Seksdobling av vald mot kristne – statsministeren seier ikkje eitt ord - Stefanusalliansen
I februar 2023 samla 10000 kristne seg til fredeleg protest i New Dehli, mot aukande vald mot kristne i India.

I februar 2023 samla 10000 kristne seg til fredeleg protest i New Dehli, mot aukande vald mot kristne i India.  

India *   

Ei bølgje av hatefulle angrep vart retta mot kristne som feira jul i fleire indiske delstatar. På ti år er omfang av trugsmål og vald mot kristne nær seksdobla.

Over 400 indiske kristne leiarar ber presidenten og statsministeren om hjelp. Dei gjer det i sjokk over auken i vald mot indiske kristne generelt og spesielt etter ei bølgje av vald mot kristne i julefeiringa. Nyttårsaftan sende dei over 400 leiarane ein hasteappell til president Draupadi Murmu og statsminister Narendra Modi. Stefanusalliansen har fått tilsendt appellen frå Ecvangelical Fellowship of India.

I appellen krev dei over 400 leiarane viktige strakstiltak for å stansa aktivitetane til valdelege mobbar som trugar og angrip «kristne samlingar over heile landet, terroriserer lokalsamfunn og skadar bildet av Bharat (India) og regjeringa i landet».

I juletida åleine blei det rapportert om minst 14 tilfelle av truslar og forstyrringar, arrestasjonar av og direkte angrep mot kristne i ulike indiske delstatar. Desse hendingane forsterkar ein alarmerande tendens med aukande intoleranse og fiendskap, skriv dei vel 400 kristne leiarane i ein appell dei har kalla «eit rop frå hjarta».

Modi er taus
– Det mest alarmerande er at angrepa skjedde medan statsminister Narendra Modi deltok på julefeiringa på den katolske bispekonferansen i India, seier Vijayesh Lal til Stefanusalliansen. Han er generalsekretær i Evangelical Fellowship of India. 

– Modi kritiserte angrepa på kristne i Tyskland og andre stader og angrep på religiøse minoritetar. Men ikkje eitt ord kom ut av munnen hans om angrep mot kristne og muslimar her i India, konstaterer Lal.

Lal er svært kritisk til at Modi framleis er heilt taus om valdsbølgja i delstaten Manipur, ei valdsbølgje der kristne frå urfolket kuki er aller mest ramma. Den tragedien starta i mai 2023. Enno har Modi ikkje gjesta delstaten.

– Og talet på angrep veks, mot muslimar og mot kristne. I går kveld vart ei gravid kvinne i Bastar i Chhattisgarh banka opp så ille at ho akkurat no er på sjukehus med fare for å mista barnet. For eit par dagar sidan blei to kvinner og ein mann i Orissa bundne fast og banka opp. Alt dette skjer medan dei politiske leiarane er tause. Det er svært alvorleg, seier Lal.

Seksdobling av vald over ti år

Statistikkane over vald mot kristne i India er urovekkjande:

• Fram til midten av desember i 2024 blei det rapportert om over 720 tilfelle av vald mot kristne. Desse rapportane kom til Evangelical Fellowship of India.

• United Christian Forum (UCF) hadde ved utgangen av november på si side registrert 760 saker med trugsmål, trakassering og vald mot kristne.

Veksten i trugsmål og direkte vald har vore dramatisk sidan statsminister Modi og hans hindunasjonalistiske parti BJP kom til makta i 2014. Det året vart det rapportert 127 saker med trugsmål, trakassering og fysiske valdsangrep mot kristne i India. Ved utgangen av 2024 viser altså rapportane ei seksdobling.
 

Misbruk av lover til vald
Dei 400 leiarane ropar varsku om fleire systematiske tendensar i India:

• 12 indiske delstatar har lover som strengt regulerer konvertering. Dei 400 leiarane skriv at misbruk av desse lovene har ført til arrestasjonar og trakassering av over 110 geistlege gjennom 2024.

• Det er vekst i hatprat og trakassering av kristne samfunn, inkludert restriksjonar på fredelege bønnesamlingar og distribusjon av religiøs litteratur.

• Ekskluderande politikk vil nekta dalit-kristne status som Scheduled Caste. Denne statusen sikrar dalitane (dei kastelause) nokre grunnlovsfesta rettar til velferd for å løfta dei ut av den verste fattigdommen. Å ta frå eller nekta slik status til kristne dalit-samfunn opprettheld historiske urettar, skriv dei 400 leiarane.

 

Jaga frå gard og grunn
• I India lyder forsterka krav om å fjerna kristne stammefolk frå lista over Scheduled Tribes (planlagde stammar, ST). ST-statusen gjev svært fattige stammefolk nokre grunnlovfesta rettar til velferd for å løfta dei ut av den verste fattigdommen. Å fjerna kristne stammefolk frå denne lista diskriminerer dei basert på tru og undergrev konstitusjonelt vern og sosial harmoni, skriv dei 400 kristenleiarane.

 

UCA news melder at kristne stammesamfunn i den sentrale indiske delstaten Chhattisgarh var svært usikre på om dei våga å feira jul. Dei lever under trugsmål frå hindu-naboar som vil tvinga dei til å bli hinduar eller gå tilbake til den trua dei hadde som stammefolk før dei valde kristen tru. Anonyme kjelder blant dei kristne klagar over vedvarande trugsmål over fem år. Dei risikerer å bli kasta ut av landsbyane dersom dei held fast på den kristne trua. I desember blei fleire titals familiar jaga frå alt dei eigde i tre landsbyar nettopp i Chhattisgarh.
 

Brend kyrkje i Manipur.

 

Brende kyrkjer
Dei 400 indiske kristne leiarane uttrykkjer i appellen sin også djup uro for krisa og valden i delstaten Manipur i nordaust. Der er over 250 liv gått tapt, over 360 kyrkjer er øydelagde og tusenvis av menneske er fordrivne sidan starten av mai 2023.  I appellen blir statsministeren beden om å spela ei synleg og aktiv rolle for å fremja fred og forsoning. Forsoning i Manipur er avgjerande for samhald og integritet i India, skriv dei 400 kristne leiarane.

Den amerikanske kommisjonen for trusfridom (USCIRF) har i ein fersk rapport slått fast at trusfridommen i India kollapasar, ein rapport den indiske regjeringa protesterte mot.

Bak hat og vald mot både muslimar og kristne står ikkje minst den paramilitære hindunasjonalistiske rørsla RSS som i 2021 lanserte ein kampanje for «å frigjera India for kristne og muslimar». RSS er moderorganisasjonen til regjeringspartiet BJP.

Felles protest mot vald
I februar 2023 samla kristne leiarar frå alle kyrkjesamfunn i India ein felles demonstrasjon mot vald – i hovudstaden New Dehli. Etter den tid har den negative utviklinga halde fram. Det har vore fleire varskurop mot vald.

No kjem det altså ein felles appell frå meir enn 400 kristne leiarar. Dei ber om:

• Raske og upartiske undersøkingar av hendingar som er målretta mot religiøse minoritetar.

• Gje klare retningslinjer til regjeringane i delstatane om å verna konstitusjonell rett til trusfridom.

• Initiativ til regelmessig dialog med representantar for alle trussamfunn.

• Verne den grunnleggjande retten til fritt å praktisera tru.


Appellen understrekar at inkludering og harmoni er avgjerande ikkje berre for den moralske strukturen i India, men også for økonomisk og sosial velstand i landet.

Desse har signert

Blant dei som har signert appellen er biskop Thomas Abraham, biskop David Onesimu, biskop Joab Lohara, rev. dr. Richard Howell, sr. Mary Scaria, fr. Cedric Prakash SJ, dr. John Dayal, fr. Prakash Louis SJ, rev. dr. Zelhou Keyho, rev. dr. EH Kharkongor, Allen Brooks, rev. K Losii Mao, rev. dr. Akhilesh Edgar, dr. Michael Willams, Mr. A C Michael og rev. Vijayesh Lal.

Den kjene menneskerettsaktivisten Shabnam Hashmi har også signert brevet i solidaritet.

AKTUELT