Nigeriansk biskop er offer for terror, han kjempar mot vald.
Terrorgrupper får drepa, brenna og kidnappa utan motstand
Nigeria: Terrorgrupper drep langt fleire kristne enn muslimar, fortel rapport.
Islamistiske terrorgrupper i Nigeria drep både muslimar og kristne. Men det er langt fleire kristne dødsoffer enn muslimske. Islamistiske terrorgrupper rettar målretta angrep mot kristne samfunn.
- DU KAN GÅ I FAKKELTOG FOR FORFØLGDE KRISTNE I AFRIKA– les meir her
Terroren i Nigeria er endå meir blodig enn vi har visst. Ein fersk rapport dokumenterer grufulle tal frå perioden oktober 2019 til september 2023:
• 30 800 sivile vart drepne i over 6900 terrorangrep.
• 21 500 sivile vart bortførte i 2670 angrep.
Rapporten er laga av Observatory for Religious Freedom in Africa (ORFA).
Av dei 30 880 sivile som vart drepne i løpet av fire år med terrorangrep, har forskarane dokumentert at i kring 16 800 var kristne og i overkant 6200 muslimar. Det er ukjent kva religion dei andre dødsoffera hadde.
Talet på drepne kristne var altså 2,7 gonger så høgt som drepne muslimar når vi reknar ut frå tala på dødsoffer med kjent religion.
Når forskarane så tok omsyn til kor mange kristne og muslimar som bur i områda der terroren skjedde, var talet på kristne dødsoffer 6,5 gonger så høgt som talet på drepne muslimar.
- LES OGSÅ OM NIGERIA: Far hans og brørne blei drepne. Niesar og nevøar blei kidnappa.
- LES OGSÅ: Kvar blir det av det norske raseriet?
Uhindra dødeleg terror
Lenge har vi trudd at dei kjente islamistiske terrorgruppene Boko Haram og Den islamske statens vestafrikanske provins (ISWAP) har stått bak det meste av dødeleg terror.
Men rapporten dokumenterer at den tungt væpna fulani-militsen (FEM), ei terrorgruppe utgått av gjetarfolket fulani, er blitt langt meir blodig enn dei to andre. Fulani-militsen drap meir enn fire gonger så mange som Boko Haram og ISWAP til saman.
Hæren og tryggingsstyrkane har på si side sett kreftene inn mot Boko Haram og ISWAP i nordaust og nordvest. Det har gjeve mykje «friplass» for fulani-militsen, som herjar i område der tryggingsstyrkane ikkje konfronterer dei.
– Det mest slåande funnet er at den etnisk-religiøse fulani-militsen drep nigerianske sivile utan motstand. Massedrap, kidnappingar og tortur av heile familiar går i stor grad føre seg utan å bli utfordra, heier det i rapporten.
Mange sivile lever i frykt. Augevitne fortel om barn som søv oppe i tre.
Drep, valdtek og brenn
Åtte av ti drap på sivile skjer i landsbysamfunn. Biletet er tragisk og systematisk: Fulani-miltsen invaderer kristne jordbrukssamfunn for å drepa, valdta, bortføra og brenna heimar.
Fulani-militsen drap 55 prosent av dei kristne terroroffera. Til samanlikning stod Boko Haram og ISWAP bak 8 prosent av drapa på kristne. Andre terrorgrupper drap nesten tre av ti av dei kristne, ifølgje rapporten.
– Fulani-militsen rettar angrepa mot kristne folkegrupper, men også muslimar lid sterkt. Det seier pastor dr. Gideon Para-Mallam, ORFA-partnar og analytikar.
Firedobling av kidnapping
Rapporten viser også at omfanget av kidnappingar og bortføringar er firedobla på desse fire åra: I 2023 blei 6200 kidnappa. Det vart bortført 1,4 gonger så mange kristne som muslimar. Men når vi ser på kor mange kristne og muslimar som bur i områda der kidnappingane skjer, var talet på kidnappa kristne fem gonger så høgt som talet på bortførte muslimar.
– Dei som kidnappar, arbeider for islamistiske mål. Der unge kvinner vert kidnappa, torturerte og seksuelt krenkte, kan håpet om eit normalt ekteskap og familieliv forsvinne, seier pastor Gideon Para-Mallam i ORFA.
Mange sivile lever i frykt. Augevitne fortel om barn som søv oppe i tre.
Massedrap, kidnappingar og tortur av heile familiar går (...) føre seg utan å bli utfordra.
Avviser myte
Rapporten har fått namnet: «Countering the myth of religious indifference in Nigerian terror» – det er ein myte at terroren ikkje har noko med religion å gjera.
Rapporten viser til ytterpunkta i analysen: På den eine sida vert fulani-militsen sett på som ei etnisk gruppe som brukar vald i konflikten med fastbuande bønder om landområde. På motsett kant vert fulani-militsen sett på som ei gruppe som vil islamisera Nigeria med sverd.
– Vi tek ikkje standpunkt. Vi let tala våre tala for seg, heiter det i rapporten.
«Viktig med fakta»
– Det er viktig å få fram fakta om vald i Nigeria. Det som skjer er politisk motivert. Kvart einaste år vert det fleire brot på trusfridommen gjennom vald mot kvinner, særleg i nordaust, seier den nigerianske presten Joshua Mallam til Magasinet Stefanus.
Mallam kjenner situasjonen godt frå Sør-Kaduna, der hovudsakleg kristne jordbrukssamfunn ofte vert angripne. Han driv arbeid for å opplysa kristne og muslimske leiarar om menneskerettar.
Mallam har vore gjennom eit kurs over 11 veker for folk som vil undervisa andre om trusfridom. Temaet er situasjonen for kvinner i Afrika sør for Sahara. Kurset skjer i regi av organisasjonen Procmura, med materiale frå Stefanusalliansen og NORFORB. Mallam er koordinator for Procmura i Nord-Nigeria.
Fakkeltog for forfølgde
Kvart år arrangerer Stefanusalliansen og Opne Dører fakkeltog.
Temaet i år: «Stopp valdeleg forfølging av kristne i Afrika».
Liste over fakkeltog og meir om temaet finn du her