Iranske kristne: Seksdobling av fengselsstraffer, fortel rapport - Stefanusalliansen

 

Iran   

Ayatolla-regimet i Iran skrudde opp bruken av fengselsstraffer mot kristne i 2024. Kristne blei dømde til til saman 250 år i fengsel. Det er seks gonger så mykje som i 2023, fortel fersk rapport. 96 kristne fekk til saman 263 år bak murane. Til samanlikning vart 22 kristne året før dømde til 43,5 år i fengsel til saman.

Ei viktig årsak til denne sterke veksten i er bølgjer av arrestasjonar i andre halvdel av 2023, mellom anna i jula. Det kom dessutan mange lange fengselsdommar mot enkeltmenneske. Fem kristne blei dømde til ti års fengsel, og ein kristen blei dømt til 15 år bak murane.

Dette er menneske som på fredeleg vis har leia huskyrkjer av menneske som har konvertert frå islamsk bakgrunn. Ayatolla-styret reknar dette som ein fare for den islamske nasjonen.

Isfjell av overgrep
Dette og mykje meir blir dokumentert i ein fersk rapport om brot på menneskerettane for kristne i Iran. Rapporten har fått namnet «The tip of the iceberg» («Toppen av isfjellet»). I fjor blei minst 139 arresterte. Men det er store mørketal, melder organisasjonen Article18 som Stefanusalliansen støttar. Article 18 har laga rapporten saman med Middle East Concern og Christian Solidarity Worldwide (CSW), som også er partnarar av Stefanusalliansen, og Open Doors.

Dommane mot dei 96 i 2023 inkluderte også til saman 37 år i indre eksil etter sona fengselsstraffer og bøter på til saman kring 800 000 dollar, i overkant av 9,1 millionar kroner. Aldri før har den samla summen av idømde bøter i saker mot iranske kristne vore så høg.

Det var altså fleire arrestasjonsbølgjer i andre halvår 2023. Yasin Mosavi er ein av minst 46 kristne som blei arresterte i jula det året. Han var ein av åtte av desse som fekk dommane sine i Revolusjonsdomstolen 27. mai 2024. Dei åtte fekk til saman 45 års fengsel. Yasin Mosavi blei dømt til 15 års fengsel. I april blei han sett fri mot kausjon på 2 millionar toman, om svarar til kring 330000 kroner. Når han og dei andre blir henta inn til soning, er ukjent.

Anonyme
Mosavi er ein av dei som står fram med saka si, med namn og bilete. Mange som blir utsette for overgrep frå ayatolla-styret, vågar aldri rapportera av frykt for følgjene for seg og familiane. Eit godt døme: Andre juledag i 2024 blei minst 40 kristne arresterte i to ulike byar Iran. Dei møttest for å feira jul. Så kom politiet – juletida er kvart år høgtid for arrestasjonar i Iran. Men desse minst 40 kan ikkje identifiserast, dei vågar ikkje, av frykt for følgjene. Det er lett å forstå.

Store mørketal
I tillegg kjem ei tredje gruppe: det viser seg å vera mange saker som ingen av våre partnarar eller andre får vita om. Dette vart tydeleg då det i 2024 vart lekka 3 millionar filer med dokument for rettsvesenet i hovudstaden Teheran for dei 15 åra mellom 2008 og 2023.

Filene inneheldt også sakene til 300 kristne som var blitt tiltalte på grunn av trua eller religiøse aktivitetar. Desse 300 sakene var berre toppen av det nemnde isfjellet sidan dei berre gjaldt hovudstaden Teheran. Dessutan blei det dokumentert at 37 saker som gjaldt 96 personar ikkje var inkluderte i Teheran-talet.

Det kom dessutan fram at 58 prosent av desse 300 sakene aldri var blitt rapporterte.

Sanninga er diverre: Kvar gong vi formidlar ein rapport om brot på trusfridommen i eit land som Iran, er situasjonen etter alle solemerke altså endå verre.

Jaktar på utanlandske gåver
Rapporten «The tip of the iceberg» fortel også om ein heilt ny trend. Agentar for den islamske Revolusjonsgarden er byrja systematisk å jakta på spor av gåver eller finansielle overføringar til kristne i Iran frå familie og vener i utlandet eller frå andre kristne utanfor Iran.

I ein periode på to månader blei kristne i minst fem iranske byar eller arresterte eller på andre måtar taua inn for avhøyr. Dei var mistenkte for å ha teke imot økonomiske gåver frå utlandet. Dei vart truga med tiltale etter paragraf 500 i den islamske straffelova. Den paragrafen kan gje inntil ti års fengsel for «propaganda som bryt med den heilage religionen islam».

Det å ta imot pengar eller organisert støtte frå utlandet er også straffbart. Meir enn 70 prosent av tiltalane mot kristne i 2024 var under denne nokså nye paragraf 500.

Hatefull tale mot huskyrkjer og bahai
Politkken mot konvertittar – og bahaíar – er djupt rotfesta. I 2010 leverte Irans øvste leiar Ali Khamenei ein kjent hatefull tale. Han åtvara mot at Irans fiendar prøvde å «destabilisera fundamentet for (vårt) folks tru, særleg dei unge, ved å spreia umoral, falsk mystisisme, bahai-isme og nettverk av huskyrkjer. Dette er handlingar som i dag blir utførte med nøye planlegging av Irans fiendar.»

Dei lekka retts-dokumenta viser kor utbreidd hatefull tale mot kristne, bahaiár og andre er også i rettsprosessar i Iran. I ei sak mot ein konvertitt viste dommaren til religiøse leiarar som grunngjeving for streng dom, han skreiv mellom anna at leiande religiøse hadde sltt fast «den islamske regjeringa si plikt til å kjempa mot tilfelle av moralske og ideologiske avvik».

Her er viktige funn frå dei lekka dokumenta, i korte trekk.

• Kristne vert forakta som medlemmar av ei "sekt" og ein trussel mot tryggleiken i landet.
• Å fremja kristendom vert kriminalisert.
• Kristne vert avhøyrde om trua si og tvinga til å forkasta trua.
• Bibelen vert behandla som smuglarvare og bevis på eit brotsverk
• Det vert reist tiltale mot kristne for vanlege aktivitetar og religiøse praksisar.

«Huskyrkjer har gått amok»
Ayatolla Vahid Khorasani har til dømes uttalt: «I dag herjar wahhabisme, baha'isme og kristendom i dette landet... huskyrkjer har gått amok. Baha'isme har fått fotfeste, til og med med apotek i vårt land. Det er regjeringa si plikt å konfrontere desse truslane...».Andre ayatollaer har uttrykt uro for evangelisk misjonering og huskyrkjer.

Mohammad Nasirpour i påtalemakta skreiv følgjande til leiaren for Den islamske revolusjonsdomstolen i Teheran: «Den evangeliske kristne sekta, som tener interessene til global imperialisme, rettar seg mot trua til muslimske borgarar, destabiliserer familiar og spreier umoral ved å prøva å konvertere folk frå sjia-tru og fremja libertinisme; dermed arbeider dei mot eit mjukt kupp av den islamske republikken.»

Dei lekka filene viser at fengsling, bøter og til og med pisking er blitt idømde menneske som har teke imot eller gitt humanitær hjelp og delteke i nattverd og andre religiøse handlingar.

Men sjølv om skuldingar om «sionistisk evangelisk aktivitet» og samarbeida med vestlege land eller Israel er utbreidde, er det ifølgje dei lekka filene berre to kristne som offisielt er tiltalte for spionasje. Det synest som det ikkje var prov for dette sidan denne tiltalen blei avvist i begge sakene.

Dei godkjende kristne – og dei forfølgde
Det er igjen viktig å minna om den store skilnaden mellom dei små gruppene av anerkjende iranske kristne og konvertitt-kristne. På den eine sida: Dei små armenske og assyriske minoritetane kan praktisera trua si på sine eigne etniske språk og innan eigne heimar og gudshus. Dei blir framheva av regimet som «bevis» på islamsk toleranse, men vert handterte som andrerangs borgarar.

På den andre sida: Det er strengt forbode å ha gudstenester på farsi (iransk) eller å dela trua med muslimar. Dei mange kristne med islamsk bakgrunn – kanskje er dte innpå 1 million av dei – forfølgde som ein trussel mot nasjonal tryggleik eller som påståtte agentar eller støttespelarar for utanlandske makter eller som spreiarar av «sionistisk kristendom». Konvertittane har ingen gudshus dei lovleg kan bruka og møtest difor i huskyrkjer. Desse blir altså stempla som ulovlege og ein trussel mot den nasjonale tryggleiken.

 

  • LES OGSÅ: Laleh nekta å godta at ho er trussel mot Irans nasjonale tryggleik

AKTUELT

Prosjekt