot ei avdesse, Early Rain i Chengdu i vest. Pastor Wang Yi sonar ein dom på ni års fengsel. Han er funnen skuldig i å ha hissa opp folk til undergraving av statsmakta og stått for «ulovleg forretningsverksemd». FN har slått fast at fengslinga av Wang Yi vert ramma av forbodet mot vilkårleg fengsling. Gjer Noreg noko for han?

Wang Yi skreiv i eit testamente før politiaksjonen at Kinas herskarar hadde gått til krig mot trua, men at dei «ikkje kan vinna over menneskets sjel».

Har gått under jorda
Dei uregistrerte kyrkjene som er stengde, møtest i mindre grupper – under jorda. I Christianity Today skriv professor Fenggang Yang at forsamlingar på hundrevis blir for lette å ta. Men grupper på dusinet er råd å samla. Når politiet sporar dei opp, vankar det bøter, trakassering og arrestasjonar. Politiaksjonane fører så til at folk møtest ein annan stad neste gong, skriv Yang. Han kallar dette «ein gerilja-strategi». Maktar  jaktar levande mål. Då Early Rain-kyrkjelyden før jul ville markera femårsdagen for razziaen med eit digitalt bønemøte, gjorde politiet alt dei kunne for å sabotera det.

Gudstenester på nettet er forbode, men ivrige kristne finn støtt vegar. Bibelen har kinesiske kristne alltid med seg, den vert lesen i filler.

Ein kross på ei kyrkje i Zheijang blir riven ned. Foto: China Aid

Riv ned krossar
Det har gått hardt utover den statskontrollerte Tre Sjølv-kyrkja også: Der folk ikkje vil innordna seg, er kyrkjebygg blitt stengde, jamvel jamna med jorda. Tusenvis av krossar er rivne ned og erstatta med kinesiske flagg. Xi-propaganda vert tvinga inn i gudshusa. Kritiske prestar vert fengsla, andre tilpassar seg - på ulike måtar. Katolske kyrkjer er fleire stader gjorde om til samfunnshus.

Nye folk er plasserte i leiinga for Tre sjølv-kyrkja. Men det slår ulikt ut frå provins til provins. Makta er definitivt hardast i klypa i sentrale provinsar. Det kjem framleis litt meir positive historier frå andre provinsar, utan at eg – av tryggingsgrunnar – kan namngje ei einaste personleg kjelde.

Men overalt veg kyrkjefolk orda sine. Dei droppar arbeid for barn sidan det er aldersgrense på 18 år i kyrkjer (og moskear). Ingen slepp utanlandske gjester til på ein preikestol, i alle fall ikkje i ei offisiell gudsteneste.

Full politisk kontroll
Politikken som Xi Jinping har ført sidan 2017, framstilt som at kristendom (og annan religion} skal få «kinesiske særtrekk». Men det avgjerande for Xi er ikkje ikkje ein kristendom med kinesiske særtrekk, men full partikontroll med alle religionar, skriv Fenggang Yang.

Xi Jinping står for den verste forfølginga av kristne og andre truande sidan kulturrevolusjonen. Samstundes har Noreg gått på gummisålar i møte med Kina. Forfølginga av uigurar er møtt med norsk kritikk. Men norske politikarar har vore påfallande tause om forsøket på å knebla kyrkja og all religion.

Kinesiske kristne bur seg på varig forfølging. Dei slit med den politiske jernhanda kvar dag, men har også god erfaring i å finna vegar rundt høge politiske hinder.

I dag og i morgon er utanriksminister Espen Barth Eide i Kina. Blir forfølginga av truande gløymt på ein dagsorden full av storpolitikk? Eller vil utanriksministeren snakka tydeleg om fengsla pastorar, rivne kyrkjebygg og propagandakrav til prestar?

FØRST PUBLISERT I DAGEN, 2.2.2024

AKTUELT