Putins misbruk av religiøs makt - Stefanusalliansen
Vladimir Putin og patriark Kirill i 2014.

Vladimir Putin og patriark Kirill i 2014.  


Den russiske presidenten Vladmir Putin har medvete brukt religion for å legitimera makta si. Det er misbruk av religion. Han har gitt store fordelar til dei som er lojale mot Moskva – i dette tilfellet Moskva-patriarkatet i Den russisk ortodokse kyrkja.  

Frå patriark Kirill har Putins regime hausta lovord, også for det meiningslause overfallet på Ukraina. Leiinga i Den russisk ortodokse kyrkja ser sjølv på religiøse minoritetar som «ugras», for å sitera Trond Bakkevig.  

Dersom Putin klarar å stabla på beina sitt eige regime i Kyiv, kan vi få ein situasjon for trusfridommen som den vi alt ser i Russland. 

Eller endå verre for religiøse minoritetar: Vi kan få ein situasjon som minner om tilstanden i utbrytar-republikkane Luhansk og Donetsk i Aust-Ukraina. Utbrytarrepublikkane som Putin forsvarar med sjokkerande brutalitet, forbyr nærast alle trussamfunn som ikkje støttar den Putin-venlege patriarken i Moskva. 

Splitting 
Den russiske annekteringa av Krim i 2014 og støtta til utbrytarrepublikkane Luhansk og Donetsk førte til ei alvorleg splitting i Den ortodokse kyrkja i Ukraina. Delar av kyrkja ville vekk frå den Putin-venlege patriarken i Moskva. 

I oktober 2018 blei det formelt kunngjort at patriark Bartolomeus i Konstantinopel (Istanbul) godkjende Den ortodokse kyrkja i Ukraina som sjølvstendig kyrkje. Vedtaket frå 1686 om å leggja kyrkja i Ukraina under patriarken i Moskva, blei kjent ugyldig. 

Kunngjeringa frå Bartolomeus førte til at president Putin samla sitt eige tryggingsråd til hastemøte. Pressetalsmann Dimitrij Peskov sa etterpå at Russland ville forsvara dei Moskva-tru ortodokse i Ukraina, slik dei ville forsvara den russisk-språklege minoriteten. Kva det kan innebera, veit vi no. 

Men midt under Vladimir Putins brutale overfall på Ukraina, står no alle kyrkjene i landet saman, også dei to ortodokse kyrkjene som høyrer til kvar sitt patriarkat. Dei står saman med katolikkar og ulike protestantiske og evangeliske kyrkjer, ifølgje Bibelselskapet deler dei jamvel nattverden. 

 

Men midt under Vladimir Putins brutale overfall på Ukraina, står no alle kyrkjene i landet saman, også dei to ortodokse kyrkjene som høyrer til kvar sitt patriarkat.

 

Nekta godkjenning 
Kva som faktisk skjer i dei to opprørsrepublikkane i aust, veit vi mindre om. Men «Konstitusjonen» i «Folkerepublikken Donetsk» er ein studie verdt. Artikkel 21 krev vern mot «aktivitetar av religiøse kultar». I artikkel 9 blir det religiøse monopolet til Den russisk ortodokse kyrkja (Moskva-patriarkatet) verna. Ifølgje artikkel 22 er «propaganda» for å framheva eiga tru, forboden. Det rammar altså andre enn Moska-tru kyrkjer. 

Det same forbodet finst i artikkel 22 i «konstitusjonen» til «Folkerepublikken Luhansk». Og på same måte som i Russland, er Jehovas Vitne ein forboden «ekstremistisk» organisasjon i båe dei to Putin-støtta opprørsrepublikkane. 

Nekta godkjenning
I Luhansk tok ei ny religionslov til å gjelda i februar 2018. Alle trussamfunn som var registrerte under ukrainsk lov, måtte søkja ny registrering. 

Ingen ortodokse kyrkjer som ikkje støttar det ortodokse Moskva-patriarkatet, har fått ny registrering.  

Baptistar, pinsevener og adventistar manglar også godkjenning. Dei er ramma av lovreglar som krev 20 eller 30 vaksne medlemmer (ulike reglar opererer med ulike tal) for å få registrert ein lokal kyrkjelyd. Ein sentral religiøs organisasjon må bestå av minst 5 slike registrerte lokale kyrkjer. 

Søknadspapira må innehalda namn og personinformasjon på alle vaksne medlemmer. Mange er redde for å gje frå seg personinformasjon til det Moskva-støtta opprørsregimet, skriv nyhendetenesta Forum 18. Forum18, som er støtta av Stefanusalliansen, dokumenterer brot på trusfridommen i landa som fram til 1991 utgjorde Sovjetunionen. 

Dei nemnde krava førte til innskrenking av trusfridommen, konkluderte FNs høgkommissær for menneskerettar i ein rapport alt hausten 2018. 
Straffer 
Dei protestantiske trussamfunna og dei fleste muslimske samfunna er difor illegale. 

Også i Donetsk er alle ortodokse samfunn som ikkje høyrer til Den russiske ortodokse kyrkja (Moskva-patriarkatet), nekta registrering. 

Forum 18 dokumenterer i ein fersk analyse også at utbrytarrepublikken Luhansk har straffa folk med store bøter fordi dei har halde gudstenester utan løyve. Det er gjennomført politirazziaer. 

Opprørsregimet har stansa sosiale velferdstiltak i regi av uregistrerte trussamfunn. Tryggingspolitiet har drive overvaking og har skapt ein atmosfære av frykt. 

Det er også dokumentert ei rad tilfelle der gass, vatn og straumtilførsel er slått av til bygningar som er eigd av uregistrerte trussamfunn. 

Forbodne skrifter 
Lista over «ekstremistiske» bøker som er blitt forbodne, er blitt lengre. Også ei utgåve av Johannesevangeliet, opphaveleg publisert i 1821, er ramma, melder Forum 18.  

Boka er trykt på eit trykkeri eigd av baptistane og blei konfiskert under ein omfattande politirazzia mot baptistsamfunnet der alle konfiskerte bøker blei svartelista. Difor står altså Johannes-evangeliet på lista over forbodne bøker – sjølv om den same omsetjinga finst i ortodokse kyrkjer. 

Styresmaktene i Luhansk har også gjort det vanskelegare og for truande i utbrytarrepublikken å ha kontakt med trusfeller i resten av Ukraina. Ein katolsk prest som har budd i Luhansk sidan 1993, er blitt nekta å bu der. Mange katolikkar er blitt hindra i å ta imot nattverden i messe. 

«Det som skjer i pseudo-republikkane Donetsk og Luhansk er eit perfekt bilete av det dystopiske ortodokse teokratiet som Putins ideologar har i tankane for «den russiske verda» som dei stadig utvidar grensene for,» skriv Massimo Introvigne i nettmagasinet Bitter Winter. 

Det er det all grunn til å skriva under på. 

FØRST PUBLISERT I DAGEN 3. MARS OG VÅRT LAND 4.3.2022

AKTUELT

Prosjekt