Fond fra store enkeltgaver er buffer mot kostnadsvekst. Gjenvalgte ledere.
Skal jødane verkeleg få det endå verre enn Holocaust?
Skal verkeleg det jødiske folket i endetida gjennom ein trengsel verre enn Holocaust? Ja, ifølgje ein oppskakande kronikk i Dagen.
Negative haldningar til jødar har gledeleg nok gått ned dei siste ti åra. Men fordommar mot jødane har halde stand. Det viser den nyaste undersøkinga frå HL-senteret (desember 2022).
Ein av desse fordommane er at jødane sjølve har skulda for at dei blir forfølgde. 8 prosent støttar påstanden, fortel undersøkinga. Finst ein del av desse i visse krinsar av «Kristen-Noreg»? Det inntrykket er det lett å lesa seg til på debattsidene i Dagen.
Ei kristen utgåve av den nemnde fordommen er at jødane blir forfølgde fordi dei avviste Jesus. YouTube- og TikTok-predikanten Levi Jensen beklaga nyleg at han fekk seg til å seia at «Jødedommen var de som drepte Jesus». Han forstod i ettertid at denne påstanden er blitt brukt antisemittisk – som påskot for å forfølgja jødane gjennom 2000 år.
Sjokkerande
Det er for det første ikkje sant at «jødane drap Jesus». Det som er sant at jødiske leiarar i Jerusalem for 2000 år sidan ville ha Jesus rydda av vegen.
Det er trist og sjokkerande at folk som skriv i avisene, ikkje forstår den store skilnaden og heller ikkje ser ut til å ha brukt eit sekund på å lesa dei blodige kapitla i antisemittismens kristne historie. Ta Steve Jensen, til dømes, som i Dagen 10. januar forsvarar det Levi Jensen har beklaga.
Men det kan ikkje vera slik at det som politiske og religiøse leiarar på eitt tidspunkt gjer og meiner, er noko eit heilt folk som må svara for i generasjonar. Steve Jensen er oppteken av kristen misjon retta mot jødane. Det er eit tema, men ikkje her. Poenget her er: Påstanden om at «jødane drap Jesus» er blitt brukt som påskot for å forfølgja og slå ihel jødar, og det er lett å lesa seg til.
Eitt døme: Då jødane vart forfølgde på det verste i det russiske-tsarriket frå siste del av 1800-talet, gjekk gjerne presten i front under pogromane på langfredag. Han gjekk med ein kross høgt heva. Eit valdeleg kristent opptog starta i kyrkja og tok seg inn der jødane budde for å drepa og jaga jødane, «fordi dei drap Jesus».
Mange andre ting kunne ha vore skrive om innlegget. Det let eg vera. For debattsidene inneheld andre variantar av same tema.
Jødar skal drepast
Dagen før HL-senteret kom med den nemnde undersøkinga, kunne vi (Dagen 5.12.22) lesa ein lengre kronikk av forkynnar Ivar Haugsbakk – om endetida. Eg diskuterer ikkje teologi om endetida. Men kort fortalt:
Haugsbakks syn er at når endetida kjem, vert den kristne kyrkjelyden rykt opp. Slik slepp dei ei sju års trengselstid før Jesus kjem tilbake. Etter at Jesus har kome tilbake, skal Antikrist nedkjempast og Kristus oppretta Tusenårsriket. Det er eit jordisk rike for Israel, som Haugsbakk skriv. Men, viser det seg, berre for ein liten rest.
Det jødiske folket har nemleg ei grufull trengselstid i vente, ifølgje Haugsbakk: «Det er ikke uten grunn at denne kommende tid vil bli den hardeste tid det jødiske folk noen gang har opplevd, for her skal de som ikke har en bekjennende tro på Gud, lide under både trengsel og vrede». (…) «En stor del av folket skal ikke omvende seg og bli drept (…) to tredjedeler skal utryddes og omkomme…»
Her står det i praksis at fordi jødane som folk ikkje har teke imot Jesus som Messias, skal trengselen bli verre enn Holocaust som vel er det verste jødane så langt har vore gjennom.
Og det står at det «ikke er uten grunn» at trengselen skal bli den verste. Årsaka er at dei ikkje har teke imot Jesus som Messias.
Kva vil ein jøde som mista familien i Auschwitz, tenkja om kristne sitt syn på det jødiske folket ved å lesa kronikken?
Ingen motstand
Det er godt halvannan månad sidan kronikken stod på trykk. Haugsbakk har fått motstand for sitt syn om at den kristne kyrkja skal bli spart for trengselen. Eg vil tru at kristne som blir sette i grufulle leirar i Nord-Korea eller drepne i terror i Nigeria, ikkje forstår at dei blir sparte for trengsel.
Men ingen har, så langt eg har fått med meg, kommentert påstanden om at jødane snart skal få det endå verre enn Holocaust. Heller ikkje Dagens melding av Haugsbakks digre bok på over 700 sider, drøfta påstanden om kva lagnad som ventar det store fleirtalet av jødane.
Det ser heller ikkje ut som om redaksjonen har sett ansvar for å få andre stemmer til å kommentera om Bibelen skal forståast slik Haugsbakk les til dømes profeten Sakarja. Eg dreg ingen konklusjon i ein teologisk diskusjon eller tolking av profetiske skrifter. Eg utfordrar kunnige folk som kan kasta lys over scenariet som Haugsbakk sjølv er heilt overtydd om vil skje.
Eit oppskakande spørsmål: Kva vil ein jøde som mista familien i Auschwitz, tenkja om kristne sitt syn på det jødiske folket ved å lesa kronikken? Eg misunner ikkje jødane rolla som «Guds utvalde folk» som objekt i kristen debatt.
- Sjefredaktør Vebjørn Selbekk i Dagen har svart på lederplass: «Når kristne endetidsgrublerier nærmer seg antisemittisme».