Svart dag for kristne i Pakistan - Stefanusalliansen
Minnemarkering i katolsk kyrkje i Jaranwala 16. august 2024.

Minnemarkering i katolsk kyrkje i Jaranwala 16. august 2024.  

Pakistan   
Blasfemi   

Dei kallar det «den svarte dagen». Med bøn og krav om rettferd markerte kristne i Jaranwala i Pakistan før helga eittårsdagen for tragedien: 16. august i fjor blei eit heilt nabolag sett i brann. 90 heimar og 25 kyrkjer blei vandaliserte og tende på av ein ekstremistisk muslimsk mobb. 

Mobben gjekk til nådelause og målretta angrep fordi dei hadde høyrt at det var funne ein øydelagt koran nær huset til to kristne brør. Hundrevis  av rasande menneske ropte på galgen: Dei stal, vandaliserte og tende på. I ettertid er brørne sette fri frå fengselet – dei hadde ingenting med dei sundrivne koransidene å gjera. Gledeleg nok fekk dei kristne hjelp av nære, muslimske naboar til å koma seg unna før mobben kom. 

Tragedien i Jaranwala fekk augo opp hos fleire enn før i Pakistan for kva trugsmål som kristne må leva med. Tragedien blei fordømt frå høgt politisk hald. Styresmaktene har gitt pengar til å byggja opp att heimar og kyrkjer. 

Men gjenoppbygde hus og kyrkjer fjernar ikkje frykta, fortel den katolske presten Yaqoob Yousaf meg. Også dei to kyrkjene han er prest i, er snart ferdig restaurerte. Men ingenting er elles endra. 

Minnemarkering i katolsk kyrkje i Jaranwala 16. august 2024, eitt år etter tragedien. Foto: Yaaqob Yousaf

Fritt fram for falske skuldingar
Framleis er det dødsstraff for blasfemi og straffefritt å koma med falske påstandar som sender uskuldige årevis i fengsel og familiar ut i livslang frykt. 

Valdsmennene i Jaranwala er ikkje stilte for retten. Dei fleste av dei meir enn hundre som blei arresterte for herjingane, er sette fri, mange mot kausjon. Dei blir helsa velkomne som heltar av venene. 

Mangelen på rettsoppgjer viser ekstremistar at dei kjem unna med det meste. Frykta som fader Yaqoob fortel om, vert utløyst på nytt kvar gong det skjer nye angrep andre stader i Pakistan. 

Demonstrasjon for frihet og mot misbruk av blasfemilova, i Lahor i Pakistan etter lynsjinga av Nazir Masih. Foto: HFO

Lynsja til døde 
I mars blei ein 22-åring dømt til døden for påstått blasfemi på meldingsappen WhatsApp. I juni blei ein kristen skomakar i Sargodha lynsja til døde av ekstremistar på ugrunna påstandar om at han hadde øydelagt ein koran då han rydda opp etter vind og regn. Dagar seinare døydde enkja av påkjenninga. Då var familien gøymt på ein stad ekstremistane ikkje kunna finna dei. Men gøymestaden verna henne ikkje mot frykt og sorg. 

Tidleg i august i år blei to kristne søstre i Gojra-distriktet utsette for mobbangrep etter ein påstand om vanhelging av ein koran – som søstrene aldri hadde hatt eller sett. Den eine kvinna blei arrestert og må rekna med dødsdom dersom ho blir funnen skuldig. Den andre vart ikkje funnen verken av politiet eller mobben som jakta henne. Våre vener i Pakistan har gøymt henne og familien til den fengsla søstera på hemmelege stader. 

Kristne ikkje dei einaste 
Samstundes er det viktig å vera klar over at kristne ikkje er den einaste minoriteten i Pakistan som lever under hatretorikk og vald. Kristne, ahmadya-muslimar og sjia-muslimar lever under den same trusselen når pakistanske ekstremistar utløyser dødskreftene etter falske påstandar om blasfemi. Dette er godt dokumentert i ein fersk rapport frå pakistanske Centre for Social Justice. 

«Vi kristne og andre minoritetar får ikkje rettferd. Resultatet er mangel på tillit. Sårbare menneske lever utan håp om ei trygg framtid», seier fader Yaqoob i Jaranwala. 

Spør igjen, Barth Eide! 
Noreg har på ulike tidspunkt teke opp med Pakistan behovet for tiltak mot hatretorikk mot minoritetar og misbruk av blasfemilova, også i FNs menneskerettsråd. Eitt år etter den svarte dagen i Jaranwala er  det tid for utanriksminister Espen Barth Eide til på nytt å minna Pakistan om at det finst ein annan veg for landet enn ekstremismens dødelege nakketak. Kvifor har det dette siste året ikkje skjedd noko for betre å verna minoritetar mot ekstremistisk vald? Og kvar blir det av rettsoppgjeret etter tragedien i Jaranwala og andre valdsangrep mot sårbare og hardt pressa minoritetssamfunn? 

I det store og heile er det her i landet dessutan politisk – og kyrkjeleg – nesten dørgande stille. Dette kan verken norske politikarar eller kyrkjeleiarar leva godt med. 

AKTUELT

Prosjekt