Terrorgruppe: ‘Leah (15) blir slave resten av livet – eller drepen’ - Stefanusalliansen
Leah Sharibu (15) blei kidnappa i februar og nektar å ta avstand frå kristentrua si.

Leah Sharibu (15) blei kidnappa i februar og nektar å ta avstand frå kristentrua si.  

Nigeria   

Al Barnai-fraksjonen av Boko Haram står bak kidnappingane og seier at den tredje hjelpearbeidaren Alice Ngaddah og skulejenta Leah Sharibu vil vera slavar for resten av livet. Eller dei vil bli drepne.

Den nigerianske jordmora Hauwa Mohammed Liman (24) arbeidde for Den internasionale Raudekrossen (ICRC). Ho studerte helseutdanning ved eit universitet i Borno-delstaten i Nigeria. No er ho altså drepen.

Nekta å betala
Raudekrossen og familien hennar er i sorg, og Raudekrossen seier at dei nekta å betala løysepengar, melder telegrambyrået Reuters.

De nigerianske regjeringa opplyste måndag at ein helsearbeidar var drepen av ei gruppe som braut ut frå IS i 2016 og at drapet skjedde då den fristen kidnapparane hadde sett for løysepengar, var utgått. Raudekrossen seier til Reuters at dei ikkje betalar løysepengar fordi det vil vera farleg for dei 16 000 hjelpearbeidarane som Raudekrossen har verda over. Difor krev Raudekrossen at kidnappa vert sette fri utan vilkÅR.
 

«Fråfalne»
Terrorgruppa sende ein video av Liman til den nigerianske avisa The Cable. Hendene hennar var bundne, og ho var iført ein kvit hijab med eit halvmåne-symbol – for Den raude halvmåne. Ho var tvinga ned på kne. I ei fråsegn uttalte terrorgruppa at både den attverande hjelpearbeidaren, Alice Ngaddah, og den kidnappa skulejenta Leah Sharibu, er slavane deira og «at det er lov for oss å gjera kva vi vil med dei».

Terrorgruppa sa at dei ser på dei avretta og dei kidnappa som «fråfalne» og at dei «vil velja å drepa dei eller halda dei vantruande som slavar, menn og kvinner.»

Knela
18. september sleppte kidnapparane ein video der jordmora Saifura Husseini Ahmed (25) måtte knela før ho vart drepen med eit skot. Ein anonym representant for terroristane sa at dette var «ein beskjed i blod» til den nigerianske regjeringa. No kom altså den neste terrorist-fastsette fristen – og ei ny avretting.

Mervyn Thomas i Christian Solidarity Worldwide (CSW) seier at dei er med familien til Hauwa Liman i sorga. «Vi fordømmer den feige avrettinga på det sterkaste». Thomas seier at avrettinga er «inhuman og at den ikkje kan rettferdiggjerast på nokon måte, aller minst religiøst». CSW ber igjen regjeringa i Nigeria å gjera alt den kan for å få sett fri Leah Sharibu, den attverande hjelpearbeidarane Alice Ngaddah og dei 122 kidnappa jentene frå Chibok som framleis ikkje er sette fri etter den omfattande kidnappinga av skulejenter i 2014.

Leahs skjebne
Leah Sharibu var ei av 110 skulejenter som i februar blei kidnappa på den statlege Girls Science and Technical College i Dapchi, i delstaten Yobe.  Leah Sharibu var den einaste kristne av 110. Ho er den einaste som framleis er kidnappa, fordi ho har nekta å ta avstand frå den kristne trua si. Dei andre var muslimske skulejenter som slapp fri etter kort tid. I mars blei 104 jenter køyrde heim etter forhandlingar i regi av regjeringa. Leah Sharibu var ikkje blant dei. «Med eit ekstraordinært mot nekta ho å konvertere i bytte for fridomen», skriv Christian Solidarity Worldwide (CSW). I over eit halvt år har Leah vore gissel. Fem jenter var døde og vart gravlagde i jungelen, ifølge Boko Haram.

Nedanfor kan du sjå ein video Stefanusalliansen laga som del av appellaksjonen for Leah Sharibu i september i år.

 

 

AKTUELT