Syrisk kyrkjeleiar: Ber kristne bu saman med muslimar etter IS - Stefanusalliansen
Den syrisk-ortodokse patriarken Aphrem II ber muslimar bu saman med muslimar der dei kan.

Den syrisk-ortodokse patriarken Aphrem II ber muslimar bu saman med muslimar der dei kan.  


Syrisk kyrkjeleiar ber kristne i Syria om å bu saman med muslimar også etter dei bestialske herjingane til IS.

– Der kristne og muslimar bur saman, er det mindre grunnlag for fanatisme. Der dei ikkje bur saman, er folk meir opne for fanatisme og vald fordi dei veit mindre om kristne. Vi oppmuntrar kristne til å leva nær muslimar og visa dei kristne verdiar og moral, seier patriark Aphrem II til Magasinet Stefanus.

Han er syrisk-ortodoks patriark av Antiokia og Austen. Patriarkatet ligg i Damaskus, hovudstaden i Syria. Ei gruppe frå Stefanusalliansen fekk i oktober møta patriark Aphrem II på Mar Mattai-klosteret i Nord-Irak der han var på besøk for å støtta og oppmuntra den syrisk-ortodokse kyrkja i Irak.

Mar Mattai-klosteret, som klorar seg fast i fjellsida over Ninive-sletta, vart opphaveleg bygt på 300-talet. Då IS kom over Ninivesletta sommaren 2014, var krigarane berre nokre kilometer unna å nå klosteret. Dei kurdiske styrkane stogga dei. Klosteret og munkane overlevde. Frå byar og landsbyar på Ninivesletta og i storbyen Mosul flykta kvar einaste kristen.

«Vanskeleg å stola på naboar i Mosul»
På Mar Mattai spør vi patriarken om kristne vil ha tillit til å bu saman med muslimar etter tragedien.

– Det vil vera ulikt frå stad til stad. I Mosul vil svært mange ha problem med å få stola på naboane igjen, fordi mange tok parti med IS (Daesh) då dei invaderte Mosul. Det er ein viktig grunn til at mange kristne ikkje vender tilbake. Der IS vart godt tekne imot, vil det vera svært vanskeleg, svarar patriarken. Han legg til:

– Men både i Irak og Syria vart mange muslimar også offer for IS. Eg observerer at mange muslimar no er meir opne for kristne, fordi dei såg kva fanatiske muslimar utsette kristne for. Dessutan blei mange muslimar sjølve offer.

– På Ninivesletta her i Nord-Irak er det i fleire byar sunnimuslimsk eller shia-muslimsk press mot kristne ønskjer å bu der. Korleis opplever du dette?

– Dette er vanskeleg. Presset er ikkje berre religiøst, men også politisk, frå politiske aktørar som støttar militsar. Så snart vi får ei form for politisk forståing mellom stormakter og naboland, vil situasjonen bli betre. Sjiamuslimar er i utgangspunktet meir tolerante for kristne enn sunni-muslimar.

 

I Mosul vil svært mange ha problem med å få stola på naboane igjen, fordi mange tok parti med IS (Daesh)

 

Den syrisk-ortodokse patriark Aphrem II (t.h.) saman med Emanuel Youkhana frå Den assyriske kyrkja i Austen.

«Idlib er no go for kristne»
– Også i Syria er det område med manglande kristen tillit til muslimar?

– Område utanom regjeringas kontroll er «no go» for kristne, som Idlib-provinsen. Ingen kristne dreg dit. Også i regjeringskontrollerte område er det lommer med reine muslimske samfunn med liten kunnskap om kristne. I somme område er fanatismen planta frå Golfen. Dei grunnla religiøse institusjonar som støtta IS. Men majoriteten av syrarar har tillit til kvarandre.

Patriarken er uroleg for den sterke nedgangen i talet på kristne i fleire land. I Irak er kanskje berre tiandeparten igjen av dei kristne som var der for 30 år sidan. I Syria er talet på kristne halvert. Frå eit kriseramma Libanon reiser no svært mange kristne, påpeikar han.

– Sidan vi blir færre, må vi arbeida hardare. Først må vi gje håp til kristne slik at dei blir verande. For det andre må vi gjera kristne synlege i samfunnet. Kristne i Midtausten har alltid vore agentar for opplysning. Men vi må ikkje la rolla vår bli redusert sjølv om vi blir færre.

Patriarken kan likevel ikkje sjå føre seg Midtausten utan kristne.

– Men tala vil ikkje vera store, så sant ikkje det blir ei stor endring i geopolitikk og tryggleik og stabilitet. Då vil kristne koma tilbake.

Kyrkjer hjelper muslimar
Han fortel om den sterke sosiale innsatsen kyrkjer i Syria no spelar for å hjelpa folk som er ramma av krigen.

– Protestantiske, ortodokse og katolske kyrkjer gjer ein stor jobb. Før krigen var det ikkje behov for den sosiale innsatsen kyrkja gjer no, fordi regjeringa tok seg av alt av utdanning og helse. Kyrkjer er blitt synlege i samfunnet og har fått auka truverd. Muslimar kjem til oss og er takksame for det det kyrkjer har gjort. Ved å støtta kristne kyrkjer, når du alle. Utan kyrkjene ville det vore verre for alle, ikkje berre for kristne, også muslimar. Kyrkja vår får av og til kritikk for at vi arbeider i delar av landet utan kristne. Men vi diskriminerer ikkje.

Han kritiserer dei vestlege sanksjonane, og seier at dei «skadar oss alle, ikkje regjeringa.»

– Vanlege folk sitt daglegliv vert ramma. I 2016 var vi tre patriarkar som publiserte ein appell mot sanksjonane. Men det var diverre ikkje så mange som var interessert i å høyra på, av politiske grunnar.

 

Utan kyrkjene ville det vore verre for alle, ikkje berre for kristne, også muslimar.

 

Patriark Aphrem II
 

«Vert skulda for å vera kollaboratør»
– Er det eit dilemma for deg som kyrkjeleiar å vera så avhengig av regjeringa som andre ser på som undertrykkar?

– Vi blir skulda for å ta parti og for å vera kollaboratørar. Men for oss handlar det om landet og om folket. Eg meiner personleg at president Assad er ein god mann, han forsvarte landet og folket mot terroristar. Men som kyrkjeleiar prioriterer eg heile folket, difor samarbeider vi med regjeringa. Dersom det vert sett på som kollaborasjon, lever eg godt med det. Det syriske regimet er betre enn mange andre regime. I Syria hadde vi alt på 50-talet jentelag i fotball. Syriske kvinner har køyrt bil sidan bilen vart oppfunnen. Speaker i det syriske parlamentet er medlem av vår kyrkje, vi har fleire ministrar. Visepresidenten er kristen.

Patriark Aphrem II på Mar Mattai-klosteret.

To av tre studentar er muslimar
Patriarken fortel begeistra om universitetet som i 2018 blei opna i Maarat Saydnaya, omtrent 25 kilometer frå Damaskus. Universitetet som den syrisk-ortodokse kyrkja har bygt, var i utgangspunktet tenkt nord i Syria. Men krisa som starta i 2011, gjorde det uråd. I Maarat Saydnaya. Er det no kring 750 studentar, og nye bygg reiser seg for nye studieretningar. Universitetet skal ha ei viktig rolle i å byggja opp att Syria.

– 67 prosent av studentane er muslimar, ein tredel er kristne. Vi har også muslimske lærarar. Vi har studentar som dekkjer hovudet med hijab. Vi er svært glade for å gje muslimske studentar utdanning og også sjansen til å læra meir om kristendom og korleis leva saman i fred, seier patriark Aphrem II.

– Kva er din appell til vestlege kyrkjer?

– Eg takkar kyrkjer som har støtta oss. Men nokre av kyrkjeleiarane i vest har vore likegyldige til vår liding. Nokre tok parti med sine regjeringar og har støtta deira posisjonar også i forhold til, oss.

 

Nokre av kyrkjeleiarane i vest har vore likegyldige til vår liding


Patriark Aphrem II

 

«Er skuffa over vestlege kyrkjeleiarar»
– Døme?

– Nei, eg gir ikkje døme.  Men eg hadde ein avtale om eit møte med ein kyrkjeleiar i eit europeisk land. Han avlyste møtet fordi han såg på oss som ei kyrkje som samarbeidde med den syriske regjeringa. Ein annan kyrkjeleiar i eit europeisk land måtte eg offentleg ta ein kamp med fordi han sa ting som ikkje er sant.  Dessverre har fleire kyrkjeleiarar blitt ståande på sine eigne regjeringars posisjonar, medan andre har vist stor grad av sympati med oss. Mange menneske  i vest har gjort mykje for å hjelpa oss. Men eg er skuffa, i somme tilfelle føler eg at vi er svikta av nokre kyrkjer i vest. Men vi beheld håpet og blir oppmuntra av folk som dykk. Sjølv om de ikkje kan gjera mykje, men de kjem og møter oss. Kom til Syria og snakk med folk. Folk er frie til å seia det dei ønskjer. Situasjonen i Syria er annleis enn media framstiller den.

AKTUELT

Prosjekt