– Milliarder til våpen kan ikke utrette det som evangeliet kan gjøre for Iran og for hele regionen.
Stortingspresidenten står opp for kristne og bahaiar i Iran
Ein av dei beste venene hans er kristen konvertitt. Han har bahaiar som vener.
Rasande iranske ayatollaer har ikkje fått stortingspresident Masud Gharahkhani til å angra: Han står fast på dei sterke orda han brukte då den unge kvinna Masha Amini døydde i hendene på det iranske moralpolitiet – som hadde arresterte henne fordi ho brukte hijaben feil.
I intervju med Magasinet Stefanus går Gharahkhani, som hadde dei første fem leveåra i Iran før foreldra flykta i 1987, også sterkt ut mot forfølginga av religiøse minoritetar:
– Det er det same mønsteret i totalitære regime. Det handlar ikkje nødvendigvis om religion, men om ein liten elite som vil halda på makta og som misbrukar religionen for å bestemma korleis folk skal kle seg og tru. Å vera bahai eller kristen eller ikkje ha noka tru er ikkje lov sidan eliten vil definera kva islam skal vera for deg og om du får lov til å vera del av ein annan religion. Det som skjer i Iran er ein sum av alt dette. Unge i Iran veit kva mangel på menneskerettar er. Det er desse rettane dei kjempar for, også trusfridommen.
«Mitt gudshus»
– Iransk politi arresterte sentrale bahai-leiarar i juli i fjor. Ei rekkje kristne sit fengsla med dommar på fem, ti og 15 års fengsel. Kva gjer det med deg som muslim å sjå dette?
– Eg blir forbanna. Eg har bahai-vener, og ein av dei beste venene mine er ein kristen konvertitt som kom som kvoteflyktning frå Iran til Noreg. Eg er muslim, men her i landet har eg vakse opp i Misjonskirken og fått dei verdiane som eg har. På 1. mai i år blei eg invitert til ein samtale i Sagene kyrkje i Oslo, det var fullt hus. Sturla Stålsett spurte meg korleis det var for meg å vera i kyrkja. Eg svarte med å fortelja om bestefaren min. Då vi ein gong gjekk forbi Bragernes kirke i Drammen, såg eg at han teikna seg med korsets teikn. Eg sa: «Kvifor gjer du det, bestefar? Er ikkje vi muslimar?» Han svara: «Men dette er også mitt gudshus.» Slik har eg vakse opp. Foreldra mine fortel om ungdomstida i Iran. Dei hadde armenarar som bestevener. Dei var med på å feira jul hos venene, og armenarane var med på å feira ramadan. Det var heilt naturleg å ha ulike religionar og ulik bakgrunn. Det er det ikkje i dag, det er truleg trist.
Det ville ikkje vore noko problem å ta opp situasjonen for fengsla bahaiar eller kristne konvertittar.
Masud Gharahkhahni
«Hald trykket oppe!»
– Kva kan vi i Vest, enten vi er politikarar, aktivistar eller folk flest, gjera for bahaiane og kristne konvertittar i iranske fengsel?
– Vi må halda trykket oppe, vi må peika på brot på menneskerettane. Vi kan sjølvsagt ikkje gjennomføra revolusjon i eit anna land. Men vi kan unngå å stikka kjeppar i hjula for dei mange unge som kjempar for fridom. Engasjementet i Iran har lagt press på det internasjonale samfunnet. Sanksjonane pressar regimet. Vi må visa dei unge at vi bryr oss, for å støtta den folkelege bevegelsen som kan pressa fram endring i Iran. Eg har tru på endring i Iran. Håpet ligg i dei unge, som trass i eit brutalt og valdeleg regime som fengslar og dømmer folk til døden, har teke til gatene for å kjempa for framtida og for den fridommen som vi har.
– Kunne du i ein gitt situasjon også lagt ut ein video om ein bahai eller ein kristen konvertitt i fengsel?
– Då eg heldt appell etter angrepet på Pride i Oslo, nemnde eg to lesbiske jenter som sit i fengsel i Iran. I Noreg har vi menneskerettar, demokrati og fridom. Vi kan ikkje vera egoistar, vi må kjempa for dei same rettane for folk i andre land. Så absolutt: Det ville ikkje vore noko problem å ta opp situasjonen for fengsla bahaiar eller kristne konvertittar. Dette opptek meg.
– Synest du internasjonal trusfridom får nok politisk merksemd?
– Vi kan alltid seia at vi skulle hatt endå større merksemd. Men samstundes er det flott at vi bur i eit land med sterkt engasjement. Situasjonen for bahaiane i Iran har vore løfta opp lenge. Så kjem det eit press mot oss politikarar.
Eg har vore fleire gonger i ei kyrkje enn i ein moské.
Masud Gharahkhani
«Tydeleg om trusfridom»
– Stefanusalliansen har rosa Utanriksdepartementet (UD) for engasjementet for bahaiane i Iran, men meldt at situasjonen for konvertittane – som er i same situasjon som forfølgd minoritet – også burde vore løfta fram i møte med regimet. Kva tenkjer du om det?
– Eg kjenner ikkje til korleis UD handterer dette. Men mitt utgangspunkt er at i religionsfridomens namn skal du både kunna tru, velje ein annan religion eller ikkje tru i det heile teke. Dette er elementære menneskerettar. Dette snakkar eg tydeleg om når eg har internasjonale gjester eller er andre stader.
– Kva reaksjonar har du fått frå Iran?
– Eg har fått høyra at folk set stor pris på at vi bryr oss. Folk seier: Hald fram med å bry deg, for det er avgjerande for at vi skal halda ut. Mange av dei som har vore ute i gatene, er 22 år eller yngre. Vi har sett kor brutalt regimet er, det fengslar og avrettar. Eg har fått høyra mange grufulle historier – mellom anna om gutar og jenter som er blitt valdtekne i fengsel. Hadde ikkje foreldra mine teke det valet dei gjorde og flykta i 1987, kunne eg – som da var fem år – vore ein av desse som no demonstrerer i gatene. Så eg angrar ikkje på at eg har brukt stemma mi. Det gjorde kanskje ekstra sterkt inntrykk at eg som vart fødd i Iran, håpar at Irans unge får dei same rettane som eg har i Noreg, som no er landet mitt – og at eg sa det på farsi. Eg visste kva eg gjorde, men eg hadde ikkje trudd at millionar skulle sjå det på kort tid.
Verdiar og demokrati
– Som muslim og flyktning har du nådd til topps i Norge. I kommentarfelt har du fått tyn av folk som fryktar islam. Korleis ser du i sum på korleis du er motteken her i landet?
– Eg blir invitert til svært mange miljø, også religiøse miljø. Fleirtalet er kristne miljø. Misjonskirken var avgjerande for at eg og familien klarte oss i Skotselv. Eg var med på alt av konfirmasjons-førebuing, heilt til presten sa: «Så langt, men ikkje lengre, Masud.» Bragernes kyrkje i Drammen er Guds hus for meg. Eg har vore fleire gonger i ei kyrkje enn i ein moské. Det fortel noko bra om det norske samfunnet at ein muslimsk flyktning kan bli stortingspresident. Så lenge du står for dei same verdiane og engasjerer deg i demokratiet, har du sjansen.