Putin hardt til verks mot kristne som vågar å kritisera krigen - Stefanusalliansen
Vladimir Putin og patriark Kirill gjer felles sak sak i kampen mot prestar som kritiserer krigen.

Vladimir Putin og patriark Kirill gjer felles sak sak i kampen mot prestar som kritiserer krigen.  


Putin har fått krigen mot Ukraina velsigna av den øvste leiaren for den russiske-ortodokse kyrkja, Moskva-patriark Kirill. Dei svært få prestane og pastorane og andre religiøse leiarar som vågar å kritiserera krigen, blir det slått hardt ned på.

Snart må den 53 år gamle forkynnaren Eduard Charov møta i retten. Inntil vidare har han forbod mot å reisa utanfor heimedistriktet sitt – han har også forbod mot å bruka telefon og internett. Charov og kona gjev til dagleg tak over hovudet til heimlause på staden der dei bur, i Sverdlovsk-regionen i Ural. Det melder Forum 18 Newsservice som Stefanusalliansen støttar. No risikerer Charov fengsel for å ha «sett den russiske hæren i vanry», gjennom kritikk av Ukraina-krigen.

Eduard Charov. Foto: RFE/Article18

«Ville Jesus reist til Ukraina for å drepa?»
Charov vart bøtelagt gjennom eit administrativt vedtak i mai 2023. Då hadde han, med adresse til «folk i kyrkja», skrive i sosiale media: «Ville Jesus reist til Ukraina for å drepa?»

Men Charov hadde meir på hjarta.  Han skreiv nemleg ein kommentar om patriotisme, men utan å hylla verken hæren eller regjeringa som patriotar:

«Ein patriot er ein som ønskjer å gjera landet sitt betre, folket rikare, og regjeringa meir ærleg og rettferdig. Ikkje ein som rettferdiggjer total fattigdom og korrupsjon med innbilt stordom og åndelege band.»

No kan han bli dømt til fengsel. Charov er tiltalt etter straffelova.

Tiltalen mot Charov handlar om meir enn at han har «diskreditert hæren». Han er også tiltalt for «offentleg oppmoding til terroraktivitetar, offentleg rettferdiggjering av terror eller propaganda for terror, ved bruk av internett».

Kona til Charov seier at dette punktet i tiltalen må ha kome etter at mannen hennar i september 2023 skreiv ein sarkastisk kommentar på ein annan brukars VKontakte, ei russisk utgåve av Facebook.
 

Nikolay Romanyuk. Foto: RFE

Pinsepastor blei slått i hovudet
Fleire andre er også under etterforsking for å ha kritisert krigen på religiøst grunnlag. I oktober i fjor blei pinsepastor Nikolay Romanyuk den første som blei tiltalt ikkje berre for å ha sett hæren i vanry, eller «diskreditert hæren», men også for å ha oppmoda til handlingar som trugar «nasjonens tryggleik».

I september 2022 heldt han ei preike der han sa at «på grunnlag av Den heilage skrift» burde kristne ikkje dra for å kjempa i Ukraina.  Preika blei direktesendt og deretter lasta opp på YouTube-kanalen til kyrkja. Difor er pastoren under etterforsking for «offentlege oppmodingar til å gjennomføra aktivitetar retta mot tryggleiken til Den russiske føderasjon».

Ifølgje tiltalen skal han også ha «hindra statlege organ og statlege tenestemenn» å sikra tryggleiken til landet, ved bruk av massemedia og internett.

Væpna menn ransaka heimen til pastoren og heimane til fleire andre medlemmer av kyrkja den 18. oktober i fjor. Under arrestasjonen vart Romanyuk utsett for tortur då han blei banka i hovudet, skriv Forum 18 Newsservice.

Buddhistleiar sit i varetekt
Også ein zen-buddhistisk leiar er stilt for retten, han møtte i retten i desember, i Moskva.. Ilya Vladimirovich Vasilyev er tiltalt for å «ha spreidd falsk informasjon» om den russiske hæren. Han sit i varetekt til dommen kjem i mars.

Aleksej Navalnyj blei erklært som ekstremist. Songaren og låtskrivaren Andrey Buyanov har fått ei sviande bot for å støtta Navalnyj. Foto: Shutterstock

Songar støtta Navalnyj
Den 27. januar 2025 den den 44 år gamle kristne songaren og låtskrivaren Andrey Buyanov det som kan vera den hittil største bota for å ha kritisert Russlands krig mot Ukraina på religiøst grunnlag. Han er kjent skuldig på ti punkt.

I rettsdokumenta er bøtesummane sladda, skriv Forum 18 Newsservice. Men han kan potensielt ha fått bøter som svarar til minst 2 gjennomsnittlege månadsløner i Moskva-regionen. Innlegga vart funne under nettovervaking. Kontra-ekstremisme-senteret til Innanriksdepartementet har karakterisert funna som «ekstremistisk materiale».

I eitt av innlegga støtta songaren Aleksej Navalnyj, den kjente opposisjonspolitikaren i Russland, som vart funnen død i ein av Putins verste fangeleirar den 16. februar i fjor. Songaren Buyanov fordømde «handlingane til dei russiske væpna styrkane».

Han skreiv at han beundra folk «som ikkje var redde og som kom til sørgeseremonien og gravferda» til Navalnyj i Moskva i mars 2024. I ein video Buyanov la ut, er det ei kyrkje i bakgrunnen. Buyanov seier der at «folket ropar det som burde ha blitt høyrt i kyrkjene....« 'Nei til krig!' Men det høyrest ikkje. Guds stemme (er) forvist frå kyrkjene.»

Navalnyjs organisasjon, Fondet til kamp mot korrupsjon, er erklært som ein ekstremistisk organisasjon.

Krig mot kritikarar
Kort tid etter at Russland gjekk til fullskala invasjon av Ukraina i februar 2022, introduserte Vladimir Putin tidleg i mars nye lover for å straffeforfølgja dei som motsette seg krigen, eller «spesialoperasjonen», uansett grunn, inkludert på religiøst grunnlag.

Dei første nye paragrafane vart signerte den 4. mars 2022. Det gjaldt både ein ny paragraf i forvaltningslova og ein ny paragraf i straffelova. Det vart forbode å «diskreditera dei væpna styrkane». Tre veker seinare, den 25. mars, vart lova utvida. No vart det straffbart også å «diskreditera statlege organ».

Anna Chagina vart bøtelagt for å stert Bergpreika. Foto: Privat

Åtvaring og bøter
Regjeringa har brukt ei rekkje taktikkar for å pressa religiøse leiarar til å støtte den fornya invasjonen av Ukraina. Det er gitt åtvaringar til sentrale og lokale religiøse leiarar.

Sidan februar 2022 har domstolar fengsla to og bøtelagt tre for at dei på religiøst grunnlag har motsett seg Russland si krig mot Ukraina. Dei er dømde etter den nye straffelova.

Den første som blei dømt og bøtelagt i ei kriminalsak for kritikk av krigen, var fader Nikandr Pinchuk. Han hadde skrive på VKontakte, Russlands svar på Facebook, at «angrepet på Ukraina var eit brot på dei heilage boda, utført av dei som skulle forsvara boda».

Musikaren Anna Chagina fekk ei sviande bot for å ha skrive «Sæle er dei som skaper fred».

Mikhail Simonov er dømt til fengsel for kritikk mot krigen.

Lange fengselsstraffer
I  2023 kom to dommar med  lange fengselsstraffer for kritikk av krigen på religiøst grunnlag.

Den russisk-ortodokse presten Mikhail Simonov blei i mars 2023 dømt til sju års fengsel for å ha «spreidd falsk informasjon» om den russiske hæren. Han hadde mellom anna skrive: «Medan kvinner og barn blir drepne, syng vi sangar på Kanal 1. Vi, Russland, er blitt gudlause. Tilgje oss, Herre.»

I august blei presten Ioann Kurmoyarov dømt til tre års fengsel for det same.

Det er dessutan opna tre straffesaker mot fleire som har reist frå Russland. Dei er sette på den føderale lista over etterlyste.

Presten Ioann Viktor Burdin er bøtelagt av politiet og dømt for blasfemi av kyrkje. Han har yrkesforbod. Foto: Privat

Fekk bot for å minna om det femte bodet
Mange andre som protestert mot krigen, mellom anna på nettet, er blitt bøtelagde etter forvaltningslova. Dersom dei gjentek protestane mot «spesialoperasjonen», risikerer dei å bli tiltalte etter straffelova, med risiko for fengselsstraff.

Ein av desse er presten Ioann Viktor Burdin. Han blei bøtelagt alt 9. mars 2022, dagar etter at Putins hadde gått til fullskala krig og signerte dei nye lovene for å stoppa kritikk. Både på nettsida til kyrkja og i ei preike 6. mars 2022 kritiserte han krigen. Han minna om bodet «du skal ikkje drepa».

Så vart han dømt for blasfemi
Men Burdin er også under angrep av den russisk-ortodokse kyrkja som han var prest i. Først blei han i praksis pressa ut av stillinga som prest i landsbyen Karabanovo. Deretter blei han i ein kyrkjeleg domstol i august 2023 i bispedømmet Kostroma dømt for blasfemi mot kyrkja og patriark Kirill. Han fekk globalt yrkesforbod.


Erklært som ekstremistar

Trusfridommen og andre menneskerettar som ytringsfridommen, forsamlingsfridommen og organisasjonsfridommen, vert meir og meir stramma inn i Russland.

Mange samvitsfangar er utsette for tortur, og dei som har stått bak torturen, slepp unna straff. Fleire samvitsfangar er fråtekne statsborgarskapet og kasta ut av Russland.

Eitt av Putins grep er å erklæra heile organisasjonar som ekstremistiske, slik Aleksej Navalnyjs organisasjon blei. Ekstremist-skuldingar blir også brukt mot Jehovas Vitne og muslimar som held seg til Said Nursi og hans skrifter.  

Forum 18 Newsservice fortel at det finst ei statleg liste over 95 000 etterlyste. Av desse er minst 43 tiltalte for å utøva trusfridommen sin.


Stengjer nettsider
Stadig aukande internett-sensur har ført til at nettsider og materiell er blitt blokkerte for • «ekstremistisk» innhald

• motstand mot krigen mot Ukraina frå eit religiøst perspektiv

• materiell som støttar LHBT+ personar i religiøse samfunn

• ukrainsk-baserte religiøse nettsider

• sosiale medium til straffeforfølgde personar; og nyheits

• NGO-nettsider som inkluderer dekning av brot på religionsfridommen.

AKTUELT

Prosjekt