‘Slutt å oversjå det religiøse hatet bak terror i Nigeria’ - Stefanusalliansen
Mariz Tadros krev at Vesten tek inn over seg at mykje terror i Nigeria er driven av religiøst hat.

Mariz Tadros krev at Vesten tek inn over seg at mykje terror i Nigeria er driven av religiøst hat.  

Nigeria   

– Dei som avviser at terror i Nigeria også er religiøst motivert, må spørja seg kvifor militsane brenn kyrkjer og kidnappar kristne pastorar, seier Mariz Tadros til Magasinet Stefanus. NB. Intervjuet blei gjort i april 2022.

Tadros er ein av verdas fremste ekspertar på forholdet mellom religion og utvikling. Ho har bakgrunn frå det koptiske Egypt og er professor ved University of Sussex i Brighton i England.  Tadros leier CREID – koalisjon for religiøs likskap og inkluderande utvikling. 
 
FNs berekraftsmål slår fast at ingen skal bli haldne utanfor i kampen mot til dømes svolt, fattigdom og klimaendringar. Men Tadros ser i fleire land illevarslande døme på at religiøse minoritetar ikkje vert fanga opp.  

Refsar USA 
I tilfellet Nigeria  er kritikken frå Tadros hard: Ho seier at vestlege regjeringar snur ryggen til når regjeringa i Nigeria sviktar sine eigne innbyggjarar. Sist ut var utanriksdepartementet i USA som før jul fjerna Nigeria frå «verstinglista» over land med alvorlege brot på trusfridommen. 

– For å vera ærleg: Dersom ei slik liste ikkje er konsistent verken i kva land som vert tekne med eller kva vilkår som gjeld for å hamna på lista, er det betre å droppa lista. 

Tadros slår fast at valdelege aktørar som angrip sårbare i Nigeria, slepp unna med det. 

– Alle har, uansett bakgrunn, krav på å leva utan frykt for kidnapping eller vald. Når det skjer overgrep, har staten ansvar for å stilla dei ansvarlege for retten. Regjeringa i Nigeria sviktar på begge punkt. USA er blitt medansvarleg. Ved å fjerna Nigeria frå lista, sa USA at det Nigeria gjer er OK. 

Tadros minner også om at and som Storbritannia gjev Nigeria store militære bidrag utan på sikra seg at hjelpa faktisk vert brukt for å verna alle i Nigeria. 

– Terrorgrupper kryssar grensene og dreg ut igjen etter angrepa. Kva gjer Nigeria for å verna grensene? Ja, landet er stort, og grensene er enorme. Men vi må krevja å få vita kvar militærhjelpa blir av, seier Tadros. 

Massiv terror 
Nord i Nigeria har islamistiske Boko Haram og utbrytargruppa IS Vest Afrika gått blodig til verks – med drap og kidnappingar i årevis. 

– Då Boko Haram i 2014 kidnappa Chibok-jentene og Michelle Obama gjekk på TV og sa «Bring back our girls», vart det framstilt som om dette var eit enkeltståande tilfelle som kravde verdas sympati. Men i åra etterpå har det skjedd systematiske kidnappingar av unge – i periodar kvar veke eller kvar månad. Dette blir i aukande grad oversett, seier Tadros fortvilt. 

Også muslimar blir ramma: – Når islamistiske militsar angrip muslimske kvinner frå same stamme, er det ikkje på grunn av etnisitet, men fordi kvinnene ikkje følgjer den ytterleggåande ideologien. Fleire muslimske kvinner som arbeider for Raudekrossen og andre, er halshogne fordi kvinnene ikkje var kledde slik Boko Haram krev. Unge muslimar blir tvinga til å bli soldatar, seier Tadros. 

«Kvifor brenn dei kyrkjer?» 
I midtbeltet i Nigeria, der det bur mange muslimar og kristne, har det lenge vore konflikt mellom fastbuande bønder og gjetarfolket fulani. Dei fastbuande bøndene er ofte kristne, fulani-folket er hovudsakleg muslimar. Det siste tiåret er konflikten blitt meir valdeleg med tyngre våpen i hendene på fulanimilitsar. 

– Vi ser målretta angrep mot folk med kristen bakgrunn. Dersom dette berre handlar om fulani-gjetarar som kjempar om beiteland og ressursar: Kvifor tek dei ikkje berre kveg og beite? Kvifor kidnappar dei pastorar? Kvifor brenn dei kyrkjer og ikkje moskear? Den einaste grunnen til å brenna kyrkjer er å senda eit tydeleg ideologisk signal at dette er gudshus som dei ikkje vil skal eksistera, seier Tadros. 

 

Den einaste grunnen til å brenna kyrkjer er å senda eit tydeleg ideologisk signal om at dette er eit gudshus som dei ikkje vil skal eksistera. 

Mariz Tadros 


 

 

St Francis Church i Ondo-staten blei ramma av ein terroraksjon pinsedag, med kring 100 drepne.

Sterk motstand 
Tadros opplever sterk motstand mot å sjå at dette er meir enn ein etnisk konflikt om ressursar.  

– Utviklingsorganisasjonar hevdar at alle som seier at konflikten har ein religiøs dimensjon, feilframstiller konflikten. Men ved å ignorera den religiøse dimensjonen, blir konflikten verre. Di meir utviklingsaktørane overser den religiøse dimensjonen, di mindre handlingsrom vil dei sjølve få til meiningsfull aktivitet for å redusera fattigdom, fordi valden vert verre og fleire døyr. Mange utviklingsaktørar vågar ikkje lenger å dra inn i valdsutsette område, seier Tadros. 

Mistru og frykt 
I landsbyar i Midtbeltet bur kristne og muslimar om kvarandre. Ofte kler dei seg nokså likt. Tadros seier det har vore døme på at militsar har fått lokal hjelp til å peika ut hus der det bur kristne, for så å angripa husa til kristne. 

– Dette aukar mistru og frykt. Utsiktene til å hjelpa kristne og muslimar til å leva fredeleg saman, blir øydelagde. Det nyttar ikkje berre å samla folk etter ein valdsaksjon og tru at dei skal elska kvarandre. 

Tadros meiner ikkje at kvar einaste konflikt i Nigeria er driven av religion eller ideologi.  

– Men ved i stor grad å ignorera den religiøse, overser vi mange av dei mest utsette og sårbare. 

FØRST PUBLISERT I MAGASINET STEFANUS 4-2022

 

«Makabert angrep»

Pinsedag slo terroristare til mot St Franvis katolske kyrkje i Owo i delstaten Ondo sørvest i Nigeria. Minst 50 blei drepne, fleire av dei var barn. Det vart kjasta dynamitt inn i kyrkja, og det vart skote med automatgevær. Etter terroren seier den katolske presten Obiora Ike:

«Angrepet på kyrkjas fødselsdag var makabert. Det er eitt av mange retta mot kristne. Jihad-terroristar frå Boko Haram, IS og fulanimilitsar godtek ikkje kristen vekst. Nigeria treng hjelp, og vi treng religiøs fred,» seier den katolske presten Obiora Ike til Stefanusalliansen. Han leier kristen-muslimsk dialog i Nigeria. 

AKTUELT