– Vi er for naive i møte med islamsk ekstremisme - Stefanusalliansen

 


I fem år, fram til 2014, var Carl Schiøtz Wibye norsk ambassadør i Saudi Arabia. I dag er han pensjonert etter 40 år i utanrikstenesta.

Han har skrive boka «Terrorens rike – hvordan en valdelig sekt fra den arabiske ørkenen radikaliserte islam». Han dokumenterer wahabismen – statsreligionen i Saudi Arabia – som ein svært nidkjær versjon av islam, klekt ut på 1700-talet. Han skildrar korleis Saudi Arabia som rik oljestat frå 1970-talet brukte store midlar til å spreie nettopp wahabismen til andre delar av verda. Den globale propaganda-kampanjen har resultert i IS, Al Qaida og Taliban.

I dag er Saudi Arabia arnestaden for mykje av radikaliseringa av islam. Det er ei radikalisering på alle plan – i kvinnesyn, synet på menneskerettar generelt. Og det er ei islamistisk retning som legitimerer vald.

Dei største pengestraumane til wahabistisk misjon blei redusert i 2003. Ein del radikale misjonærar blei vingeklippa. Men det var, skriv eks-ambassadøren, for lite og for seint.

Han samanliknar wahabismen med ein tsunami i sakte film. Sentrum er roa ned, men dei ekstremistiske bølgjene er framleis heftige etter 40 års iherdig propaganda.

Døyr ut
I eit kapittel i boka noterer han seg for at kristne er «en utdøende rase» i Midtausten. Han ser Irak nestent tømt for kristne og den kristne folkegruppa i Syria er under press. Vi ser aukande valdelege angrep på den koptiske minoriteten i Egypt, seinast palmesøndag med to sjølvmordsbomber som drap 49 menneske i to koptiske kyrkjer – i Tanta og Aleksandria.

– Koptarane er ein levedyktig minoritet, men ikkje meir. Dei vert prosentvis færre. Eg ser inga framtid for kristne i Syria, særleg dersom opposisjonen vinn. Assad-regimet er eit kriminelt regime, oppsosisjonen er radikalisert og den liberale sida er taparen.

– Er kristne i arabiske kjerneland forfylgde i seg sjølv?

– Nei, det har dei ikkje vore. Men no er det dei. I eit multikulturelt samfunn kan folk leve med latente konfliktar. I Bosnia var situasjonen avslappa før krigen. Men så var det, som ein har sagt, nokon som «slo av lyset». Då skjedde dei mest grufulle ting. 70 000 menneske blei drepne. Multikulturelle samfunn er ikkje farlege i seg sjølv, men det skal lite til for å tenne gnistar. I tider med økonomiske eller andre kriser utgjer multikultur ein tilleggsrisiko.

Overleve
Schiøtz Wibye meiner det er viktig å hjelpe dei kristne samfunna til å overleve i Midtausten.

– For Guds skuld, la dei ikkje bli borte i det stille. Men situasjonen for dei kristne i mange land i Midtausten er ein vanskeleg balansegang. Det er dei lokale kristne som må seie kva som er rett måte å hjelpe på slik at dei ikkje blir sett på som forrædarar, som vestlege agentar. Seier dei at dei ikkje kan ta imot hjelp, kan vi ikkje gjere noko. Seier dei at ein kan støtte ein eksilorganisasjon, er det bra. Spør dei: Kva kan vi gjere for dykk?

– Er du etter å ha levert ein slik sterk advarsel mot ekstrem islam, enig med dei som hevdar at islam i seg sjølv er ein valdens religion?

– Islam er ikkje ein meir valdeleg religion enn kristendommen. Innan islam finn vi fredelege retningar som sufismen. Ahmadiyya.muslimane er fredelege.

– Men dei blir ikkje anerkjent verken av shiamuslimane eller sunnimusliamen som muslimar?

– Nei. Men like fullt: Dei viser at det er fullt mogeleg med ei fredeleg tolking av islam. På spørsmål om islam er ein valdens religion eller ein fredens religion, svarar eg: Ja. Kristendommen hadde krosstoga. Olav den heiage stilte folk i møte med valet mellom å bli kristne eller få hovudet kappa av. Akkurat no er islam inne i ein valdeleg fase, diverre, seier Schiøtz Wibye og legg til:

– Islamistar som tolkar islam som valdens religion, er dei vi må bekjempe, seier Schitz Wibye og poengterer:

– Det dummaste er å seie at islamistisk ekstremisme, som IS, ikkje har noko med islam å gjere. IS er ein avart av islam. Utan samanlikning elles: det er farleg å seie at Jehovas Vitne ikkje er ein del av kristendommen. Ved å seie at IS ikkje har noko med ilam å gjere, fråtek du muslimar ansvaret for å gjere noko med IS og den valdelege utgåva av islam som IS representerer. Muslimane må gjere noko med den radikale islamismen. Vi ser nokre modige stemmer, også her i landet.

 Naive
– Du skriv i boka di at ingen har hindra muslimske innvandrarar i Europa å ta vare på religionen og verdiane sine, medan situasjonen for kristne i mange muslimske land, særleg i Midtausten, er heilt annleis. Er vi for liberale?

– Vi er i alle fall for naive. Eitt krav vi kan setja er at det som skjer i moskeane må vere på norsk slik at vi kan følgje med på kva imamane forkynner.

– Er du optimist eller pessimist?

– Eg meiner dette ligg heilt på vippen. Eg håpar at islamismen blir knekt. Her heime hadde vi AKP som trua med å drepe kapitalistar. Dei hadde mange parallellar til islamismen, sjølv om AKP ikkje hadde våpen. Men dei støtta grufulle valdsregime som Pol Pot i Kambodsja og Maos Kina. Sjølv fekk AKP aldri tak her heime. Eg håpar det same skjer med den radikale islamismen. Men det vil renne mykje blod i mange land før det skjer. Ein viktig skilnad på radikale islamistar i dag og Nasjonal Samling på 30-talet er at islamistane ikkje har ei stormakt bak seg. Dei har derimot eit propagandaapparat som er langt større enn nazistane sitt. Men Saudi Arabia har fått økonomiske problem. Det beste som kan hende er at Saudi Arabia går konkurs, for då mistar islamistane den viktigaste pengekjelda. Men då går diverre Noreg også konkurs, seier Schiøtz Wibye.

– Du skriv i boka at islamistane først ville fjerne Israel og så dei kristne frå Midtausten, men at det no let til at dei har bytt om på rekkjefølgja. Kva rolle spelar Israel i dette?

– Israel har vore misbrukt av dei arabiske landa, som orsaking for mykje av det gale dei har gjort. Konflikten med Israel har dekt over store feil og manglar i dei arabiske landa. Israel er trass alt det einaste fungerande demokratiet i Midtausten. Den israelsk-palestinske konflikten spelar for dei arabiske landa ein større rolle i propagandaen enn på bakken. Palestinarane blir stemoderleg behandla og brukt medvete politisk. Israelarane på si side som heile tida må forsvare seg, blir sjølve radikaliserte under presset, seier Carl Schiøtz Wibye.

 

AKTUELT

Prosjekt