Blasfemiskulda kristen mann (73) er død etter brutalt angrep av mobb - Stefanusalliansen
Sajid Christopher i Human Friends Organization takkar politiet for å ha hindra ein langt verre katastrofe.

Sajid Christopher i Human Friends Organization takkar politiet for å ha hindra ein langt verre katastrofe.  

Pakistan   
Blasfemi   

3.6.2024. Dette er ei oppdatert utgåve av ei tidlegare sak publisert 27.5. om eit mobbangrep nær Sargodha i Pakistan. Mobben skulda den kristne mannen Nazir Masih (73) for blasfemi og prøvde å drepa han. No er han død.

17.6. Oppdatering: 50 familier som flykta for livet, er vendt hjem, men trenger mathjelp fordi de lever under ekstremistenes trussel.  HFO gir dem mat. Politiet har vakthold. Nazir Masihs familie er også vendt hjem og lever under politibeskyttelse. De skal flytte til sikkert skjulested.

21.6. Nazir Masihs enke døyr, truleg på grunn av påkjenninga, HFO opplyser at ho ikkje var sjuk før lynsjinga av mannen.

--

Nazir Masih som vart frakta bevisstlaus og med store skadar til eit sjukehus i Rawalpindi etter å ha blitt slått helselaus av ein ekstremistisk mobb 25. mai, er død. Han låg på respirator.

– Det er tragisk nytt. Misbruk av blasfemilova må stoppast. Parlamentet må vedta si sikring i blasfemilova for å stoppa misbruket av lova. Styresmaktene må gjera denne saka til ei testsak slik at mobbvold tek slutt. Overgriparane må stillast til ansvar og svara for seg i retten, seier Sajid Christopher, leiar i Human Friends Organization (HFO).

– Ekstremistvald etter misbruk av den pakistanske blasfemilova har fått endå eit dødsoffer. Det er trist og tragisk. Styresmaktene i Pakistan må slå hardt ned på voldsretoritikk og misbruk av blasfemilova. Den norske regjeringa må på nytt ta det farlege misbruket av blasfemilova og den utbreidde hatretorikken opp med Pakistans styresmakter, seier redaktør Johannes Morken i Stefanusalliansen. 

Storm og søppel
Det hadde vore storm natta til den 25. mai 2024. Om morgonen rydda Nazir Masih (73), som saman med familien bur i eit kristent nabolag i Punjab-provinsen i Pakistan, bort søppel som hadde blåst inn på eigedommen rundt skofabrikken som han eig.

Han sette fyr på papir som hadde falle ut av ein kartong nær fabrikken hans. Blant papira var det, utan at Nazir Masih visste om det, delar av ein koran.

– Ved eit uhell sette han altså fyr ein koran, fortel Sajid Christopher i Human Friends Organization (HFO), Stefanusalliansens partnar i Pakistan. Han og eit team frå HFO var raskt på plass og har sendt ut ein grundig rapport.

Ekstremist mobiliserte mobb
Ein nabo av Nazir, Muhammed Ikram, oppdaga at Nazir brende papir. Han fann utbrende koranrestar. Både Ikram og borna hans har vore i konflikt med familien til Nazir Masih i fleire år.

I nabolaget Mujahid Colony bur om lag 200 kristne familiar. Muslimane utgjer 70 prosent og dei kristne 30 prosent. Nazir Masih er ein eldre kristen som høyrer til ein familie som eig skofabrikkar.

Muhammad Ikram er knytt til det ytterleggåande islamistpartiet Tehreek-e-Labaik Pakistan (TLP) som krev dødsstraff for blasfemi. TLP hyllar også dei som, utan å venta på noko rettssak, tek livet av folk som vert skulda for blasfemi – det ekstremistane reknar som å vanæra Koranen eller profeten Muhammed.

Då Muhammed Ikram oppdaga brende koransider, konfronterte han først ein annan kristen, Indaryas Masih. Masih beklaga det som hadde skjedd. Men Ikram godtok ikkje orsakinga. Han tilkalla folk frå ekstremistpartiet TLP. Den rasande mobben var straks på veg.

 

Han tilkalla folk frå ekstremistpartiet TLP. Den rasande mobben var straks på veg.

 

Den lokale politistasjonen fekk 15 naudanrop og rykte ut. Men før politiet nådde fram, samla ein mobb på 100 – 150 personar seg ved huset til Nazir Masih – væpna med stokkar og mursteinar. Raskt vaks folkemengda til meir enn 400 personar. Stefanusalliansens søsterorganisasjon CSW skriv at det folkemengda blei på 1000. Videoar viser raseri, vandalisme og sinte rop. Politifolk frå fleire stasjonar vart tilkalla og mobiliserte mot mobben, fortel HFO.

 

HFO-teamet inspiserer det brannherja huset til Nazir Masih. Foto: HFO

Politi mot mobb
Trass i at politiet gjorde intense forsøk på å roa ned mobben med megafonar og forsikringar om at Nazir Masih ville verta handsama etter lova, greip mobben til vald. Dei sette fyr på skofabrikken til Nazir Masih og prøvde å trengja inn i huset hans. Medlemmer av ein lokal fredskomité prøvde å mekla, men utan hell. Mobben sette så huset til den kristne mannen i brann.

I eit forsøk på å redde Nazir Masih og familien hans, brukte politiet tåregass mot folkemengda. Under evakueringa vart Nazir angripen og alvorleg skadd av mobben. Han låg bevisstlaus på bakken.

Politiet klarte å få den bevisstlause mannen inn i ein ambulanse som var omgitt av den rasande mobben. Mobben angreip ambulansen med steinar og stokkar. I frykt for sine liv rømde ambulansefolka frå sjukebilen.

Politifolka var sjølv under angrep. Ein politimann hadde ein nøkkel til motorsykkelen sin i lomma. På forunderleg vis klarte politimannen å starta ambulansen med motorsykkel-nøkkelen. Deretter køyrde politimannen ambulansen til CMH-sjukehuset i Rawalpindi. Det såg ut til at livet hans var redda. Nasir Masih vart lagt på respirator.

Blei mobbens dødsoffer
Den 3.6.2024 kom det altså melding om at Nasir Masih døydde.

– Politiet er overalt i nabolaget for å kontrollera situasjonen. Lat oss håpa dagens gravferd vil gå roleg for seg. Familien til Nasir Masih vert halden på hemmeleg adresse av politiet, fordi dei risikerer livet i møte med mobben, fortel Christopher om morgonen norsk tid 3.6.

Formannen i Pakistan Ulema Council (PUC) uttrykkjer sorg over drapet på Nazir Masih. Han seier at det er båpde ulovleg og illegalt å ta blasfemilova i eigne hender, skriv Associated Press of Pakistan. Han ber om ei rask rettssak mot dei som stod bak drapet.

Pakistans minoritetsnettverk (NMA) heldt søndag 3. juni ein demonstrasjon i byen Faisalabad mot mobbangrepet i Sargodha, skriv den pakistanske nettavisa Dawn. Nettverket krev at regjeringa kjem med nye tiltak for å verna religiøse minoritetar i Pakistan. Nettverket krev også ein eigen kommisjon med vide fullmakter for å undersøkja valdsangrep mot minoritetar.

 

 

 

På forunderleg vis klarte politimannen å starta ambulansen med motorsykkel-nøkkelen

 

«Hindre nytt Jaranwala»
– Politiet gjorde ein god innsats. Dei berga livet til Nasir Masih og hindra at dette vart eit nytt Jaranwala, uttalte Sajid Christopher i Human Friends Organization (HFO) dagen etter angrepet. Så var altså livet til Masih ikkje til å berga, til det var skadane for store.

I Jaranwala blei eit heilt kristent nabolag brent ned i august i fjor etter at ekstremistar hadde funne nokre skadde koransider utanfor huset til to kristne brør. Den gongen var politiet altfor seint ute – med altfor få politifolk. I dag er heimane og kyrkjene bygde opp att med støtte frå styresmaktene.

Dei to brørne som vart skulda for blasfemi, vart frikjende og sette fri i mars. Politiet fann ikkje prov. Det viste seg at tre andre kristne som låg i krangel med brørne, stod bak falske skuldingar mot brørne. No er dei tre arresterte, skulda for blasfemi.

Den brannherja skofabrikken til Nazir Masih. Foto: HFO

Mobb arrestert
44 personar i mobben var namngjevne i politimeldinga, medan mellom 350 og 450 er ukjende. Ifølgje den pakistanske nettavisa Dawn er 26 aresterte og sit i varetekt.

Kristne flykta i panikk
– Mange kristne i nabolaget låste heimane sine og flykta i panikk. Ein betydeleg politiinnsats er sett inn å skapa ro, hindra meir vald og sikre tryggleiken til dei som bur i nabolaget, fortel HFO. Dei som flykta, vende heim igjen, varr det meldt 29. mai.

Kritiserer blasfemilova
Redaktør Johannes Morken i Stefanusalliansen fordømmer valden mot Masih, men er glad for at politiet stogga meir vald. Han legg til:
- Den pakistanske blasfemilova bryt med alle Pakistans nasjonale og internasjonale forpliktingar til trus- eller livssynsfridom, og er ei farleg drivkraft for religiøs ekstremisme. I første omgang må misbruket av blasfemilova ta slutt.

 

Mange kristne i nabolaget låste heimane sine og flykta i panikk.

 

Situasjonen i nabolaget Mujahid Colony er framleis spent, men er under kontroll med stort politioppbod, fortalde HFO 28. mai.

– Styresmaktene arbeider for å stabilisera situasjonen, sikra rettferd og hindra at slikt skjer igjen, seier Sajid Christopher.

HFO ber om at politiet på varig basis styrkjer nærværet og patruljeringa i dette nabolaget.

Nasir Masih som blei banka medvitslaus av mobben og fekk huset påtent, er politimeld for blasfemi. Han er 73 år. Foto: CICF

Tilbyr juridisk og sosial hjelp
Familien til Nazir vert halden av politiet på hemmeleg adresse, under press og truslar frå ekstremistane.

HFO var klare til å tilby Nasit Masih juridisk hjelp for ei rettferdig rettssak. No er han altså død.

HFO har alt, gjennom kyrkjene, gått inn med mathjelp til naudlidande.

– Vi tilbyr psykososial og finansiell støtte særleg til dei traumatiserte familiane som i panikk måtte flykta frå heimane sine. HFO bidreg også for å styrkja dialogar for å løysa underliggjande spenningar i dette lokalsamfunnet. Og vi vil overvaka situasjonen og rapportere om utviklinga, seier Sajid Christopher.

Pakistan skjerpa og utvida i fjor blasfemilova ved å innføra minstestraff på ti års fengsel og ved å gjera det til eit brotsverk å fornærma mellom andre konene til profeten Muhammed.

AKTUELT

Prosjekt