Trudde du berre kristne blir forfølgde i Pakistan? Det er feil - Stefanusalliansen
Minnemarkering i katolsk kyrkje i Jaranwala, eitt år etter angrepet som øydela 25 kyrkjer og 90 heimar.

Minnemarkering i katolsk kyrkje i Jaranwala, eitt år etter angrepet som øydela 25 kyrkjer og 90 heimar.  

Pakistan   

Kristne i Pakistan var i fjor den mest utsette ikkje-muslimske minoriteten i Pakistan. Men også andre minoritetar er hardt ramma av hatefull retorikk og ekstremistisk vald.

Dagen skreiv nyleg (25. juli) ei sak om vekst i angrep på kristne i Pakistan, ofte på grunn av ugrunna påstandar om blasfemi.

Artikkelen kom etter drap på fleire kristne tidlegare i år, mellom andre Nasir Masih i Sargodha. Han vart lynsja til døde etter påstand om at han hadde vanhelga ein koran. Ein mobb på fleire hundre stod bak.

Kristne i Pakistan er knapt nok andrerangs borgarar. 2023 var eit år med vekst i angrep på grunn av blasfemi. I 2023 var den kristne minoriteten mest utsett av minoritetane i Pakistan.

Den 16. august i år markerte kristne i Jaranwala «den svarte dagen» – eitt år etter at ein ekstremistisk mobb vandaliserte og sette i brann eit heilt kristent nabolag den 16. august i fjor. Ingen blei drepne, dei kristne kom seg unna i tide, med hjelp av muslimske naboar.

Angrepet var det verste angrepet mot kristne på fleire år. Tragedien fall i tid saman med eit samrøystes forsøk i nasjonalforsamlinga på å gjera blasfemilovgjevinga enda meir omfattande, eit forsøk som så langt har stranda på manglande signatur frå presidenten.

Angrepet mot Jaranwala forsterka frykta den kristne minoriteten lever under. At dei har fått offentleg hjelp til å byggja oppatt kyrkjer og heimar, er bra. Men ingenting er gjort for å rettsforfølgja mobben eller å stogga ekstremistar landet over. Politietterforskinga har ikkje teke sikte på å straffa dei ansvarlege. Dei fleste av dei over 100 som blei arresterte, er i tur og orden sette fri mot kausjon. I februar i år forkasta  høgsterettsjustitiarius i Pakistan politirapporten, så elendig var den.

Ikkje stilte til ansvar
Det manglande oppgjeret har inspirert til nye angrep.. Ekstremistane blir oppmuntra av at dei slepp unna med det meste. Angrep har djupe og farlege følgjer for ein frå før utsett kristen minoritet. Folk mistar også levebrødet når dei må gøyma seg for mobben.

Dei som kastar grunnlause skuldingar over folk som får liva sine øydelagde, blir aldri straffa.

Samstundes: Det vi som kriste aldri må gløyma, er at blasfemilova i Pakistan også i stor grad vert brukt som våpen mot andre enn kristne. Blasfemiskuldingar blir brukte både mot folk av ei anna tru eller med «avvikande» muslimsk tru, men også som maktmiddel i reine feidar. Å kasta ei blasfemiskulding mot ein motpart i ein jordisk krangel er svært effektivt for å få motparten fengsla.

Alle religiøse minoritetar i Pakistan er under hardt press. Det skjer stadige vandaliserande angrep på gudshusa til ahmadiane som i Pakistan har forbod mot å kalla seg muslimar. I 2023 vart 36 ahmadia-gudshus angripne, samanlikna med dei 25 kyrkjene (alle i Jaranwala). Det viser ein rapport frå pakistanske Centre for Social Justice.

Rapporten fortel også at av dei 329 som blei taua inn av politi og anklaga for blasfemi i fjor, var tre av fire muslimar – halvparten av desse var sjia-muslimar. Sjia-muslimane vert undertrykte og tidvis forfølgde i eit sunni-dominert land. 11 av dei 329 var kristne.

Centre for Social Justice dokumenterer systematisk at kristne, ahmadia-samfunnet og sjia-muslimane er svært utsette for både hatefull retorikk og ekstremistisk vald.

Nyleg førte dødstrugsmål frå ekstremistar til at Pakistans øvste domstol til å fjerne delar av ein tidlegare dom som anerkjende trusfridommen til ahmadiaer i Pakistan. Islamistane reknar ahmadia-muslimane som kjettarar. Ahmadiane har ikkje lov til å kalla seg muslimar.

Ahmadia-muslimen Mubarak Sani vart tidlegare etter anke sett fri mot kausjon, fordi høgsterett fastslo at grunnlova garanterer retten til å praktisera og dela trua si. Pakistanske ekstremistar, leia av partiet TLP, retta  dødstrugsmål mot dommarane utanfor høgsteretts lokale i Islamabad. Dei tre dommarane bøygde av og fjerna dei punkta i dommen som gav ahmadia-muslimen rett til å praktisera trua si.

Høgsteretts kjennelse sjokkerer både menneskerettsaktivistar og kyrkjeleiarar som fryktar verre tilstandar både for ahmadia-muslimar og andre minoritetar.

Muslimar blir drepne
Også sunni-muslimar blir drepne etter påstandar om blasfemi. I februar i år storma ein mobb på minst 50 ein politistasjon for å få klørne i ein muslimsk mann som vart halden av politiet fordi han var skulda for å ha vanæra ein koran. Då politiet nekta å gje han over til mobben, storma mobben like godt politistasjonen. Politifolka måtte flykta for livet, mannen vart lynsja til døde og politistasjonen sett i brann.

Berre i Punjab-provinsen sat 551 fengsla for blasfemi i november i fjor, 45 av dei var dømde. Ein av desse er den dødsdømte kristne firebarnsfaren Asif Pervaiz. Han vart arrestert i 2013 og dømt til døden i 2020. Han ventar og ventar på å få ankesaka opp.

Dødsdømt på femte året
I fengsel i Punjab sit også Junaid Hafeez. Han er muslim og Fullbright-utdanna universitetslærar ved eit pakistansk universitet. Også han vart arrestert i 2013 etter at nokre av studentane hans skulda han for å vanæra Muhammed i sosiale media. Sidan 2014 har han sete på einecelle, ifølgje Den amerikanske kommisjonen for internasjonal trusfridom (USCIRF). Den første advokaten hans vart drepen. I 2019 blei han dømt til døden. Også han lid i ei dyster fengselscelle.

Ja, kristne er svært utsette i Pakistan. Men dei er ikkje åleine. Som kristne har vi eit kall til å løfta fram også andre offer for ekstremistisk hat og vald. Vår partnar i Pakistan byggjer allianse med andre religiøse minoritetar og med muslimske aktørar i arbeidet for å protestera mot valden og kjempa for ei betre framtid for kristne, for andre minoritetar og for Pakistan.

FØRST PUBLISERT I DAGEN.

Denne versjon en er oppdatert med ein fersk dom i Pakistans høgsterett som  i første rekkje rammar ahmadia-muslim ar, men som også kan gjera det enda verre for andre minoritetar i landet .

 

AKTUELT

Prosjekt