- Trosfriheten for muslimer og kristne kollapser i India, sier kommisjon.
Tru under farlege angrep
I kva grad uroar det utanriksminister Espen Barth Eide at India i praksis er blitt ein hindustat? Johannes Morken spør i kronikk i Vårt Land.
Ein alarmerande rapport kom på bordet mitt like før eg skulle ta påskeferie. For medan det ventar oss ei fredeleg påskehØgtid, går kristne i India inn i ei ny høgtid som for ekstremistar gjerne er høgtid for hatprat og vald mot nettopp kristne.
Rapporten bør få oss til å vakna: På eitt år har talet på dokumenterte valdelege angrep på kristne i India stige med nesten 50 prosent – frå 423 i 2022 til 601 i fjor, ifølgje rapporten som kjem frå Evangelical Fellowship of India (EFI), ein paraplyorganisasjon for evangelikale kyrkjer.
Rapporten fortel også om sterk vekst i hatprat. Hatet blir ikkje, ifølgje rapporten, imøtegått av styresmaktene. Tvertimot: Det synest som at hatet vert akseptert og at samfunnet blir meir og meir immunt mot hat og mot valdelege angrep mot kristne – og mot muslimar.
«Den største suksessen til politikarar på høgrefløyen, er at hatet er normalisert. No trengst det ikkje (…) ei gruppe høgreorienterte hindunasjonalistar for angrep på kristne. Vanlege hinduar kan gjera slikt. Mange er blitt hjernevaska i synet på oss kristne. Det er berre éi linse mange ser oss gjennom: Vi blir sett på som framande som konverterer hinduar på vegne av vestlege kyrkjer», seier ein fortvilt Vijayesh Lal, generalsekretær i EFI, i ein samtale eg nyss hadde med han.
Påskot for vald
11 av 28 delstatar har lover som kriminaliserer konvertering. Lovene blir brukte som påskot for vald: Pastorar og vanlege kristne blir angripne og taua inn av politiet etter at hindunasjonalistiske grupper grunnlaust har påstått at dei driv konvertering med tvang eller lokkemiddel.
Mange av dei arresterte har, heiter det, blitt angripne midt under bursdagsfeiringar eller midt i bønnemøte. I 2023 vart 648 kristne arrestert – det er det nitidig verifiserte talet. Ved slutten av året sat framleis 35 i fengsel.
Dalit-kristne (dei kastelause), kristne frå urfolk og kristne kvinner er svært sårbare og utsette for vald og diskriminering.
Fleire typiske døme vert henta fram i rapporten, som denne. 19. mars heldt pastor Raju Thomas i Jodhpuri i delstaten Rajasthan eit 10 dagar langt bønemøte, slik kyrkja hans gjer ein gong i året. Midt under eit bønnemøte tok ei gruppe seg med makt inn i kyrkja. Etter å ha filma forsamlinga, stengde dei dørene frå utsida. Kring 250 menneske kunne ikkje koma seg ut. Ekstremistane «avhøyrde» dei kristne og skulda dei for å ha brukt pengar for å lokka folk til å konvertera. Dei sette fyr på biblar og brukte krenkande språk.
Toppen av isfjellet
Dette er realiteten mange stader i India. Dei rekordhøge tala er, heiter det i rapporten, berre toppen av isfjellet. Svært mange stader i det store landet er folk så redde at dei ikkje vågar å gå til politiet etter eit angrep. Dei fryktar meir hat og nye angrep.
Og er forresten politiet å stola på? Rapporten slår fast at politiet ofte nøler både med å registrera klager og å etterforska religiøs hatkriminalitet. Politiets manglande oppfølging av religiøs hatkriminalitet er klaga inn for Indias øvste domstol.
Den omfattande valdsbølgja i den nordaustlege delstaten Manipur, frå mai i fjor, er ikkje med i statistikken. Ei av årsakene er, ifølgje generalsekretær Vijayesh Lal i EFI, at grensene er stengde og at det er uråd å få ut presis informasjon som kan verifisera kvar enkelt valds-hending. Rapporten fastslår likevel at dei fleste av offera i Manipur var kristne frå stammefolka kuki, zo og hmar og at valden tydeleg var målretta mot desse.
Regjeringa i Manipur erklærte i mars at påskedag skulle vera arbeidsdag. Det var eit dramatisk tiltak i ein frå før valdsherja stat med kristne stamnmefolk som utsett gruppe. Etter sterke protestar blei vedtaket trekt tilbake.
Nytt påskot for vald
Den sterke veksten i ekstremist-vald skjer parallelt med institusjonelle og strukturelle endringar som kan få store følgjer for religiøse og etniske minoritetar. Til dømes har to delstatar, Assam i nordaust og Chhattisgarh sentralt i India, varsla lover som skal kriminalisera «misjonsaktivitet». Det er uklart om evanglisering eksplisitt vil bli forbode. Men det er, heiter det, ingen tvil om at slik lovgjeving vil kunna hindra kristne i fritt å bekjenna, praktisera og forkynna trua si, som i dag er garantert av grunnlova.
Og minst like ille: Ekstremistgruppene vil få endå eit påskot til å trakassera og angripa kristne og andre religiøse minoritetar.
- LES OGSÅ: Norsk taushet om vold i India?
Noreg har nyss underskrive ein frihandelsavtale med India. Eg ber utanriksminister Espen Barth Eide og bistandsminister Anne Beathe Tvinnereim svara på desse spørsmåla: Kva har Noreg under forhandlingane sagt til India om veksten i hat og vald mot religiøse minoritetar? I kva grad uroar det Noreg at India i praksis er blitt ein hindustat?
Det er uvisse og frykt for kva statsminister Modi vil gjera etter valet. Vil han og partiet hans endra grunnlova for også juridisk å gjera India til ein hindustat? Eg etterlyser tydeleg norsk tale i møte med ein så viktig global aktør som India som er i ferd med å bli eit demokrati berre på papiret.
KRONIKK FØRST PUBLISERT I VÅRT LAND 2.4.2024. Oppdatert 2.4. med påskedag som arbeidsdag i Manipur.
- LES OGSÅ BØNNEBREV: Banket opp pastor med jernstenger