Andre «ulydige» prester har forsvunnet. En bortført prest ble funnet drept.
Putin-kritiske prestar lever farleg
Mobbing, bøter, yrkesforbod og fengsel ventar russiske prestar som vågar å protestera.

Patriark Kirill og president Putin står saman om krigen mot Ukraina og kneblinga av kyrkjeleg kritikk av krigen.
På eit prestemøte i Den russisk-ortodokse kyrkja valde patriark Kirill, den øvste leiaren, å latterleggjera ein prest som kritiserte alliansen mellom kyrkja og Kreml. Det viser ein lekka video som avisa Moscow Times har publisert.
Moskva-patriark Kirill har spelt ei svært viktig rolle i å legitimera krigen mot Ukraina, ein krig han har kalla «heilag». På eit prestemøte 12. februar sa ein prest rett ut til patriarken at han er usamd i «den patriotiske trenden i kyrkjelege relasjonar. Oppgåva for ein prest er å leia folk til himmelens kongedøme og ikkje engasjera seg i patriotisme».
Patriark Kirill svarte skarpt – ved å spørja om presten «tilfeldigvis er frå vestlege Ukraina». Kirill hausta latter og applaus då han spotta den kritiske presten. Så heldt han fram: «Gå og sett deg ned, og tenk seriøst gjennom det du nettopp har sagt».
Kritisk til patriotismen
Kva som skjer med presten etter møtet veit vi ikkje. Det vi veit er at Vladimir Putins trugsmål mot alle som kritiserer «spesialoperasjonen» i Ukraina, har skremt svært mange. Dei få som ikkje held munn, lever farleg. Blant desse er også prestar i Den russisk ortodokse kyrkja. Patriark Kirill gjer sitt til å straffa prestar som ikkje hyllar krigen og deltek i krigsprogandaen.
Snart må forkynnaren Eduard Charov (53) møta i retten i Sverdlovsk i Ural. Charov vart bøtelagt i mai 2023 for å ha «diskreditert hæren». Då hadde han skrive i sosiale media: «Ville Jesus reist til Ukraina for å drepa?» Charov nekta å vera med på Kirills og Putins patriotiske krigsagenda. I ein kommentar om patriotisme kritiserte Charov hæren og regjeringa framfor å hylla makta:
I ein kommentar om patriotisme kritiserte Charov hæren og regjeringa framfor å hylla makta
«Ein patriot er ein som ønskjer å gjera landet sitt betre, folket rikare, og regjeringa meir ærleg og rettferdig. Ikkje ein som rettferdiggjer total fattigdom og korrupsjon med innbilt stordom og åndelege band.»
Tiltalen om «støtte til terror» er alvorleg. Charov og kona gjev til dagleg heimlause tak over hovudet. Det neste taket over Charovs hovud, kan vera eit fengselstak.
Slått i hovudet
Pinsepastor Nikolay Romanyuk i Moskva er på si side tiltalt for å ha truga «nasjonens tryggleik». Ein søndag i september 2022 forkynte han at «etter Den heilage skrifta» burde kristne ikkje kriga i Ukraina. Sidan preika blei lasta opp på YouTube, kvalifiserer det ifølgje Putins urettsvesen til «offentlege oppmodingar til aktivitetar retta mot tryggleiken til Den russiske føderasjon». Under arrestasjonen i oktober i fjor vart Romanyuk slått i hovudet.
I januar fekk den 44 år gamle kristne songaren Andrey Buyanov ei bot så stor at summen er sladda i rettsdokumenta. Innanriksdepartementet hevdar at tekstane hans er «ekstremistiske». Buyanov våga å hylla dei mange som gjekk i gravferda til opposisjonspolitikaren Aleksej Navalnyj, sjølv stempla som ekstremist. Navalnyj døydde for eit år sidan i ein av Putins verste fangeleirar. I ein video etterlyste Buyanov kyrkjeleg kritikk mot krigen – og kommenterte at «Guds stemme (er) forvist frå kyrkjene.»
Krig mot kritikarar
I alle fall to prestar er dømde til mange år bak murane. Mikhail Simonov er dømt til sju år for å ha «spreidd falsk informasjon» om hæren. Han hadde skrive: «Vi, Russland, er blitt gudlause. Tilgje oss, Herre.» I august blei ein annan prest dømt til tre års fengsel.
Svært tidleg etter at fullskala-invasjonen var starta, oppsøkte offiserar frå det hemmelege politiet FSB prestar og pastorar for å åtvara dei mot å kritisera krigen.
Fleire reiste frå Russland etter at dei, på religiøst grunnlag, protesterte og visste at dei risikerte arrestasjon. Desse er straffeforfylgde og plasserte på ei milelang liste av etterlyste.

Viktor Ioann Burdin i eit privat kapell. Han blei pressa ut av landsbykyrkja og seinare dømt for blasfemi mot Den russisk-ortodokse kyrkja og patriark Kirill. Foto: Privat
Yrkesforbod
Mange prestar og andre er bøtelagde for «å ha diskreditert hæren», den eldste er ein 87 år gamal erkebiskop».
Den russisk-ortodokse presten Ioann Burdin som eg har følgt sidan starten av fullskala-invasjonen, blei bøtelagt alt 9. mars 2022. I ei preike søndagen før minna han om bodet «du skal ikkje drepa». Same søndagen, 6. mars 2022, stod patriark Kirill på preikestolen i den mektige Kristus Frelsar-katedralen i Moskva og velsigna invasjonen.
Presten Burdin blei seinare pressa ut av prestestillinga i landsbykyrkja i Karabanovo og deretter i ein kyrkjeleg domstol dømt for blasfemi mot kyrkja og patriark Kirill. Burdin fekk yrkesforbod. Forsøket på å få prestejobb i eit land aust i Europa måtte han gje opp. Yrkesforbodet gjeld i alle land.
«Håpet mitt ligg i Kristus»
Skremslene frå president og patriark når langt utanfor Russland. Eg spurde nyleg Burdin som står utan jobb, om kva som gjev han håp. Burdin svarte:
«Håpet mitt er Kristus. Han døydde for meg og vil ikkje forlata meg. Håpet mitt ligg i mine kristne brør og søstrer som har støtta meg i tre år med venlege ord, økonomisk hjelp og bøner. Kristus er med oss og i vår midte!»
President Trump påstår at han kjempar for undertrykte kristne. Men han vil tydelegvis ikkje vita korleis den autoritære partnaren hans, Vladimir Putin, og patriark Kirill gjer alt dei kan også for å knekka modige kristne som protesterer mot blodbadet som er påført broderfolket i Ukraina.
KRONIKK PUBLISERT I DAGEN, EI KORTARE UTGÅVE BLEI FØRST PUBLISERT I KLASSEKAMPEN