Veksande hindupress i Indias naboland Nepal - Stefanusalliansen
 BP Khanal samordnar kyrkjeaktivitet i møte med politi og rettsvesen. 

BP Khanal samordnar kyrkjeaktivitet i møte med politi og rettsvesen.   

Nepal*   

– I dag kan vi også i parlamentet høyra krav om at Nepal må bli ein hinduistisk stat. Slikt var utenkjeleg for nokre år sidan, seier observatørar Magasinet Stefanus snakkar med i Kathmandu. 

Men mange er misnøgde med systemet og manglande utvikling. Presset frå naboen India er også merkbart. 

Offisielle tal fortel at 85 prosent av folket er hinduar. Den kristne advokaten Kailashman Sashankar meiner det reelle talet er kring 50 prosent. Nepal kvitta seg med hindukongedømet i 2008. Grunnlova frå 2015 er full av sterke motsetnader som rammar minoritetar. 

Grunnlova innførte ein sekulær republikk, men definerer sekularisme som å verna hinduismen – «religion frå eldgamle tider». 

– Den definisjonen må fjernast, seier BP Khanal. Han er pastor, kristen aktivist for trusfridom og nasjonal Nepal-koordinator for eit internasjonalt nettverk av parlamentarikarar for trusfridom. 
 

Forbyr konvertering
Grunnlova slår fast trusfridom, men forbyr konvertering – som har fått eit kategorisk forbod i straffelova. Paragrafen kan brukast mot ei lang rekkje legitime måtar å uttrykkja trua eller livssynet sitt på. Straffelova forbyr også å «opprøra religiøse følelsar». 

– Blasfemiparagrafen er endå meir alvorleg og må fjernast. Det er uråd å forsvara seg når nokon påstår at dei har fått religiøse følelsar krenka, seier BP Khanal. 

Han er svært uroleg over at mange politikarar i demokratiets namn no driv kampanje for å få tilbake hindustaten og kongedømet.  

– Det forsterkar religiøs og kulturell nasjonalisme. Vi ser det same i India og Pakistan. Dette er farleg for demokratiet. Dei som ropar hindunasjonalistiske slagord, skadar og splittar og undertrykkjer folks rettar. Nepal er blitt eit eksperiment for India som ønskjer at Nepal igjen blir ein hindustat, seier BP Khanal. 

 

Dei som ropar hindunasjonalistiske slagord, skadar, splittar og undertrykkjer. 

BP Khanal 

 

Ekstremistar i framgang 
Nepal er langt meir fredeleg enn India, som har hatt sterk vekst i mobbangrep mot kristne og muslimar. Men Nepal har fått fleire hindunasjonalistiske, ekstreme organisasjonar. Slike organisasjonar – som den kjende og frykta RSS – har kome over den opne grensa frå India. Desse skaper aukande uro for angrep på kristne og andre minoritetar. 

– Seriøse hinduistiske leiarar godtek folks rett til å bytta religion. Men ekstremistiske grupper er korrupte og farlege, seier BP Khanal om erfaringar frå religiøs dialog. 

Tanka Subedi i Church Alliance Nepal er meir uroleg for sprengkrafta i eit ikkje gjennomført rettsoppgjer etter den brutale borgarkrigen mellom maoistopprørarar og staten mellom 1996 og 2006. 

Men den tidlegare dommaren i Supreme Court, Nepals øvste domstol, Salahuddin Siddiqui, er djupt uroleg for påverknaden frå India og hinduekstremismen. Han fryktar vald. 

– Nepal er ein sårbar situasjon som raskt kan endrast.  

Den pensjonerte dommaren, som sjølv er muslim, har publisert skrifter om hinduisme, islam og kristendom for å visa at alle har rett til trusfridom og at dei heilage tekstane til kvar religion gjev grunnlag for fredeleg samkvem. 

Han er klar på at trusfridommen er meir enn retten til å be heime eller møtast i eit gudshus. 

– Vi må vera tydelege på religionsfridom også inneber rett til å dela og utbreia trua utanfor heimar og gudshus, seier den muslimske dommaren. 

Kailashman Sashankar er kristen advokat i Nepal og gjer sitt til forsvaret av fengselsdømt pastor.

Framsteg – og uro 
Pastor Vijay Thapa er generalsekretær i Nepal Baptist Church Council med 287 medlemskyrkjer. Han seier at baptistkyrkjene legg vekt på gode relasjonar til hinduistiske naboar. 

– Vi forkynner, men tvingar ingen til tru. Dersom nokon tek imot Kristus og vil døypast, let vi slektningane deira stå for rituala, seier Thapa. 
 
Nokre framsteg er det. Den 24. desember blei  i 2016 anerkjent som nasjonal heilagdag. Og i område med mange kristne, gir fleire lokale styresmakter også økonomisk støtte til kyrkjebygg, fortel Tanka Subedi i Nepali Church Alliance. 

– Dersom vi treng vakthald, stiller politiet opp. Problemet er at dersom nokon varslar politiet og hevdar at det som skjer i kyrkja, er konvertering, kan vi bli arresterte for det same som politiet vaktar, fordi politiet er pålagt å etterforska alle rapportar. Folk som vert henta inn av politiet, kan sitja ein månad i varetekt før dei vert sende til retten eller blir sette fri, legg Subedi til. 

 

Kyrkja til pastor Keshab Acharya som er dømt til to års fengsel for påstått tvungen konvertering etter å ha delt ut traktatar. Foto: privat

AKTUELT