- Trosfriheten for muslimer og kristne kollapser i India, sier kommisjon.
Sjokk for Indias kristne
Den indiske høgsteretten slår fast, utan eit einaste prov, at tvangskonverteringar er eit stort problem som set landets nasjonale tryggleik i fare. Dette varslar ille for kristne og muslimar.
To dommarar i høgsteretten slo 14. november fast at «tvangskonvertering er eit svært alvorleg problem». Innan 22. november krev domstolen «klart svar» på kva regjeringa vil gjera. Høgsteretten møtest igjen 28. november.
Utspelet frå høgsteretten skaper uro for at regjering og parlament vil vedta ei nasjonal lov for å kriminalisera alle konverteringar, eller endra grunnlova. Dette er illevarslande ikkje minst for kristne, men også for muslimar.
Hatefull stemning
Etter at det hindunasjonalistiske partiet BJP kom til makta i India i 2014, har lovgjeving som kriminaliserer konvertering, skote fart i delstatar der partiet styrer. Elleve delstatar har i dag slike lover.
Den tiande delstaten var Karnataka for få månader sidan. Lova kriminaliserer konvertering med «makt, utilbørleg påverknad, lokkemiddel, tvang eller bedragersk framgangsmåte». Slik stemninga er, kan det meste bli definert som lovbrot. Ingen fengsla kan setjast fri mot kausjon. Alle som vil skifta religion, – les: konvertera frå hinduismen – må senda inn ei erklæring 30 dagar før.
Politi og andre makter kan altså fritt invadera folks private, åndelege liv.
Fleire lover rettar seg også mot muslimar – som er under hatefulle angrep også av andre grunnar – ved å kriminalisera «kjærleiks-jihad»: Muslimar vert skulda for «heilag krig» gjennom ekteskap med hindu-kvinner.
Straffene varierer frå eitt til opp til 10 års fengsel.
Ifølgje grunnlova er India eit sekulært land med trusfridom. Dersom grunnlova vert forandra, vil trusfridommen fort bli verdilaus også i statar som i dag ikkje har kriminalisert konvertering.
Ingen fakta
Saka vart fremja for høgsteretten av ein advokat med base i den paramilitære, hindunasjonalistiske rørsla RSS som er ein ideologisk støttespelar for regjeringa. I 2020 avviste høgsteretten initiativet til advokaten, av mangel på prov for konvertering med tvang. Denne gongen fekk han medhald. Han hevda at folk i stort omfang vert konverterte etter «trugsmål, lureri og lokking med økonomiske fordelar». Men han la ikkje fram eit einaste prov. Høgsteretten konkluderte utan å ha fakta og utan å definera kva dei legg i å lura eller lokka folk til å skifta tru.
Evangelikale kyrkjeleiarar eg kommuniserer med, avviser blankt at kristne lokkar, lurer eller tvingar folk. Den einaste forma for tvangskonvertering dei kjenner til, er hindunasjonaliistiske Ghar Wapsi-seremoniar for å konvertera folk tilbake til hinduismen.
Land for hinduar
Ofte er det menneske av låg kaste som vil ut av den sosiale nauda, som let seg døypa. Dåp er aldri ein enkel resept. Men dette er avgjort ein viktig faktor for ønskje om konvertering.
Det kjende indiske magasinet India Today har i si siste utgåve ei stor sak om fattige lågkaste-menneske i sikhdominerte Punjab. Dei søkjer store pinsekyrkjer eller pastorar med gudstenester i eigne heimar. Den katolske kyrkja er ikkje like glad over at store pinsekyrkjer «stel» medlemmer.
Sjefredaktøren i India Today støtta ikkje angrep på minoritetar, og var tydeleg på at forholda for fattige av låg kaste, må løysast. Likevel er det grunn til å frykta at fokus på konverteringar fører til nye angrep frå hindunasjonalistar også i Punjab. I andre, BJP-styrte delstatar med lover som kriminaliserer konvertering, er det sterk vekst i mobbens angrep.
Advokat Upadhya som fekk høgsteretten med seg, byggjer opp under frykt. Scenen er sett, som ein indisk menneskerettsaktivisten seier det, for hjernevask av den hinduistiske opinionen. Hindunasjonalistar skremmer med at den nasjonale tryggleiken er i fare.
India Today-utgåva frå Punjab var datert same dag som høgsteretten konkluderte. Menneskerettsaktivist som eg av tryggingsgrunnar ikkje namngjev, er opprørt: «Mediemafiaen som underbyggjer statsminister Modis forsøk på å få ein milliard hinduar til å føle seg redde for 2,5 prosent kristne, ser ut til å operera i takt.»
Kampanje
Ein av dei viktigaste tenkjarane bak den hindunasjonalistiske, paramilitære RSS-rørsla var den no avdøde MS Golwalkar. Han stempla kristne, muslimar og kommunistar som indre fiendar. Han var smitta av naziideologi som diverre kan få nye bein å gå på.
I fjor sommar samla toppane i den paramilitære hindunasjonalistiske rørsla RSS seg i fjellbyen Chitrakoot på grensa mellom to BJP-styrte delstatar – Madhya Pradesh og Uttar Pradesh. Byen er heilag, ifølgje ein av hinduismens tekstar.
Eit føremål var å lansera ein kampanje med slagord om å frigjera India frå burkaen, som symboliserer det muslimske samfunnet, og prestane, som symboliserer det kristne samfunnet.
Avisa The Daily Guardian skreiv at kampanjen vil forby alle konverteringar. «Konvertering vil ikkje bli tolerert under noko omstende», heitte det frå møtet. Det vart varsla press for ei nasjonal lov. Det presset har RSS no fått høgsteretten med på. Indiske minoritetar har endå verre ting i vente.
Vi nærmar oss jul. I julehøgtida i fjor opplevde indiske kristne 16 dokumenterte valdsangrep. Når førjulstida i år blir prega av ein nasjonal kampanje styrt av hat mot minoritetane, kan jula i år bli endå verre enn den i fjor.