Ukraina: Jakta på kyrkjelege femtekolonnistar - Stefanusalliansen
Patriark Kirill er rasande på den delen av kyrkja hans som braut ut i Ukraina. No prøver president Zelensky å forby den kyrkja som formelt ligg under Kirill.

Patriark Kirill er rasande på den delen av kyrkja hans som braut ut i Ukraina. No prøver president Zelensky å forby den kyrkja som formelt ligg under Kirill.  


Sist veke hadde parlamentet i Kyiv første avrøysting i ei sentral religionspolitisk sak: Fleirtalet røysta for eit lovforslag som opnar for å forby trussamfunn med band til «innflytelseskrinsar» i Russland. Skyteskive er Den ukrainske ortodokse kyrkja (UOK). Ho høyrer til Den russisk ortodokse kyrkja under Moskva-patriark Kirill. 

Russlands snart ti år lange krig mot Ukraina førte alt for fem år sidan til eit dramatisk kyrkjeleg skifte i Kyiv: Delar av UOK braut ut – i protest mot den russiske annekteringa av Krym og okkupasjonen i aust. Dei danna Den ortodokse kyrkja i Ukraina (OKU), med eigen patriark. 

Blodig alvor 
Då den ekumeniske patriarken Bartholomeus gav utbrytar-kyrkja status som sjølvstendig ortodoks kyrkje frå 2019, vart ikkje berre Kirill rasande. President Putin kalla  inn tryggingsrådet sitt: kontroll over ei kyrkje i Ukraina handla altså om nasjonal tryggleik – for Russland. Putin legitimerer overfallet på Ukraina med den grunnlause påstanden at landet er ein del av det russiske riket, etablert med dåpen til Vladymyr av Kyiv i 996. 

Då Putin starta fullskala invasjon, fekk utbrytarkyrkja i Kyiv for blodig alvor demonstrert at brotet var rett. Den gamle nasjonalkyrkja, UOK, kom i skvis: Landet var under brutalt angrep, velsigna av deira eigen patriark i Moskva. 

UOK-metropolitt Onuphrius prøvde å koma seg ut av klemma: Han fordømde krigen og kasta Kirill ut av kyrkjebøna. I mai i fjor erklærte kyrkja seg uavhengig frå Moskva. Men ifølgje charteret til Den russisk-ortodokse kyrkja, som Kirill leier, er kyrkja underlagt patriarken i Moskva. Difor er statusen til kyrkja blitt eit verkjande politisk spørsmål. 
 
Angrep på trusfridommen 

Putins krigsmakt har dramatisk forverra trusfridommen i alle område han har fått kloa i. Alle andre kyrkjer enn den Moskva-styrte blir systematisk diskriminerte. I Donbass har det vore fleire tilfelle av rein vald mot pastorar. 

Spørsmålet er om krigen også vil føra til eit nytt forhold mellom stat og kyrkjer i Ukraina. Trass i at metropolitt Onuphrius distanserte seg frå krigen og Kirill,  har presset for politiske grep mot kyrkja hans auka. 

President Volodomyr Zelenskyv hadde heilt til i fjor haust halde seg unna fleire verserande lovforslag for å forby kyrkja. Eitt av forslaga ville nekta andre kyrkjer enn utbrytarkyrkja OUK å kalla seg ortodoks. 

Vagt og tøyeleg
Lovframlegget som regjeringa har fått fleirtal for i første runde, er annleis og på eitt vis betre betre: Det opnar for forbod mot religiøse organisasjonar som er knytte til «religiøse innflytelsessenter» i Russland. Ein ekspertkomite skal dokumentera lovstridige band før saka blir avgjort av ein domstol. 

Men den ukrainske professoren Dmytro Vovk går i ein artikkel på Forum 18 Newsservice ut mot forslaget: Han påpeikar at omgrepet «band til innflytelsessenter» ikkje er definert og svært tøyeleg. Dersom regjeringa meiner at patriark Kirill eller andre i Moskva får prestar i Ukraina til å utføra illegale aktivitetar, er sjølvsagt inngrep legitimt. Men til slik bruk har Kyiv ei straffelov. Ukraina kan godt mislika liturgiske og historiske band til Moskva. Men så lenge UOK følgjer ukrainsk lov, er det svært problematisk å forby kyrkja. 

Internasjonale standardar for trusfridom stiller strenge krav til statsmakter.  Å forby eller avregistrera eit trussamfunn skal vera aller siste utveg dersom ei kyrkje trugar tryggleiken – og andre tiltak ikkje nyttar. 

Razziaer 
Hausten i fjor gjennomførte tryggingstenesta (SBU) razziaer på fleire kyrkjelege eigedomar. SBU rapporterte funn av russisk propaganda og prov på at enkeltprestar sat med russisk statsborgarskap og fekk pengar frå Putins hær. 

Det vart rapportert dusinvis av saker der prestar hadde rettferdiggjort russisk aggresjon og samarbeidd med russiske troppar i okkuperte område.  Fleire ukrainske prestar er dømde for spionasje eller kollaborasjon. I alle fall to prestar er utveksla med russiske krigsfangar. 

 

Fleire ukrainske prestar er dømde for spionasje eller kollaborasjon. I alle fall to prestar er utveksla med russiske krigsfangar. 

 

Dagens lovverk fungerer altså i jakta på kyrkjelege femtekolonistar. Men å forby ei heil kyrkje krev langt meir enn slike enkeltsaker, påpeikar professor Vovk. Fleirtalet av prestar eller kyrkjelydar og leiarskapen må i så fall vera illegalt involvert. Den ukrainske ortodokse kyrkja består av 11 000 juridisk sjølvstendige kyrkjelydar. Det skal bli krevjande å føra prov for at eit fleirtal driv illegale og trugande aktivitetar, påpeikar han. 

Krav til rettsstaten
Dersom lova skulle bli vedteken, må rettsstaten visa seg tilliten verdig og ikkje falla for freistinga å plukka ut partiske religiøse ekspertar. Undersøkinga av banda til Moskva er alt i gang, utan eit regelverk for val av kompetente og upartiske ekspertar. UOK hevdar at fleire av ekspertane høyrer til utbrytarkyrkja OUK. 

Avgrunn av mistru 
Det er ikkje det minste rart at krigen har påført forholdet mellom Ukraina og Moskva ein avgrunn av mistru som også rettar seg mot patriark Kirill og hans kyrkje. 

Men dersom lova blir sett ut i livet, kan heile forholdet mellom stat og trussamfunn i det vi ønskjer skal vera eit fritt Ukraina, bli endra. 

Å definera eit trussamfunn som nasjonalt trugsmål med band til utlandet er slikt som Vladimir Putin driv. Vi stiller andre krav til Volodomyr Zelenskyv. 

FØRST PUBLISERT SOM KRONIKK I KLASSEKAMPEN 26.10.2023

 

AKTUELT

Prosjekt