Libanon: Ulukkeleg ekteskap mellom religion og politikk - Stefanusalliansen
Den katastrofale eksplosjonen i Beirut 4. august 2020 viste hvor knoppurt og vanstyrt Libanon er.

Den katastrofale eksplosjonen i Beirut 4. august 2020 viste hvor knoppurt og vanstyrt Libanon er.  


«Dersom situasjonen i Libanon blir som den er, vil landet døy.» Så dyster var ein evangelikal kyrkjeleiar etter møte med pave Frans i starten av juli.

Paven samla katolske, ortodokse og protestantiske kyrkjeleiarar frå Libanon. Situasjonen er desperat. Landet går i oppløysing.  Paven bad kyrkjeleiarane snakka med éi stemme til dei politiske leiarane. Det er enklare sagt enn gjort.

Den økonomiske situasjonen er den verste på 150 år, fortel Verdsbanken. Køane ved bensinstasjonane er lange. Apoteka går tomme. Til ei kyrkje Stefanusalliansen stør i Beirut, har hundrevis av fattige libanesiske familiar kome for å få hjelp.

Landet står utan regjering. Den førre måtte gå av i august, etter den katastrofale eksplosjonen i Beirut. Det var eit grufullt utslag av vanstyre at over 2700 tonn høgeksplosivt materiale låg lagra i eit bysentrum.

Men medan ortodokse og marionittiske, sunni- og sjiamuslimske og drusiske politikarar kranglar, er meir enn halvparten av folket falle under fattigdomsgrensa. Valutaen er i fritt fall i eit land som også er sterkt belasta av ein straum av flyktningar frå Syria og Irak.

Møtt muslimsk imperialisme
Folket er lærde opp til å røysta ut frå kva religiøs gruppe dei høyrer til. 18 religiøse grupper har sete i parlamentet etter ein formel. Kven som skal ha presidenten, statsministeren, visestatsministeren  og leiaren i parlamentet er grunnlovsfesta.

Det var Frankrike, som blei kolonimakt då det Ottomanske imperiet braut saman under første verdskrigen, som la grunnlaget for det sekteriske politiske systemet som no har feila.

I møte med ottomansk, muslimsk imperialisme svarte koloniherrane frå Frankrike med å gjera den religiøse identiteten til einaste markør. Frankrike ville sikra dei kristne makt og posisjonar, basert på ei folketeljing frå 1932 som viste kristent fleirtal. Folketeljinga har gått ut på dato, men ingen vågar å laga ei ny.

Martin Accademie. Foto: Johannes Morken

Ulukkeleg ekteskap
Slik inngjekk religion og politikk i eit ulukkeleg ekteskap som fekk borgarkrigen som naturleg avkom, påpeikar Martin Accad og Tim Brys ved Arab Baptist Theological Seminary i Beirut.

Mange av dei krigande partane identifiserte seg med ei religiøs gruppe. Folk var muslim eller kristen, ortodoks, armensk, sunni, sjia eller drusar – før dei var libanesarar. 

Slik kunne vi tru at borgarkrigen var ein religionskrig. Kristne kjempa mot muslimar, sjia-muslimar bomba sunni-muslimar og drusarane massakrerte maronittane – i 15 blodige år.

Men borgarkrigen var ingen religionskrig, det var krig mellom ulike stammar med religiøs identitet. For oss utanfor Libanon var det uråd å halda oversikt.

«Nokre av dei blodigaste kampane under borgarkrigen fann stad mellom ulike maronittiske militsar – som det var minst fem av», skriv Accad og Brys.

Verken skilsmisse eller oppgjer
Maronittane er den største kristne gruppa. Kyrkja deira er austleg katolsk, med i den verdsvide katolske kyrkja.

Kampane mellom maronitt-militsane hadde ingenting med teologi å gjera. Når kristne og muslimar gjekk laus på kvarandre, hadde det ikkje noko med synet på Kristus eller gudsbiletet å gjera.

Då borgarkrigen tok slutt i 1990, vart det inga skilsmisse mellom religion og politikk. Avtalen som avslutta krigen vart, skriv Accad og Brys, derimot ei fornying av ektepakta. Krigsherrane slapp ikkje berre unna oppgjer med brotsverka frå krigen, dei vart også den nye politiske eliten. Militsane vart gjorde til maktfaktorar i politikk og byråkrati. Milits-folka tok på seg slips og har kunna sikra ressursar og posisjonar til seg og sine.

Lojalitet til krigsherrane
Veljarane er flaska opp til lojalitet med sine eigne, same kor korrupte dei er. Å røysta på andre enn eigne krigsherrar, vil styrkja andre krigsherrar.

I Vatikanet sa Joseph Kassab – president for dei evangelikale kyrkjene i Libanon og Syria – dette, ifølgje Christianity Today: «Vi er ikkje komfortable i det sekteriske systemet, og takkar Gud fordi vi ikkje er del av politikken som har ført landet vårt til kollaps.»

Leiande evangelikale pastorar har gått i demonstrasjonstog mot vanstyret og ropt ut sterke ord mot korrupsjon. «Vi klandrar våre muslimske og kristne politiske leiarar like mykje. Dette må vi seia høgt», sa Kassab i Vatikanet. Men han la til: «Vi er fanga av systemet».

Kva slags makt?
Eitt av grepa som vart sikra før Frankrike drog frå Libanon, var at presidenten alltid skulle maronittisk kristen. Det er i alle fall eit dårleg vitnesbyrd om kristendom og makt. 

General Michel Aoun, som brukte brutal våpenmakt også mot kristne rivalar under borgarkrigen, blei president etter at han kom tilbake frå eksil i 2005. Han blei det i allianse med sjia-muslimske Hizbollah – som er støtta av Iran. 

Kyrkjeleiarar i Libanon er fortvilte over at Libanon fell frå kvarandre. Den maronittiske patriarken har refsa heile den politiske eliten og kravd Libanons nøytralitet. Han vil bli blitt Irans sterke grep og Hizbollahs militære makt over samfunnet.

Det er det god grunn til å vera samd med han i. Men kva politisk system patriarken ønskjer seg, er uklart. Skal kristne framleis sikrast posisjonar etter ein formel som fordeler makt etter religiøse band?

Kristne må førebu seg på at Libanon blir annleis, sa evangelikale Kattab i Vatikanet. Paven la vekt på at eit nytt Libanon må sikra menneskerettar og ikkje minst trusfridom. Det var meint som eit alvorsord sidan ein iransk støtta shia-milits har grepet om den no fallerte staten.

Kristendom og politisk ansvar
Eitt dilemma er korleis kristne grunnleggjande sett skal ta politisk ansvar. Baptist-teologen Martin Accad i Beirut understrekar at kristne skal nekta lojalitet til alle splittande agendaer – det er med tydeleg adresse til libanesiske politikarar som er kvotert inn frå kvar sine stammar.

Lojaliteten skal derimot vera til Kristus som vart menneske for å hjelpa dei makteslause og marginaliserte. Jesu ord hadde kraft til å endra menneske, samfunn og verda. «Bli politisk – elsk din neste,» skriv Accad.

Å fjerna landet frå stupet krev enorme pengesummar, ufatteleg politisk mot, uvanleg mykje kjærleik – og eit, for Libanon, nytt syn på kristendom og politikk.

FØRST PUBLISERT SOM KRONIKK I DAGEN AUGUST 2021

AKTUELT

Prosjekt