‘På mirakuløst vis kjem menneske til tru i mange land i Midtausten’
Les historier i årsrapporten til Stefanusalliansen.
– Ei ny rørsle er i gang i Midtausten. Mange menneske møter Jesus på mirakuløst vis, seier leiar for teologisk senter støtta av Stefanusalliansen.
Mehrdad Fatehi leier Pars Theological Centre. Senteret gir kvart år teologisk utdanning og leiaropplæring til fleire hundre iranske kristne, både i og utanfor Iran. Fleire studentar kjem frå Afghanistan og Tyrkia.
I Iran er mange desillusjonerte av eit regime som krigar gjennom militsar i naboland, undertrykkjer sitt eige folk og øydelegg landets økonomi.
– Svært mange kjenner ei overveldande motgang. Økonomisk, åndeleg og psykologisk står nasjonen overfor formidable hindringar, det liknar ei øydemark. Men midt i skyggane ser vi ei ny rørsle orkestrert av Guds Ande i Iran og andre land i Midtausten. Vår oppgåve er å pleie trua si flamme, seier Fatehi. han fortel historia i årsrapporten til Stefanusalliansen.
Til tru i Afghanistan under Taliban
Hans kollega pastor Ron, som flykta frå Iran etter at kyrkja hans vart stengd av regimet, utdjupar:
– I Iran har vi lenge hatt ein fenomenal vekst i talet på muslimar som finn Kristus. No skjer det noko i land som Afghanistan, Tyrkia og Irak òg. Våre kontaktar i Afghanistan fortel at nokon har kome til tru også etter at Taliban overtok makta i august 2021.
Av tryggingsgrunnar bruker vi ikkje pastor Rons eigentlege namn. Historiene i denne artikkelen finn du saman med mange fleire i Stefanusalliansens årsrapport 2023-2024.
I Iran har vi lenge hatt ein fenomenal vekst i talet på muslimar som finn Kristus. No skjer det noko i land som Afghanistan, Tyrkia og Irak òg.
Pastor Ron, Iran
Etnisitet og språk går på tvers av landegrenser. Farsi, som er nasjonalspråket i Iran, blir snakka både i Afghanistan (dari) og i Tadsjikistan (tajik), Irans naboland i nord. Pars har for tida 12 afghanske studentar i sitt digitale utdanningsprogram. Ein av dei gøymer seg for Taliban.
Ein afghansk student som tok eksamen sist haust, tok initiativ til at Pars gjennomførte seminar for medlemmar av undergrunnskyrkjer inne i Afghanistan. Dette har direkte påverka spreiinga av evangeliet, fortel Pars.
Ein god del kristne flykta frå Afghanistan då Taliban kom til makta. Men trua er ikkje død. Han veit om menneske som er blitt Kristus-truande etter at Taliban tok makta.
Fleire titals døypte i Tyrkia
Kyrkja i Antalya har i fjor og så langt i år døypt 36 nye. 13 av desse blei døypte første helga i juni. To er over 70, sju er under 25 år.Til hausten blir det fleire.
– Vi er så takknemlege for det som Gud gjer i Tyrkia og i byen vår. Det er så stort å sjå korleis Gud arbeider på unike måtar for å trekkja folks hjarte til han, utan omsyn til alder og livssituasjon, seier Ramazan Arkan.
Antalya Evangelical Church, som Stefanusalliansen støttar, har aukande pågang av folk som ikkje lenger orkar å kalla seg muslimar.
– Tyrkia har enorme økonomiske problem. Regjeringa vil gjerne vera eit konservativt muslimsk eksempel, men så dukkar korrupsjonen opp. Folk blir desillusjonerte. Dei vil ikkje lenger bli identifiserte med islam fordi dei lid under folk som kallar seg muslimar. Mange sluttar å tru, dei blir agnostikarar. Fleire enn før kjem til kyrkja vår, ikkje minst unge. Dei søkjer noko nytt. Nokre av dei tek så i mot den kristne trua, seier hovudpastor Ramazan Arkan.
Folk blir desillusjonerte. Dei vil ikkje lenger bli identifiserte med islam fordi dei lid under folk som kallar seg muslimar
Pastor Ramazan, Tyrkia
I juni i år blir ti av desse døypte etter at dei var ferdige med den første delen av opplæringa. I fjor blei 23 døypte. Kyrkja har også eit alfa-ekteskapskurs for 17 par.
I jula hadde kyrkja i Antalya to store konsertar i offentlege lokale i byen og fleire mindre utoverretta tiltak. 1000 menneske fekk eit møte med evangeliet. I påskedagane i år nådde kyrkja ut til kring 550 med kor og påskespel. Folk fekk invitasjon på gata og i sosiale media.
– Vi er glad for å sjå korleis Herren brukar såkorna som vart sådde, seier Ramazan Arkan.
Snur ryggen til ekstrem islam
Konvertitten Khalid (nedanfor) var ein religiøs leiar i eit land på Den arabiske halvøya. Han blei send til Tyskland for å få folk med muslimsk bakgrunn til å bli overtydde muslimar. Han betalte kvar som kom til opplæring 2000 tyske mark, men utan at det hadde nokon effekt. Eit varmt møte med ein tysk prest gjorde derimot at Khalid starta ein prosess som fleire år seinare enda med at han vart kristen og blei døypt. I dag leier han ei gruppe konvertittar i eitt av dei arabiske emirata.
Hans kontakt er pastor Amir som i20 år har hatt ansvar for å koordinera oppfølging av menneske som frå muslimsk bakgrunn i landa på Den arabiske halvøya, søkjer kontakt med kristne. Av tryggingsgrunar brkar vi ikkje dei verkelege namna verken til Khalid eller Amir.
Amir fortel at mange kristne TV-kanalar som rettar seg mot den arabiske verda, har gjort at det er blitt fleire og fleire samtalar med søkjande menneske frå muslimsk bakgrunn.
Mange muslimar er også, etter IS, blitt trøytte av ekstrem islam og vald i sin religions namn.
Pastor Amir, Den arabiske halvøya
Misjonsarbeidet til Amir er støtta av Stefanusalliansen.
I landa på Den arabiske halvøya er det svært vanskeleg å vera Kristus-truande med muslimsk bakgrunn. Det sosiale presset er sterkt i ein kultur der religion, familie, identitet og tru er vevd tett saman. Byter du tru, risikerer du å mista alt.
– Kristus-truande med muslimsk bakgrunn på Den arabiske halvøya kan dei aller fleste stader ikkje møtast. Dei kan ikkje fortelja om trua til familien, i alle fall ikkje til heile familien, seier Amir, som vi møter i Dubai. Av tryggingsgrunnar brukar vi ikkje det rette namnet hans.
Han har kontakt med meir enn 20 også i Saudi-Arabia.
Fellesskap
Saman med Amir arrangerer Stefanusalliansen konferansar for kristne med muslimsk bakgrunn frå Den arabiske halvøya. Der får dei møta andre med same tru: Dei får fellesskap, undervisning, samtalar og forbøn. Det blei haldne to slike konferansar i 2023.
- LES OGSÅ: Ut av 2023 med planlagt underskudd – har buffer mot høye utgifter