Politisk press for kristne Leah Sharibu i Nigeria - Stefanusalliansen
Kristen i Nigeria: Leah Sharibu (16) har i to år vore gissel hos Boko Haram, fordi ho gjekk på skule og nekta å gje opp trua si.

Kristen i Nigeria: Leah Sharibu (16) har i to år vore gissel hos Boko Haram, fordi ho gjekk på skule og nekta å gje opp trua si.  

Nigeria   

Det er KrFs Geir Toskedal, medlem av utanrikskomiteen, som stiller eit skriftleg spørsmål til utanriksministeren: «Vil statsråden ta saka opp med nigerianske myndigheter slik at jenta kan bli redda ut og sett fri?»

Han viser til at av ho vart kidnappa saman med 109 andre skulejenter i Dapchi i delstaten Yobe Nigeria for to år sidan, 19. februar 2018. Fem mista livet. Av dei overlevande er Leah Sharibu den einaste som framleis sit i fangenskap etter 2 år. Boko Haram eller ISWAP (Den islamske staten i provinsen Vest Afrika) som organisasjonen kallar seg, stod for ugjerninga.

Kidnappar skulejenter
Boko Haram har ei lære om at «vestleg utdanning er synd». Difor er svært mange jenter kidnappa i Nigeria.

– Fem av jentene frå Dapci kom ikkje frå det i live, 104  kom heim ein månad seinare etter tingingar med den nigerianske regjeringa, alle som muslimar. Leah ville ikkje konvertera til islam og slepp dermed ikkje fri. Ho er ein sårbar borgar som opplever urimeleg urett og diverre treng internasjonal merksemd i håp om å koma heim til familien der ho høyrer heime. Leah er utsett for grove brot på trusfridom, rett til utdanning, omsorg, fridom og tryggleik, skriv Toskedal.

«Slave for livet»
Det kom nyleg livsteikn frå henne og andre i same situasjon, gjennom andre frigjevne gislar. Stefanusalliansens Johannes Morken skreiv då teksten Ei bøn for Leah Sharibu. Hausten 2018 skreiv Boko Haram, etter å ha teke livet av to hjelpearbeidarar som var gislar fordi dei ikkje fekk løysepengar, at Leah og ein annan gissel skulle vera slavar for livet.

Angrip kristne i Nigeria
Livsteikna frå Leha kjem samstundes med meldingar om ein serie valdsangrep, drap og kidnappingar – retta mot kristne nord i Nigeria.

Utanriksministeren har ei veke på seg til å svara.

Stefanusalliansen har både sendt appell for Leah og hatt forbønskampanjar for henne i fangetida.

AKTUELT