‘Vi må ta oppgjer med både islamsk og kristen ekstremisme’ - Stefanusalliansen
Muslimske lærarar var med i demonstrasjon mot misbruk av blasfemilova då Human Friends ORganization (HFO) samla kyrkjeleiar og sivilsamfunn i Lahore den 8. juni. Heilt til høgre Sajid Christopher i HFO.

Muslimske lærarar var med i demonstrasjon mot misbruk av blasfemilova då Human Friends ORganization (HFO) samla kyrkjeleiar og sivilsamfunn i Lahore den 8. juni. Heilt til høgre Sajid Christopher i HFO.  

Pakistan   

Oppgjer med ekstremisme og vald i islam blei meir truverdig når oppgjeret også gjeld ekstremistisk misbruk av kristen tru.

Eit nytt tragisk angrep ramma eit kristent nabolag i Pakistan. Ein kristen skomakar i Sargodha hadde ved eit uhell sett fyr på ein koran som saman med anna papirsøppel hadde blåst inn på tomta hans under eit uvêr. Naboen nekta å godta ei orsaking. Han skulda Masih for blasfemi og tilkalla ekstremistvenene i partiet TLP. Nazir Masih blei lynsja til døde. Familien må bu på hemmeleg adresse. Påkjenninga på enka, Allah Rakha, var så stor at ho døydde av traumet.

Politiet fekk denne gongen hindra at heile nabolaget vart brent ned, motsett då politiet svikta og 90 heimar og innpå 25 kyrkjer vart brende i Jaranwala i august i fjor. Det som gir håp er at kyrkjer og heimar I Jaranwala er bygt opp att med offentleg hjelp.

Det som ikkje gir håp at politiet har svikta i jakta på dei skuldige. Ekstremistane har med guddommelege dødstruslar diverre eit nakketak på lågare delar av politi- og rettsvesen. Sidan regjeringa har godteke å rekna TLP som eit politisk parti og ikkje ein terror-organisasjon, får ekstremistane mobilisera i moskear og media.

Blasfemi-paragrafane med dødsstraff er ei forbanning for Pakistans religiøse minoritetar. For kvart einaste angrep stig frykta i det vesle kristne samfunnet som etter folketal er utsett for uforholdsmessig mange angrep. Hinduar, sikhar og ahmadyaer er også under angrep.

Samstundes er det viktig å vita: Av dei 329 som i fjor blei tiltalte, formelt eller uformelt, for brot på blasfemi-lovene, var tre av fire muslimar. Halvparten av desse var sjia-muslimar, under hardt press i eit sunni-dominert land.

Nazir Masih (73) blei lynsja til døde av ekstremistar som skulda han for blasfemi. Enka Allah Rakha døydde nokre dagar seinare, truleg av traumet som angrepet påførte henne.

Sunni-muslim lynsja til døde
Ein knapp månad etter at Nazir Masih blei drepen, blei ein sunni-muslimsk mann lynsja til døde i Swat-dalen i nordvest. Ekstremistane skulda også han for å ha vanæra Koranen. Då politiet nekta å utlevera den arresterte, braut mobben seg inn på politistasjonen. Den blasfemi-skulda blei slått i hel. Liket og politistasjonen blei tent på.

Det er diverre straffefritt å kasta falske blasfemi-skuldingar over uskuldige. Ingen er avretta etter dødsdom. Men på 30 år er minst 96 drepne av ekstremistar etter skuldingar om blasfemi.

Radikal og valdeleg islam er ei svepe over mange land. IS-bestialiteten har tvinga ein del islamske lærde til oppgjer med farlege koran-tolkingar. Men mange har framleis ein lang veg å gå før dei har teke tilstrekkeleg oppgjer med koranvers som inspirerer til vald og livsfarleg misbruk av blasfemilover. Det er ikkje truverdig å seia at «dette ikkje har noko med islam å gjera».

 

Ingen er avretta etter dødsdom. Men på 30 år er minst 96 drepne av ekstremistar etter skuldingar om blasfemi.

 

Modige muslimar
På den andre sida: Vi må verdsetja dei muslimane som vågar å stilla seg på offera si side. I Jaranwala i Pakistan gjorde muslimske naboar i fjor sitt til at livredde kristne kom seg unna då mobben var på veg. Det finst advokatar og høgsterettsdommarar som tek ekstremistar i kragen.

Vår afrikanske partner Procmura ser det som eit kristent kall å arbeida for betre forhold mellom kristne og muslimar. Som i Nigeria. Med materiell frå oss har dei lært opp folk som underviser andre om trusfridom som ein rett for alle.

På ein barneheim i den sørlege delen av delstaten Kaduna bur barn som har mista foreldra i ein blodig konflikt om beiteland kontra jordbruksland. Bak mange av drapa står ein tungt væpna, islamistisk milits frå det for fleirtalet sitt vedkomande fredelege gjetarfolket fulani.

Dei fleste foreldrelause på barneheimen er kristne. Eit team frå Procmura – både kristne og muslimar – kom med hjelpepakker. Under besøket våga kristne barn for første gong å ta muslimske barn i handa. Dei forstod at ikkje alle muslimar er ute etter å drepa kristne.

 

Under besøket våga kristne barn for første gong å ta muslimske barn i handa. Dei forstod at ikkje alle muslimar er ute etter å drepa kristne.

 

Kirills ekstremisme
Men religiøs ekstremisme er ikkje berre islamistisk. I India blir muslimar – saman med kristne – forfølgde av hindunasjonalistiske ekstremistar. I Myanmar fyrer ekstreme buddhistmunkar opp hat mot muslimar og kristne.

Men kristne går ikkje fri freistinga. Den russisk-ortodokse patriarken Kirill har erklært overfallet på Ukraina som «heilag krig» og «lovd» soldatar som døyr, plass i himmelen. Martyrideologien hans er i grunnen den same som martyrideologien til IS.

I 2014 starta Putins angrep på Ukraina, legitimert av kyrkjeleg ekstremisme. I august same året prøvde IS å utrydda jesidiane i Irak og deretter jaga kristne frå Mosul og Ninivesletta med trussel om død. Ti år etter er det tid for fleire oppgjer med religiøs ekstremisme som legitimer krig og terror.

Endetidsdrap
Den afrikanske partnaren vår, Procmura, veit mykje om islamistisk terror i Afrika. Nyleg gjekk Procmura tungt inn i ein annan tragedie. Ein kristen pastor i Shakahola i Kenya er tiltalt for drap, også av barn. Han manipulerte kyrkje- eller sektmedlemmene til å svelta seg til døde i ei grufull og misforstått endetidsforventning.

Kyrkjeleiarar ser no at dei må stå til ansvar for kvarandre for å stoppa ekstremistar og sjarlatanar. Det er for lett å manipulera fattige ut i farleg leiardyrking og ekstreme handlingar. Å erklæra at dette ikkje har noko med kristendom å gjera, er for lettvint.

Det må setjast opp stødige gjerdestolpar for teologi og leiarskap for å hindra at også kristendom blir misbrukt til ekstremisme og overgrep.

Det er all grunn til å kjempa mot islamsk, hindunasjonalistisk og buddhistisk ekstremisme. Men den kampen blir meir truverdig når det blir teke tydelege oppgjer også med ekstremistisk misbruk av kristen tru og tanke.

 

FØRST PUBLISERT I DAGEN 28.6.2024

AKTUELT

Prosjekt