Tusenvis døde, kyrkjer kollapsa - Stefanusalliansen
Kwanglim Methodist Church  i Antakya kollapsa. Dette var den protestantiske kyrkja i byen som var eit viktig senter i urkyrkja. Foto: Kwanglim Methodist Church/TEK/Stefanusalliansen

Kwanglim Methodist Church i Antakya kollapsa. Dette var den protestantiske kyrkja i byen som var eit viktig senter i urkyrkja. Foto: Kwanglim Methodist Church/TEK/Stefanusalliansen  

Tyrkia   

Jordskjelvet i Tyrkia og Syria har lagt store område i grus. Dei stadfesta dødstala som tysdag morgon nærma seg 5000, kjem til å stiga kraftig. Fortvilte overlevande leitar etter sine kjære under betongblokker i iskald vinter med snø. Redningsarbeidet er svært krevjande. Øydeleggingane er massive i store område.

Eit team frå ein av Stefanusalliansens partnarar i Tyrkia, First Hope, har kasta seg i bilane på veg mot katastrofeområdet. 

– Be for oss, er meldinga frå vår partner som la i veg på ein fleire hundre kilometer lang biltur.

Slik såg metodistkyrkja i Antakya ut før jordskjelvet. Foto: Kwanglim Methodist Church

Midt i ruinane av den kollapsa kyrkja, Kvanglim Methodist Church. Foto: Kvanglim Methodist Church

I Diyarbakhir, er det store øydeleggingar. Det same er det i Malatya. I begge desse byane er det protestantiske kyrkjer som er medlem Den protestantiske alliansen i Tyrkia (TEK), ein annan partner av Stefanusalliansen.

Lengre sør er det protestantiske kyrkjelydar i Antakia (Antiokia) og Adana og ei husgruppe i Gaziantep, episenteret for det første skjelvet. Frå Antakya blir det meldt at bygget til Kwanglim Methodist Church  er kollapsa. I dette området er eit ektepar som var med i kyrkja, omkomne. Sonen deira overlevde.

Vår partnerkyrkje i den tyrkiske byen Antalya – Antalya Evangelical Church – samlar inn mat, klede og teppe for å reisa til katastrofeområdet.

Den gresk-ortodokse kyrkja i Antakya, Isekenderum-katedralen, kollapsa.

I Antakya ligg også den gresk-ortodokse kyrkja i ruinar. Hos den syriakiske kyrkja (syrisk-ortodoks) ramla taket  og ein vegg ned. Den katolske kyrkja er sterkt skadd.

«Ikkje gløym oss»
 Iranske kristne flyktningar i Tyrkia rapporterer til organisasjonen Article18 at ei har måtta opphalde seg ute i kulde og snø i lange periodar. Sonen har kreft.

 – Etter jordskjelvet sprang vi ut, sa ei åleinemor, Manijeh Adibanfar, til Article18, Stefanusalliansens søsterorganisasjon som arb eider for iranske kristne.

- Be folk som har eit behageleg liv om å hugsa oss og ikkje gløyme oss. Vi som flyktningar har ingen andre enn Gud og dei som ber for oss. Vi hadde allerede nok problem, og så kom jordskjelvet.

Vinterstorm
Vår libanesiske partner Merath fortel at dei tydeleg merka skjelvet i Beirut. Merath har arbeid i Syria. Prosjekta Stefanusalliansen støttar, stader for å sikra barna ein trygg barndom, ligg i dei sentrale delane av landet og rundt Damaskus. Dette er stader som ikkje er ramma av skjelvet. Merath sine medarbeidarar lengre nord i Syria, nærare dei hardt ramma områda, er ikkje skadde.

- Men dei er oppskaka på grunn av skjelvet som dessutan kom midt i vinterstormane. Det er kaldt og snør. skriv Lucas Schindeldecker i Merath.

AKTUELT

Prosjekt