Kristen uvisse og frykt for framtida under militsar i Syria - Stefanusalliansen
Umayaade-moskeen, det sentrale muslimske hellige stedet i Damaskus, Syria

Umayaade-moskeen, det sentrale muslimske hellige stedet i Damaskus, Syria  


– Vi er ferdige med den kriminelle Assad. Men eg er ikkje sikker på framtida med desse folka som har teke over. Det seier George Andrea i Bibelselskapet i Syria. 

Han bur og arbeider i Aleppo, storbyen i nord. Aleppo var den første byen opprørarane tok over då dei på 12 dagar fekk Assad-regimet til å ramla som eit korthus. 

– Kva ventar det oss? Vil dei akseptera oss, slik dei har forsikra oss om at dei vil? Eller vil det skje med oss som det skjedde kristne som i Irak? Vi kjenner røtene deira, det er fundamentalistisk islam, som IS. Er det det som ventar oss, seier Andrea i eit videointervju. 

 

Vi kjenner røtene deira, det er fundamentalistisk islam, som IS. Er det det som ventar oss? Eller vil dei verna oss slik dei har forsikra oss om?

George Andrea

 

 

Forsikra kristne
Frå Duhok i den sjølvstyrte kurdiske regionen i Irak følgjer Emanuel Youkhana i hjelpeorganisasjonen Capni situasjonen i nabolandet Syria med falkeblikk. Han rapporterer frå nettverk av kontaktar i Qamishli i den sjølvstyrte kurdiske regionen nordaust i Syria. Desse kontaktane stadfestar rapportane om at militsane som tok over Aleppo, forsikra om tryggleik for kristne og for kyrkjer, og at kristne ikkje var under angrep.  

– Militsane oppmoda kristne til å bli verande i Aleppo. Venene våre fortalde også at det ikkje var registrert overgrep, bortsett frå vandalisering av eit juletre, ei sak som vart ordna av militsleiarane. 

200 kristne studentar som gjekk på universitet i Aleppo, blei evakuerte trygt heim til familiane sine i den kurdiske regionen. Dette vart koordinert med kyrkjer i Aleppo og militsleiarar, fortel Youkhana. 
 

Fryktar nytt Irak
Han samanliknar med situasjonen i Irak etter 2003: Den amerikanske invasjonen velta Saddam Hussein og overlet makta til sjia-muslimske krefter. To-tre år seinare blei det borgarkrig og mange blodige militsangrep på kristne, lenge før IS kom i 2014.  

Youkhana minner også om den massive flukta frå Syria, både av kristne og muslimar, i dei første åra av borgarkrigen frå 2011. Talet på kristne i Syria er kanskje halvert sidan 2011. Youkhana er redd for ei ny bølgje på flukt. 

Jihadistar
– Militsane som no har kontroll, er hovudsakleg radikale islamske jihadistgrupper utan klare politiske referansar. Det er eit mangfald av ideologiar og organisasjonar. Dei har vore samla om det eine målet: å styrta regimet. Etter å ha oppnådd dette, har vi ingen garantiar for at dei vil forbli samde om retninga for Syria. Tvert imot er det sannsynleg at dei vil engasjera seg i konfliktar og kampar om kontroll, seier Youkhana. Han legg til: 

– Blant desse gruppene er det dessutan væpna jihadistiske element som ikkje er syriske, men kjem frå Tsjetsjenia, Sentral-Asia og andre regionar 

Han noterer at det på fredeleg vis er etablert ei overgangsregjering. 

– Men det er framleis grunn til uro for tryggleiken, for spreiing av våpen, for misbruk av våpen. 

Frukt og uro i nordaust
I dei sjølvstyrte kurdiske områda i nordaust er det Den syriske demokratiske styrken (SDF) som rår. Youkhana spør om dei nye leiarane i Damaskus vil sjå på SDF som ein politisk partnarar i det nye Syria. 

– Eller vil dei nye leiarane seia som Tyrkia – at SDF er ein terrororganisasjon som ikkje skal ha nokon plass i Syria?

Det er grunn til uro og frykt for framtida både for kristne og andre minoritetar og for Syria som stat. 

– Frykta blant kristne er uttalt og alvorleg, seier Youkhana.  

 

Frykta blant kristne er uttalt og alvorleg

Emanuel Youkhana

 

USA blir? Eller dreg?
Youkhana spør om Syria vil enda opp som ein kopi av Libya etter Mohammar Gadaffis fall. I dag er Libya, etter borgarkrigen mellom 2014 og 2020, delt mellom to maktsentra – hovudstaden Tripoli og byen Benghazi. 

– Vil vi få to maktsentra i Syria – Damaskus og kurdiske Qamishli? Eller vil det kurdiske sjølvstyret bli forsøkt rive ned av Tyrkia og tyrkisk støtta grupper? Dette spørsmålet er ikkje minst interessant fordi det er usikkert om den nye amerikanske administrasjonen vil stå fast ved at USA støttar SDF og blir verande i nordaust-Syria. 

Youkhana er redd for at det uansett blir væpna konfliktar og at det er sannsynleg at folk, også kristne, blir fordrivne frå dei kurdiske områda i nordaust til nabolanda, særleg til Libanon. 

–  Vil regionale og internasjonale oppfordringar til stabilitet, sosial fred og vern av syriske minoritetar vere tilstrekkelege for å beroliga dei? Vil oppfordringane bli omsett til politisk press og forpliktingar? Det veit vi ikkje. Her er det mange spørsmål som står utan svar.  

Andrea blir i Aleppo
Også George Andrea i det syriske bibelselskapet er usikker. Men han har ingen planar om å dra nokon stad. 

– Bibelselskapet har vore her i 75 år. Vi vil bli verande, for å endra folket gjennom Bibelen, Guds ord. Sjølv vil eg arbeida her og finna måtar å arbeida på med dei nye leiarane på. Eg vil fortelja dei om Bibelen, om Jesus Kristus. Så får vi venta og sjå kva dei vil gjera, seier Andrea. 

Han legg til: –  Vi vil visa muslimane kjærleiken vår. Det er ikkje vår veikskap at vi elskar muslimane, det er vår styrke, fordi Jesus Kristus elskar heile folket mitt.   

 

Det er ikkje vår veikskap at vi elskar muslimane, det er vår styrke, fordi Jesus Kristus elskar heile folket mitt.   

George Andrea
 

Ber Vesten stilla opp
Andrea sender fleire stikk til vestlege land. Han spør om «dette er prisen vi må betala for det Netanyahu gjer i Gaza og Libanon». 

– Vesten har feila i Afghanistan, Irak og Libya. No kan det same skje med Syria som med Libya. Kvifor byggjer ikkje Vesten heller sjukehus og universitet i desse landa? Vil Vesten stilla opp for Syria? Eg håpar Vesten stiller opp for å byggja det nye Syria, seier han og legg til: 

– Eg for min del stolar ikkje på nokon andre enn Jesus Kristus. Det er fordi eg stolar på Han, at eg er i Syria. 

– Korleis vil jula bli i år? 

– Eg håpar at Jesus blir fødd på ny, i oss. For å få oss til å sjå den andre.  At Jesus gjev oss ny kjærleik. Eg håpar at folk ser Jesus gjennom meg. Eg håpar at folk som har flykta, kjem tilbake til Syria, det gjeld både kristne og muslimar.  

AKTUELT

Prosjekt