Sende store væpna politistyrkar for å arrestera to katolske kvinner. Sidan har ingen høyrt frå dei - Stefanusalliansen
Carmen Maria Saenz Martinez til venstre og Lesbia del Socorro Gutierrez Poveda er sporlaust borte etter at politiet arresterte dei.

Carmen Maria Saenz Martinez til venstre og Lesbia del Socorro Gutierrez Poveda er sporlaust borte etter at politiet arresterte dei.  

Nicaragua*   

To kvinnelege tilsette i den romersk-katolske kyrkja i Nicaragua er sporlaust borte etter at dei vart arresterte av Ortega-regimet.

Stefanusalliansen og søsterorganisasjonen CSW krev at den nicaraguanske regjeringa straks legg fram prov på at to romersk-katolske lekleiarar som vart arresterte 10. august 2024, er i live – og setje dei to fri.

Regimet i Nicaragua intensiverer kampen mot sivilsamfunnet, inkludert den katolske kyrkja og protestantiske kyrkjer. Etter å ha teke frå over 1650 nye organisasjonar den legale statusen i slutten av august, vart 135 politiske fangar sette fri for så å bli deporterte frå landet torsdag 5. september. Det melder CSW.

Men dei to katolske lekleiarane Carmen María Sáenz Martinez, 49 år, og Lesbia del Socorro Gutiérrez Poveda, 58 år, var ikkje med i gruppa på 135 som vart utviste frå til Guatemala denne dagen.

Begge kvinnene arbeidde i bispedømet i Matagalpa. Dette bispedømmet vart tidlegare leia av biskop Rolando José Álvarez Lagos. Han er ein tidlegare utvist politisk fange. Han var eit særskilt mål for regjeringa. Biskopen blei sett i husarrest i august 2022 og i februar i fjor dømt til 26 år og fire månaders fengsel. I januar i år blei han deportert etter ein avtale med Vatikanet. Ei rad katolske prestar er også fengsla, dømde og seinare deporterte.

Store styrkar mot to kvinner
Den siste runden med deportasjonar kom altså 5. september. Men to katolske lekleiarar som altså blei arresterte nokre veker tidlegare, er altså sporlaust borte.

Gutiérrez Poveda har arbeidd i bispedømet sitt kredittprosjekt for bygd og by sidan 2006. Sáenz Martinez har sidan 2018 arbeidd med saker om ekteskap som blir annullerte.

Politiet kom med to patruljebilar då dei arresterte Gutiérrez Poveda klokka 08.00 den 10. august. Sáenz Martinez vart arrestert og teken frå heimen sin i Lomas de San Thomas i Matagalpa by klokka 06.00 same dag av 15 tenestemenn som kom i to bilar og hadde masker og AK-47-rifler.

Familiane deira har ikkje hatt kontakt med kvinnene og har heller ikkje fått noka forsikring om at dei er i live.

Deportasjon av 135 fangar
Torsdag 5. september vart altså 135 politiske fangar sette fri og straks utviste til Guatemala. Det skjedde etter ein avtale mellom Nicaragua, USA og fleire andre land. Gruppa omfatta andre romersk-katolske lekleiarar og protestantiske pastorar knytte til organisasjonen Mountain Gateway og advokatane deira.

Representantar for den amerikanske regjeringa fortalde CSW at dei 135 personane no vil få høve til å søkje frå Guatemala om humanitært opphald i USA eller i eit anna land.

Familiemedlemmer til dei arresterte fortalde CSW at dei vart overraska då den nicaraguanske regjeringa ikkje informerte dei, eller lét medlemmene i gruppa som vart tvangsutviste få kommunisere med familiane sine før utvisinga.

Frenetisk jakt på sine kjære
Mange fortalde at dei brukte opptil 24 timar på frenetisk å prøve å finne ut om deira kjære var i gruppa på 135 som vart sende ut av landet.

Om kvelden 6. september hadde familiane til Gutiérrez Poveda og Sáenz Martinez stadfesta at dei to ikkje var i gruppa på 135. Truleg  sit dei to framleis i fengsel ein stad i Nicaragua.

Krev prov for at dei er i live
Anna Lee Stangl som leier påverknadsarbeidet i CSW, seier at CSW krev at regjeringa i Nicaragua straks gjev familiane til dei to arresterte prov på at dei er i live og at dei straks og utan vilkår blir sette fri. Ho seier at prestar og leke leiarar som gledeleg nok er sette fri, aldri  skulle vore fengsla.  CSW krev at regimet straks sender prov på at dei er i live og at dei vert sette fri straks. Dei har ikkje gjort eit einaste lovbrot, seier Stangl og legg til: Det dei har gjort, er å tena lokalsamfunna sine. Ho seuer at det internasjonale samfunnet og særleg nabolanda må seia tydeleg frå om at angrepet på sivilsamfunnet, inkludert menneskerettsforsvarar, demokratiforkjemparar og religiøse leiarar, må ta slutt.

Dikatorisk makt
Generalsekretær Ed Brown i Stefamnusalliansen seier at det som skjer i Nicaragua, er ein typisk trend i eit land med ein leiar som først var ein folkehelt, men som i seinare tid blir meir og meir diktatorisk og mislikt. Han seier at både kanselleringane og andre maktgrep som arrestasjonar, vald og deporteringar mot meiningsmotstandarar handlar om nettopp makt.
– Kyrkjer og kristne organisasjonar blir ramma fordi dei utgjer ein trussel mot Ortegas styre. Dette er ikkje eit trusspørsmål, nødvendigvis. Spør du Ortega, vil han nok seie han trur på Gud. Men kyrkja og dei kristne er kjend både for å ha sterke moralske prinsipp - og dei samlar seg i grupper, seier Brown.

Vil svekkje motstand
Ved å kontrollere møteplassane til dei kristne, ønskjer Ortega å svekkje motstanden mot seg sjølv, trur Brown.
– Desse handlingane er heilt avskyelege. Samtidig er det forståeleg at ein desorientert diktator med berre ja-personar rundt seg tyr til brutal makt for å halde posisjonen sin, seier Brown.
Kva som blir utfallet, meiner han er umogleg å spå. Men generalsekretæren kan enkelt sjå for seg at Ortega anten bukkar under for presset, fasar ut makta si til ein meir moderat leiar tek over eller tviheld på presidentskapet på ubestemt tid.
– Stefanusalliansen står saman med dei som yter motstand mot Ortega og som opplever alt frå vald til utestengingar. Ingen veit kva som vil skje, men eg fryktar at viss avgangen hans blir for brå, og det oppstår eit vakuum og ein maktkamp, kan det føre med seg stor uro og liding blant folkesetnaden, seier Ed Brown.

Ortegas kamp mot kyrkja

August 2022: Tryggingspolitiet med razzia mot bispesetet til Rolando José Álvarez Lagos. Blir sett i husarrest. Fleire prestar og lekfolk arresterte og seinare dømde til fengsel.
Februar 2023: Biskop Alvarez Lagos blir dømt til 26 år og fire månaders fengsel.
Februar 2023: 222 politiske fangar, deriblant kring eit dusin katolske prestar, blir sette fri frå fengsel og deporterte etter avtale med USA. Fråtekne statsborgarskap.
Oktober 2023: 12 nye katolske prestar blir sette fri frå fengsel og deporterte etter avtale med Vatikanet.
Januar 2024: 19 katolske politiske fangar blir sette fri og deporterte etter avtale med Vatikanet. Blant desse er biskop Alvarez Lagos og Isidoro del Carmen Mora Ortega. Også 15 prestar og to teologistudentar er med i deportasjonen.
August 2024: I to aksjonar tek regimet frå over 1650 organisasjonar i sivilsamfunnet den legale statusen deira. I alt er over 5500 organisasjonar fråtekne den legale statusen sidan 2018. Fleire hundre kyrkjer og kyrkjelege institusjonar er på lista, både frå den katolske kyrkja oig den protestantiske kyrkja.
5. september: Nye 135 politiske fangar blir deporterte. Blant dei fleire katolske leke leiarar og protestantiske pastorar.

 

AKTUELT