Prest åtvara mot krig, hat og drap i Ukraina. Då kom politiet på døra - Stefanusalliansen
Ioann Victor Burdin

Ioann Victor Burdin  


Langt ute på den russiske landsbygda, i landsbyen Karabanovo i Kostroma-regionen, meir enn 300 kilometer frå Moskva, har fader Ioann Victor Burdin leia Kristi oppstandelskyrkje sidan 2015. Alt dagen etter invasjonen i Ukraina la han ut ein tydeleg protest mot krigen. Det gjorde Burdi saman med sin forgjengar og framleis aktive prestekollega, Georgi Edelstein. 

Dei skreiv om russiske angrep på Kyiv, Odessa, Kharkiv, Mariupol og andre byar. «Russiske soldatar drep sine brør og søstrer i Kristus», skreiv dei. Edelstein og Burdin gjekk rett på sak og samanlikna Putins invasjon med ein annan grufull invasjon: «Lat oss ikkje repetera brotsverket til dei som hylla Hitlers angrep 1. september 1939.» Det var dagen Hitlers armé rulla inn i Polen. 

Dei la til: «Vi kan ikkje skamlaust lukka augo og seia at svart er kvitt, vondt er godt, (eller) seia at Abel truleg  handla galt då han provoserte den eldre broren sin. Blodet til innbyggjarane i Ukraina vil ikkje berre vera på hendene til herskarane i Den russiske føderasjonen og soldatane som utfører ordren deira. Blodet vil vera på hendene til kvar ein av oss som støttar denne krigen eller som blir verande stille.» Dei la ut også ei lenke til eit opprop mot krigen. 

«Du skal ikkje drepa» 
Søndag 6. mars stod Ioann Burdin på preikestolen i den vesle kyrkja. Han fordømde igjen blodbadet i Ukraina og understreka bodordet «Du skal ikkje drepa». Han bad for folket i Ukraina og for slutt på krigen. 

Dagen etter forklarte fader Burdin for den uavhengige russiske nettavisa Mediazona at på preikestolen kunne han som prest ikkje lata som om ingenting hadde hendt. «Eg trur at i denne stunda må vi alle, kvart einaste menneske i kyrkja, stå framfor Gud, og Gud ser oss der vi er. Difor vil det å lyga, lura, å late som om ingenting har hendt, vera det same som å lyga framfor Gud.» 

Det gjekk ikkje lang tid etter preika før politiet stod i kyrkjedøra. Då var presten reist heim, han bur i eit anna distrikt. Politiet ringte Ioann Burdin og kalla han inn til avhøyr. På politistasjonen gjorde Burdin greie for artikkel 51 i grunnlova, at ingen har plikt til å vitna mot seg sjølv. 

Måndag 7. mars vart Ioann Burdin stilt for retten. Han bad om å få saka ført for ein domstol nærare heime. Den 9. mars møtte han i den lokale retten, henta inn på ein liten times varsel. Dagen etter kom dommen: Den modige presten fekk ei bot på 35 000 rubel. Det svarar til kring ei gjennomsnittleg månadsløn. 

«Dette er krig» 
Ioann Victor Burdin vart dømt etter den ferske lova som forbyr å setja den russiske hæren i miskreditt. Han vart kjent skuldig fordi han på offentleg stad hadde snakka om «angrep på Ukraina» og «drap på brør  i Kristus». To vitne forklarte at Burdin hadde sagt at russiske troppar hadde starta «krig mot Ukraina». 

Det var, som vi no veit, i strid med den ferske lova frå Vladimir Putin. 

Ioann Victor Burdin viste mot, saman med Georgi Edelstein, forgjengaren sin. 90-åringen Edelstein er ein helt innan Den russisk ortodokse kyrkja. Edelstein var framståande språkforskar. Han var jøde som konverterte til kristen tru og blei ortodoks prest. Alt i 1965 protesterte Edelstein mot at Den russisk ortodokse kyrkja let seg styra av Sovjet-regimet. 

Stefanusalliansen som frå 1990 til 2012 heitte Norsk Misjon i Øst, støtta arbeid som Georgi Edelstein og kona Anita dreiv, mellom anna sosialt arbeid.  

Edelstein var i ei gruppe ortodokse prestar som fekk betala prisen for at dei opponerte både mot ei politisert kyrkje og ein diktatorisk Sovjet-stat. Etter at Sovjet-staten fall, heldt Edelstein til i ein fjerntliggjande landsby der han restaurerte ei gamal kyrkje som var herja av forfall etter Sovjet-tida. Folk frå noverande Stefanusalliansen møtte han fleire gonger der. 

Edelstein veik ikkje i kampen mot misbruket av kyrkje og tru til støtte for regimet. Men han blei verande i kyrkja, som eit rop innanfrå. Der protesterer 90-åringen no mot Vladimir Putins krig og mot patriark Kirills støtte til makta og invasjonen av eit broderfolk. 

«Hatet øydelegg eit menneske» 
I preika si søndag 6. mars la Ioann Victor Burdin til noko han ikkje hadde skrive i krigsprotesten. Han sa at det verste er hatet. Han åtvara mot å hata ukrainarar, russarar eller amerikanarar. «Eg ser hat, og eg forstår kva som skaper det. Men hat (...) kan aldri gjera noko positivt. Hat øydelegg sjela til eit menneske, det pressar mennesket til umenneskelege handlingar, når mennesket byrjar å sjå på fienden ikkje som ein person, men som noko som raskt må øydeleggjast, eller endå betre, noko som må bli torturert lenge først. Hatet kan vi ikkje tillata.» 

Då kom politiet. 

Den modige presten gler seg over at folk stilte opp med pengar som dekte bota. Sjølv er Burdin klar: «Dersom ein prest ikkje kan forkynna ‘Du skal ikkje drepa‘, er rommet for ei preike blitt smalt.» 

Så smalt har Putin gjort rommet utan at patriark Kirill har løfta ein finger. Dei modige treng vår støtte og vår forbøn.

FØRST PUBLISERT I DAGEN

 

 

AKTUELT

Prosjekt