Terror og vald øydelegg eit heilt land. Farleg politisering av tru - Stefanusalliansen
Deborah Samuel vart brutalt angripen og drepen av medstudentar i mai 2022. Her frå gravferda.

Deborah Samuel vart brutalt angripen og drepen av medstudentar i mai 2022. Her frå gravferda.  

Nigeria   

Laurdag 25. februar går Nigeria til val. Det sjuande valet sidan landet i 1999 gjekk tilbake frå militærstyre til eit demokratisk styresett, kan bli det viktigaste i landet. Å få eit fredeleg val som kan samla og ikkje polarisera endå meir, er avgjerande både for Nigeria og heile regionen.

Både polariseringa og fattigdommen aukar i det mest folkerike landet i Afrika. Det er farleg. Å kjempa mot polariseringa og undergravinga av valet og å økonomien er nøkkelpunkt.

Så kjem dei farlege tryggingsutfordringane, med terrorgrupper, kriminelle bandar, drap og bortføringar. Årsakene er samansette. Aukande fattigdom og arbeidsløyse gjer rekrutteringa lettare. Våpen over grensene er krevjande å stogga. Men det det er ingen tvil om at regjeringa og tryggingsstyrkane har svikta.

Det er også ein tendens til å underspela den veksande rollen som religion diverre har som motor i terror og vald. I det muslimske nord har ikkje minst islamistiske Boko Haram terrorisert både kristne og moderate muslimar, drepe titusenvis og drive millionar på flukt. Den islamske staten Vest-Afrika-provinsen (ISWAP) har i aukande grad trappa opp angrep.

Angrep på moskear og kyrkjer

Blodige angrep på moskear nord i Nigeria vekkjer uhygge. Søndag 15. januar blei ein katolsk prest i delstaten Niger brent til døde då terroristar sette fyr på prestegarden. Isaach Achi overlevde i jula 2011 eit terrorangrep på kyrkja der han den gongen var prest. No er han død. Prestekollegaen hans klarte å flykta med skotskadar.

Kven som stod bak angrepa, er ukjent. Men ingen treng vera i tvil om at mykje terror er målretta. I fleire område er det reell frykt for at målet er å fordriva kristne.

I statane sentralt, der det bur både kristne og muslimar, har konflikten om kontroll over land og vatn vart lenge, mellom ulike folkegrupper. Fulani-gjetarane er hovudsakleg muslimar, dei fastbuande bøndene er ofte kristne.

Det tragiske er at konflikten dei siste åra har fått blussa meir opp med tyngre våpen. Fulani-milits har i aukande grad retta målretta angrep på kyrkjer og prestar. Like før jul og i julehelga vart minst 46 drepne og mange titals kristne bortførte i angrep på fleire kristne landsbyar i den sørlege delen av Kaduna, eit episenter for terror.

Terroren har dessutan spreidd seg også til det hovudsakleg kristne sør. Det massive terrorangrepet mot ei kyrkje på pinsedag i fjor i byen Owo i delstaten Ondo vekte rettkomen oppsikt. Samtidige målretta terrorangrep mot kristne landsbysamfunn i Kaduna sentralt i landet gjekk nesten under den vestlege radaren. Skrekknyhenda derifrå er blitt så mange.

Sterk åtvaring
Diverre blir religion meir og meir politisert i Nigeria. Somme stader kjenner kristne samfunn seg pressa til å ty til våpen for å forsvara gudshusa sine. Når regjeringa og tryggingsstyrkane ikkje maktar å verna folk, må folket sjølve forsvara seg. Dette er ein livsfarleg spiral.

Nigeria har nær ei jamvekt mellom muslimar og kristne. På grunn av sterke spenningar mellom det muslimske nord og det kristne sør, handlar meir og meir om religion. Folk identifiserer seg i svært stor grad med kva religion dei høyrer til.

I Nigeria er systemet at dersom presidenten er muslim, skal visepresidenten vera kristen. Denne gongen stiller det regjerande partiet, All Party Congress, overraskande nok med ein muslim både som presidentkandidat og visepresidentkandidat. Det er sjølvsagt råd å stemma på parti som har delt listetopp. Men grepet til All Party Congress har skapt spørsmål og uro for islamisering.

Ei av mine kjelder i Nigeria er uroleg: «Dersom vi ikkje adresserer etnisitet, religion og arbeidsløyse, risikerer vi at desse spørsmåla vil ‘eta opp’ landet. Grupper vil bryta ut og laga eigne statar», fryktar Kolade Fadahunsi. Han er ein kristen som samlar muslimske og kristne leiarar til dialog. Dei har møttest før valet for å sjå kva dei kan bidra med overfor andre religiøse leiarar, for å dempa polariseringa. Dei etterlyser moralsk autoritet for å fremja nasjonal leiarskap, godt styresett, sosial rettferd og likskap, og fredeleg sameksistens.

Den muslimsk-kristne gruppa dyrkar håpet. Deira mål er at når folk går til val, må dei stemma som borgarar av Nigeria, ikkje etter religiøs eller etnisk bakgrunn. Diverre er det langt fram. Men det er viktig å kjempa for å snu Nigerias farlege ferd.

FØRST PUBLISERT I PANORAMA NYHETER, TIDLEGARE BISTANDSAKTUELT.

AKTUELT