Risikerte dødsstraff for blasfemi, blei frikjent etter 10 års fengsel - Stefanusalliansen
Sajjad Masih Gill fekk ti år i fengsel før han blei fri.

Sajjad Masih Gill fekk ti år i fengsel før han blei fri.  

Pakistan   
Blasfemi   

Ti år tok det frå den kristne mannen Sajjad Masih Gill blei arrestert til han blei frikjent for alvorlige skuldinga om blasfemi. Hadde han blitt kjent skuldig, ville han fått dødsstraff.

– Vi er glad for at advokaten overtydde retten om at Sajjad Masih Gill er uskuldig, seier Sajid Christopher.

Han leier Human Friends Organization (HFO) i Lahore i Pakistan. Med midlar frå Stefanusalliansen kunne HFO hyra inn advokat Malik Amjed Pervaiz.

Tekstmelding
Sajjad Masih Gill, som er adventist frå Punjab-provinsen, blei arrestert i desember 2011. Han vart skulda for å ha sendt ei tekstmelding som snakka nedsetjande om profeten Muhammed.

Politiet fann ingen spor av meldinga på telefonen hans, men hevda at meldinga kunne sporast tilbake til telefonen.

I 2013 vart Sajjad Masih Gill dømt til fengsel på livstid etter paragraf 295 C i straffelova.

Livstid ikkje nok, sa retten
Ei ankesak kom opp Lahore Hugh Court i mars. Då blei dommarane overtydde av påtalemakta om at livstid ikkje er nok etter paragraf 295 C. Det er ein paragraf med dødsdom for blasfemi.

Dersom Sajjad Masih Gill var skuldig, måtte han dømmast til døden, fastslo Lahore High Court, den høgste domstolen i provinsen.

Sist veke saka endeleg opp i retten.

Han sende inga melding
Sajjad Masih Gill har heile tida erklært seg uskuldig. Han har vore klar på at han aldri hadde kjøpt det sim-kortet som blei brukt til å senda tekstmeldinga. Han sa også at alle kollegaene på arbeidet hans er muslimar som han respekterer og som er venene hans.

I retten kom det fram at Sajjad Masih Gill tilbake i desember 2011 blei arrestert ti dagar etter at den aktuelle tekstmeldinga skal ha vore sendt. Ingen av vitna som påtalemakta førte, hadde sett han verken skriva eller senda meldinga.

Politiet bad klagaren namngje Sajjad
Han som varsla politiet om den påstått blasfemiske meldinga, fortalte dessutan at han aldri hadde opplyst namnet til Sajjad Masih Gill. Han sa at politiet hadde bedt han skriva namnet til Sajjad Masih Gill som den skuldige.

Retten slo fast at påtalemakta ikkje hadde prova utover rimeleg tvil at Sajjad Masih Gill var skuldig. Difor vart han frikjent.

– Dette er den femte som er dømt for blasfemi og  som er blitt fri etter innsats frå HFO. Arbeidet nyttar, seier Sajid Christopher.

Johannes Morken i Stefanuslliansen deler gleda over at Sajjad Masih Gill endeleg er fri, men seier han er fortvilt og sint fordi mannen har måtta lida seg gjennom nesten ti års fengsel som ein uskuldig mann.

– Dette er endå eit døme på misbruk av blasfemilova der uskuldige kristne hamnar i fengsel i årevis. Eg er glad for at retten endeleg har sett han fri. Det fanst ingen prov. Difor skulle han aldri vore fengsla, langt mindre fått livstidsdom og definitivt ikkje ny sak med risiko for dødsdom, seier Johannes Morken.

Han minner samstundes om andre som sit i fengsel, som Asif Pervaiz som har fått dødsdom.

I juni blei ekteparet Shagufta Kausar og Shafqat Emmanuel frikjende. Dei er no i Europa.

AKTUELT

Prosjekt