Solveig Leithaug på juleturné for dei som vert forfølgde for trua si - Stefanusalliansen
Solveig Leithaug  med «Håp og lys i vinternatt» i Mortensrud kirke i Oslo.

Solveig Leithaug med «Håp og lys i vinternatt» i Mortensrud kirke i Oslo.  

Norge   

No er den kjende artisten på juleturné i solidaritet med dei som vert forfølgde for trua si i dag.

Leithaug skal ein heil månad, frå 24. november, på juleturné i Noreg med konserten «Håp og lys i vinternatt». Men før ho starta juleturnéen, kom ho med to nye singlar.

Juleturnéen blir gjennomført i samarbeid med Stefanusalliansen, ein misjons- og menneskerettsorganisasjon med fokus på trusfridom.

– Eg har stor respekt for Stefanusalliansen, arbeidet deira er svært viktig, seier Leithaug.

Forfylgde kristne i Sovjet
Engasjementet starta i femte klasse på Frekhaug.

– Eg var blitt for stor for Søndagsskulen. Tanta til besteveninna mi Berit, Solbjørg Åmdal Sandvik, hadde starta Søndagsringen. Vi var 7-8 jenter som møttest heime hos henne. Mellom anna las me høgt ei bok om forfølgde kristne ungdomar i dåverande Sovjetunionen. Det gjorde djupt inntrykk. På vidaregåande skule skreiv eg særoppgåve om Holocaust. Bøkene eg då las, skrella bort min egen manglande kunnskap om kva vondskap og urett som kan skje mot folkegrupper der menneskerettar vert sette til sides. Det brente seg fast i meg, fortel Leithaug.

Då Leithaug seinare vart låtskrivar, kom tanken om boka frå Søndagsringen tilbake.– Den inspirerte songen «Salt og lys» som eg skreiv då eg var 19-20 år. Det første verset handlar om forfølgde kristne i Russland. Etter ein konsert i ei kyrkje nordpå i august i år møtte eg – utruleg nok – eit russisk ektepar som no er norske statsborgarar. Mannen fortalte at då han var 16 år og heilt ny kristen, hadde han fått tak i ein piratkopi på kassett av den engelske versjonen av «Salt og lys» som kom ut på Word Records. Han hadde spela den om att og om att. Det rann nokre tårer for oss begge då han fortalte historia, fortel Leithaug.
 

Solveig Leithaug er på juleturné for første gong på fleire år, her i Teie kirke i Tønsberg. Foto: Marie Harbo Øygard

 

Midt i terror
Av dei nyare songane som kan knytast til engasjement for trusfridom, dreg Leithaug fram «Take Your Word For It» (2016). Det 4. verset går slik:

«And should the night be long and filled with terror

Or by morning light the arrows swiftly fly

Your heart will be the shield in which I'm hiding

For You promised You will never leave my side

I'll take Your word for it Jesus...»

Tårer på vegen
– Kva er bakgrunnen for denne songen?

– Eg hadde nettopp lese Matteus 6. Eg skulle møta ein annan komponist her i Nashville, Sarah Hart, for å skriva saman. På bilturen måtte eg køyra til sides og stoppa fordi gråten tok meg. Det er ikkje ofte det skjer. Eg hadde ei tid reflektert over om eg kunne skriva ein bønesong som kunne opplevast sann dersom den vart lytta til av ein person som var i livsfare på grunn av si tru på Gud, fortel Leithaug.

 

 

 

Kjem med ny musikk

Før Solveig Leithaug legg ut på juleturné, slepper ho to singlar. Den første, «Bera ei sorg», vart lansert digitalt 27. oktober. Leithaug har sett ny melodi til eit dikt som vart skrive av den store vestlandspoeten Aslaug Låstad Lygre (1910-1966) som er aller mest kjend for diktet «Vi skal ikkje sova bort sumarnatta».

Leithaug vart beden om å setja ny melodi til eit par av dikta til Aslaug Låstad Lygre i samband med ein konserthyllest til henne i Lindås og Knarvik kyrkjer i fjor med Seim Songkor. Singelen er ein nedstrippa versjon utan kor.  Den 10. november kjem Leithaug med singel nummer to. «Fest i september» er ei nordisk vise. Produsent for begge er Jon Kleveland. Musikkentreprenørene står bak utgjevingane.

Med seg på dei to singlane har ho kjende musikarar på gitar, el-gitar, bass, trommer og viola.

Åtte TV-program
Leithaug er også med på «Alle tiders sanger» med 40 artistar frå Norge og Sverige. Det vert gjort opptak i Nashville til åtte TV-program som skal gå på TV-kanalar i Sverige og Noreg. Egil Svartdahl er programleiar. Solveig Leithaug syng mellom anna saman med den kjende svenske gospelartisten Evie Tornquist for første gong.

AKTUELT