Sri Lanka: Statlige myndigheter prøver å undergrave kristne ledere og kirkeledere.
‘Sri Lanka: ‘Regimet vernar dei som stod bak påsketerroren’
Påskedag 2019 ble 269 menneske drepne i sjølvmordsangrep på kyrkjer og hotell. Ingen sår er lækte.
Oppdatering januar 2023: No vert landet leia av:
President Ranil Wickremesinghe. Statsminister Dinesh Gunawardena
----
– Regjeringa på Sri Lanka vernar dei verkeleg ansvarlege for påsketerroren i 2019 og har brukt både terroren og pandemien til å skjerpa forfølginga av religiøse minoritetar.
Det hevdar Ria Samuel i Stefanusalliansens partner på Sri Lanka. Ho står sentralt i arbeid for trusfridom og rettferd i ein organisasjon som også har hjelpt mange av offera for terroren. Av tryggingsgrunnar brukar vi verken det verkelege namnet hennar eller namnet på organisasjonen.
Ei lokal islamistgruppe fekk skulda for det samordna terrorangrepet mot to katolske kyrkjer, ei protestantisk kyrkje og tre hotell
Trur ikkje sanninga kjem fram
Tre år etter er ingen dømde. 25 er tiltalte, blant dei er ein tidlegare politisjef og ein tidlegare forsvarssjef, skulda for å ha oversett varsel om terror. Men Ria Samuel trur ikkje dei verkeleg ansvarlege er stilte for retten i ei sak som etter planen startar i mars.
Kardinal Malcolm Ranjith, den katolske leiaren i Colombo, har med styrke skulda styresmaktene for å løyna hjernane bak terroren.
– Eg er usamd med kardinalen i mykje, men her har han heilt rett, seier Ria Samuel.
– Trur du sanninga vil koma for ein dag?
– Eg er skeptisk. Det er lenge sidan sanninga om noko som helst har kome for ein dag på Sri Lanka. Kanskje skjer det. Men det blir i så fall lenge til.
Ria Samuel er jurist som mellom anna arbeider med brot på trusfridommen for kristne og stiller opp med juridisk hjelp til folk som blir utsette for brot på trusfridommen.
«Prøver å skremma»
Ho seier at det derimot synest å vera «stor entusiasme hos regimet for å prøva å skremma». Ria Samuel er sjølv blitt kalla inn til avhøyr og har opplevd overvaking.
– Korleis opplever det kristne samfunnet situasjonen, tre år etter terroren?
– Terroren var ein tragedie. Etterpå er dessutan terroren brukt som orsaking for å stramma kontrollen med minoritetar, også kristne. Regjeringa sa at dei ville styrka tryggleiken. Men dei har brukt terroren som reiskap for å skaffa informasjon om kristne og innskrenka trusfridommen og bruken av gudshusa, svarar Ria Samuel.
Sidan starten av 90-talet har organisasjonen som frå i år er Stefanusalliansens partner på Sri Lanka, sett at omfanget av brot på trusfridommen for kristne har auka.
– Dette er urovekkjande, og det same rammar også muslimar og hinduar, seier Ria Samuel.
Nasjonalistisk regime
Regimet som fekk makta etter valet i november 2019, er den same konstellasjonen som erklærte ein brutal slutt på borgarkrigen mot Tamil-tigrane i 2009.
– Det er eit «hardcore» buddhistisk-nasjonalistisk regime som vil vinna kampen mot religiøse og etniske minoritetar. Regjeringa er kjent for brot på menneskerettane og for systematisk å vilja innskrenka rommet for minoritetar, seier Ria Samuel.
I 65 prosent av tilfella av diskriminering og vald mot kristne i åra 2019-2021, har dessutan offentlege tenestemenn – direkte eller indirekte – vore involverte.
Sidan 2008 har styresmaktene også byrja å krevja at alle trussamfunn registrerer gudshusa sine.
– Dette krev dei sjølv om det ikkje finst noka lov som krev det, seier Ria Samuel.
– Dessutan: Dei to siste åra er pandemien blitt brukt for å innskrenka rettane til minoritetar, også kristne. Vi er mellom anna under auka overvaking.
«Forsoning krev oppgjer»
– Etter terroren i 2019 uttrykte de at kristne måtte «visa kjærleik, fred og tilgjeving». Er tilgjeving råd utan rettsoppgjer?
– Vi kristne tenkjer ofte vi skal tilgje og vera ferdig med det. Ja, forsoning krev tilgjeving. Men det trengst også rettferd og oppgjer med urett. På Sri Lanka manglar ekte forsoning i mange samanhengar. Det har ikkje skjedd forsoning etter borgarkrigen. Krigsoffera og krigsenkene har ikkje opplevd forsoning. Bibelsk forsoning er ikkje billeg, men dyr. Det må til på Sri Lanka.
Ria Samuel seier at mange har gløymt offera etter terroren i 2019.
– Mange mista sine kjære, og dei stod utan den som skaffa eit levebrød. Mange blei invalide. Vi må hugsa på dei og arbeida for dei.
Stefanusalliansens nye partner har etter terroren utført eit stort hjelpearbeid, både i den akutte fasen etter terroren og meir langsiktig etterpå.
Dei to siste åra er pandemien blitt brukt for å innskrenka rettane til minoritetar, også kristne.
Ria Samuel
Sterke kyrkjelege spenningar
Det har vore sterke spenningar mellom evangelikale kyrkjer og leiinga i den katolske kyrkja. Kardinal Malcolm Ranjith, den katolske erkebiskopen i Colombo, gjekk på ein pressekonferanse 11. februar 2021 hardt ut mot «sjølvproklamerte evangelikale pastorar». Han sa også at «kyrkjer utan administrative strukturar er ein trussel mot den religiøse harmonien» på Sri Lanka. Han bad om eit lovverk som kan regulera «sjølv-proklamerte pastorar» som driv «uetiske konverteringar». Han hevda at desse brukte pengar for å få folk til å konvertera.
Ei veke etterpå uttalte ministeren for religion og kultur at departementet er i ferd med å utarbeida ei lov for å handtera «uetiske konverteringar».
Så langt er det ikkje kome noko lovforslag. Det er Ria Samuel glad for.
Ho er svært kritisk til kardinalen på dette punktet.
«Kome nærare kvarandre»
Ria Samuel seier også at «vi som kristent samfunn og som kyrkjer må stå saman i fellesskap for å be om oppgjer og forsoning».
– Har terroren ført kristne nærare kvarandre?
– På ein måte, ja. Vi evangelikale har fått arbeida på like fot og også fått hjelpa katolske offer etter terroren. Dessutan: Kardinalen er erkebiskop i Colombo, men ikkje den einaste representanten for katolikkane . Vi har fått gode relasjonar til mange katolske prestar. Vi har samarbeidd med katolske menneskerettsgrupper og reist på felles oppdrag for å dokumentera brot på trusfridommen. Mange katolikkar deler heller ikkje kardinalen sitt syn på oss.
– Kva slags relasjonar har de fått til muslimske samfunn?
– Vi trur på prinsippa i religionsfridommen. Etter borgarkrigen har ekstremistgrupper gått til valdelege angrep på muslimar og til systematisk forfølging av hindusamfunnet og det kristne samfunnet. Alle dei tre gruppene har møtt forfølging, på kvar vår måte. Vi har starta eit godt samarbeid med det muslimske samfunnet og med hindusamfunnet. Saman driv vi politisk arbeid for trusfridom, seier Ria Samuel og legg til:
– Vi lærer no opp representantar for det muslimske samfunnet og hindusamfunnet.
Be om at vi som kyrkje klarar å visa Guds kjærleik.
Ria Samuel
«Be for oss»
– Kva er din bodskap til norske kristne?
– Be for Sri Lanka. Be for den forfølgde kyrkja. Be om at kyrkja må søkja forsoning og veksa. Be om at vi som kyrkje klarar å visa Guds kjærleik ved å stå saman med dei som er ramma av terror og brot på menneskerettane og snakka på deira vegne. Be Gud gje oss krefter og visdom, svara Ria Samuel.
Påsketerroren
• Påskedag 2019 angrep syv islamistiske terrorister tre kirker og tre hoteller i et koordinert angrep klokken kvart på ni om morgenen.
• En åttende terrorist sprengte seg i luften noen timer senere og drepte to sivile.
• I alt ble 269 drept, 56 av dem barn.
• Cirka 500 ble skadet, de fleste fra den kristne minoriteten.
• 25 er tiltalt. Mer enn 23 000 tiltalepunkt inkluderer konspirasjon til mord og våpenanskaffelser.
Sri Lanka
• Folkegrupper: Singalesarar og tamilar
• Folketal: 22,9 millionar (2020)
• Religion: Buddhisme, hinduisme, islam og kristendom
• Britisk koloni frå 1776. Fullt uavhengig i 1948, som Ceylon.
• Statsoverhovud: Gotabaya Rajapaksa
• Statsminister: Mahinda Rajapaksa
• Borgarkrigen tok slutt i 2009 då hæren brutalt slo ned geriljarørsla Tamiltigrane nord på Sri Lanka.
FØRST PUBLISERT I MAGASINET STEFANUS, 2-2022