Slik taper trusfridommen terreng - Stefanusalliansen
KIna har trappa opp angrepa både på registrert og uregistrert utøving av tru. Her vert kyrkja Gylne Lysestake knust i januar 2018.

KIna har trappa opp angrepa både på registrert og uregistrert utøving av tru. Her vert kyrkja Gylne Lysestake knust i januar 2018.  

Trosfrihet   

Politiske restriksjonar for religion har det siste tiåret auka markant rundt om i verda, fastslår det verdsette amerikanske Pew Research Center i ein rapport som dokumenterer utviklinga frå 2007 til 2017.

Det same tiåret har det mange stader vore ein markert vekst også i vald og trakassering av truande, utført av ekstremistiske organisasjonar og grupper – eller av enkeltindivid.

I 2007, då Pew starta kartlegginga, var det 40 land som hadde eit høgt eller svært høgt nivå i politiske restriksjonar på religion. I 2017 var talet stige til 52. Dette inkluderer store, folkerike land som Kina, Indonesia og Russland.

Og talet på land med høgt nivå på sosial fiendskap som involverer religion, har gått opp frå 39 til 56 i den same perioden.

Islam favorisert. Veksten i politiske restriksjonar er ikkje likeleg fordelt. Midtausten og Nord Afrika er den regionen som lenge har hatt dei hardaste restriksjonane – og som sterkast favoriserer éin religion. Det er berre eitt land i denne regionen som ikkje favoriserer ein religion – det er Libanon. Av dei andre er det berre Israel som ikkje favoriserer islam.

I fleire europeiske land er det innført nye restriksjonar, som til dømes rammar kvinnelege klesplagg – hijab, burka og nikab. Og i Afrika sør for Sahara er det urovekkjande tendensar til at ekstremistgrupper brukar kidnapping og tvangskonvertering for å pressa eigne normer på andre. Boko Harams herjingar ikkje minst i Nigeria er eit slikt døme.

Dei aller fleste landa som sterkast favoriserer ein særskilt religion, favoriserer islam. Men mellom dei landa som mellom 2007 og 2017 har innført favorisering, finn vi både nye katolske privilegium på Kapp Verde (2014) og privilegium for Theravada-buddhisme i Thailand (2017). På Samoa vedtok regjeringa i 2011 obligatorisk kristendomsundervisning i grunnskulen, og i 2017 slo parlamentet der fast i grunnlova at Samoa er ein kristen nasjon.

Tyrkia gav i 2017 muslimske organ i provinsar og distrikt makt til å registrera ekteskap, på vegne av staten.

Midtausten verst. Landa med det høgaste nivået på politiske restriksjonar finn vi i Asia, Midtausten og sør for Sahara  Afrika. Eitt av dei mest urovekkjande døma er Kina der truande må høyra til ei av fem godkjende trusretningar, men der det er mange døme på vald og andre inngrep både mot registrerte og ikkje-registrerte truande.

Saudi-Arabia innførte i november 2017 ei ny lov mot terrorisme. Den lova kriminaliserer alle som direkte eller indirekte utfordrar religionen eller rettshandhevinga til Kongen og Kronprinsen. Det er forbode å framheva ateisme «i alle former». Og det er forbode å reisa tvil om fundamenta i islam. Det er også forbode å publisera noko som helst som går på tvers av islamsk lov. Det er også forbode med praktisering av alle ikkje-muslimske religionar, og det forbode for muslimar å konvertera.

I Europa har Ungarn teke mange steg i gal retning sidan 2007: Ei ny lov i 2012 endra regelverk for registrering av trussamfunn – og tok frå 350 grupper offentleg registrering. Det har hatt store følgjer for finansiering og sjansen til å driva sosialt arbeid.

Kritikk. Pew sine rapportar er lenge blitt brukt som ein slags fasit, men er i aukande grad blitt kritiserte for sine svake sider. Ingen dreg i tvil at Pew fangar opp den globale trenden med inngrep mot trusfridom. Men Pew sine rapportar vert kritiserte for ikkje å vera til å stola på når dei kjem med tal på næraste uforklarlege nasjonale svingingar. Måten å rekna på har også i somme årsrapportar gjort at liberale demokrati i Europa har kome dårlegare ut enn diktatur kva gjeld sosiale fiendskap, som Tysland versus Saudi-Arabia i 2013. Det siste er påpeikt av den tyske teologen Thomas Schirrmacher. Helge Årsheim på Teologisk Fakultet har kritisert Pew for eit underleg funn om norske forhold i rapportane for 2015 og 2016. Rapportane hevda at norske styresmakter avgrensa retten til å konvertera og at styresmaktene i same periode trakasserte religiøse grupper. Han sa til Vårt Land 21. desember 2018 at det er vanskeleg å finna kjeldegrunnlag for dette.

Han meiner Pew ikkje måler trusfridommen slik den er definert i folkeretten. Pew måler restriksjonar på religion – og reknar også ulike former for regulering som restriksjonar. Pew «problematiserer enhver regulering av religion», hevdar Årsheim som meiner Pew baserer seg på eit amerikansk verdbilete av religion. Han meiner det er eit ope spørsmål om «restriksjoner på religion» er eit meiningsfullt omgrep.

Forsvarar seg. Pew sjølv forsvarar kjeldegrunnlaget sitt og seier elles at dei ikkje prøver å vera normative eller å prakka på folk eit særskilt verdsbilete. Pew seier også at dei legg kjelder og dasta ope fram slik at folk skal kunna vurdera og etterprøva.