Putins maskerte og væpna soldatar invaderer kyrkjer
Russiske soldatar storma inn i ei baptistkyrkje i okkupert by.

Grace Church i Melitopol er ei av kyrkjene som er stengde av russiske okkupantstyrkar.
Den 10. november invaderte Putins soldatar for tredje gong på eit år baptistkyrkja i den okkuperte ukrainske byen Melitopol i Zaporizjzja-regionen. Soldatane sjekka passa og gav alle ordre om å forsvinna. Diakon Sergey Potemkin vart kalla inn til avhøyr hos den russiske politi-avdelinga for kamp mot ekstremisme og terrorisme.
Kyrkja høyrer til dei baptistkyrkjene som ikkje vil søkja om registrering hos statsmakta, dei vil utøva trusfridommen utan noko som helst band til statsmakta.
Første razzia
Den første razziaen mot denne baptistkyrkja kom i oktober 2023. Væpna og maskerte menn i militære uniformer raida søndagsgudstenesta. Fleire menn i sivil følgde soldatane slik at kring 20 deltok i razziaen. Ingen av dei identifiserte seg.
Væpna og maskerte menn i militære uniformer raida søndagsgudstenesta.
Alle som var i kyrkja, vart beordra til å dra. Bygget vart inspisert. Det melder Forum 18 Newsservice, ei nyhendeteneste om brot på trusfridommen i landa som låg bak jernteppet i Sovjet-tida fram til 1991.
Dei russiske soldatane tok med seg to PC-ar frå heimen til pastor Dmitry Malakhov. Han blei åtvara om at kyrkja ville få bot. Ordren var klar: Så lenge kyrkja ikkje er registrert, er det forbode å møtast.
Pastor nekta å signera
Den 18. september i fjor kom maskerte og væpna menn tilbake. Dei braut opp gudstenesta og sjekka all litteratur. Pastor Malakhov vart i eit avhøyr i etterkant forsøkt tvinga til å signera på at han hadde halde religiøse samlingar utan å informera styresmaktene, og for å ha drive illegal misjonsaktivitet. Men pastoren nekta å signera. Han forklarte at dette var vanlege gudstenester som er lovlege etter den russiske grunnlova.
Soldatar kom medan borna sang
Så kom soldatane for tredje gong 10. november i fjor, maskerte, væpna og i kamuflasje. Dei invaderte kyrkja medan barna song.
Den 18. desember vart tiltalen om illegal misjon avvist i ein domstol. Men pastoren fekk eit åtvaring fordi han ikkje har registrert kyrkja.
Stengde fire kyrkjer
Russiske okkupasjonsstyrkar har med makt stengt fleire kyrkjesamfunn i dei delane av Ukraina som Putin har okkupert.
I desember 2022 vart fire ikkje-ortodokse kyrkjesamfunn i Zaporizjzja-regionen forbodne: Den gresk-katolske kyrkja, Nåde (Grace) protestantiske kyrkje, Melitopol kristne kyrkje og Livets Ord. Okkupantmaktas guvernør Balitsky skulda kyrkjene for å ha band til utanlandske «spesialtenester». Han gav ordre om at alt dei fire eigde, skulle beslagleggjast. Det er gjennomført.
Arresterte prestar
Pastor Mykhailo Brytsyn i den protestantiske kyrkja Nåde (Grace) seier til det amerikanske magasinet Christianity Today at sjølv om han var klar over den russiske taktikken mot kyrkjer utanfor den russisk-ortodokse kyrkja, kom militærmakta mot kyrkjene likevel overraskande etter invasjonen i Melitopol i mars 2022.
Dei russiske styrkane arresterte fleire av venene hans: lokale prestar i kyrkjer som ikkje høyrer til den russisk-ortodokse kyrkja. Kyrkjene blei stengde. Seks månader seinare storma russiske troppar hans eiga kyrkje, Grace (Nåde) under ei morgonmesse.
– Vi kunne ikkje førestilla oss at væpna soldatar med andleta tildekte, med hjelmar og skjold, ville storma kyrkja midt under ei gudsteneste, seier Brytsyn.
Soldatane tok fingeravtrykk og fotograferte alle som var i kyrkja og kopierte ID-dokument. Dei ransaka kyrkja og avhøyrde Brytsyn. Deretter følgde dei han heim på jakt etter «ekstremist-litteratur» som kunne prova banda hans til Vesten. Dei fann ingenting. Men pastor Brytsyn fekk to dagar på seg til å dra frå byen. Brytsyn bur no i Rivne-regionen i Ukraina og leier kyrkja derifrå.

Skjermbilde av overføring av gudsteneste i Grace Church i Melitopol 11.9.2022.
Vi kunne ikkje førestilla oss at væpna soldatar med (...) hjelmar og skjold ville storma kyrkja midt under ei gudsteneste
Pastor Mykhailo Brytsyn
«Religiøse sekter»
På eit møte i februar i fjor i russisk-kontrollerte Zaporizjzja regionadministrasjon, var guvernør Balitsky stolt over innsatsen for å «stoppa arbeidet til religiøse sekter som har delteke i å organisera masseuro og anti-russisk aktivitet».
Russiske okkupasjonsmakter ser på alle ukrainske trussamfunn som ikkje har fått russisk stats-registrering, for illegale. Men under internasjonal lov er det forbode for Russland å tvinga sine eigne lover gjennom på ukrainsk jord.
Det same som er gjort i Zaporizjzja-regionen, er også gjort andre stader der Russland okkuperer Ukraina.
«Ingen fridom»
– Det er ingen fridom der Putins troppar har kome, seier Brytsyn. – Eg budde i Sovjetunionen i 25 år, og eg veit kva undertrykking dei truande blei utsette for. No er Russlands praksis endå verre, seier Brytsyn.
Russisk-kontrollerte domstolar i okkuperte delar av Ukraina held fram med å ta saker om «illegal misjonsaktivitet». Paragrafen som vert brukt, har bøter frå 5 000 rublar til 50 000 rublar. Den minste bota svarar mange stader til ei gjennomsnittleg vekeløn.
Midt i oktober vart ein lokal religiøs leiar i Luhansk-regionen idømt ei bot på 5 000 rublar for «illegal misjonsaktivitet». Dette er berre ei av mange saker, melder Forum 18 Newsservice.