Kristne i Pakistan kjemper mot blasfemiloven, nå hjelper høyesterett dem - Stefanusalliansen
Sajid Christopher Paul (t.v.) saman med Asia Bibis advokat Saiful Malook møter pressa etter at Pakistans høgsterett stadfesta at Asia Bibi er frifunnen.

Sajid Christopher Paul (t.v.) saman med Asia Bibis advokat Saiful Malook møter pressa etter at Pakistans høgsterett stadfesta at Asia Bibi er frifunnen.  

Pakistan   
Blasfemi   

Sajid Christopher Paul som leier Human Friends Organization, var til stades i retten i Islamabad då høgsterettsjustitiarius Asif Saeed Khan Khosa slo fast at «vi kan ikkje hengje nokon basert på falske vitnemål». 

Asia Bibi vart av den same hsgetrett frifunnen for blasfemi 31. oktober i fjor etter å ha vore arrestert sidan juni 2009 og hatt dødsdom hengjande over seg sidan november 2010. Så kom eit krav om å vurdera frifinninga og halda oppe dødsdommen. Det skjedde etter at valdelege demonstrantar lamma Pakistan med krav om dødsdom mot Asia Bibi.

Retten tok i eit kort rettsmøte tysdag eit kraftig oppgjer med kravet om omgjering av frifinninga. Dommar Khosa slo fast at dei som kravde at den opphavelege dødsdommen skulle stå fast, ikkje hadde klart å visa ein einaste feil ved dommen som frifann henne. No er ho fri, og vi ventar berre på melding om at ho kan dra frå Pakistan og møte att døtrene sine.

– Denne dommen er eit landemerke i å byggja opp att pakistanske minoritetar si tiltru til rettsvesenet i Pakistan. Saka gjev oss håp for ei positiv forandring for eit betre Pakistan for alle borgarar, utan omsyn til kaste, trusvedkjenning og religion, seier Sajid Christopher.

 

Saka gjev oss håp for ei positiv forandring for eit betre Pakistan for alle borgarar, utan omsyn til kaste, tru og religion.

Sajid Christopher Paul

 

Kamp for Asia Bibi
Human Friends Organization har spelt ei aktiv rolle i saka til Asia Bibi, gjennom rettshjelp, rehabilitering, påverkingsarbeid og moralsk støtte. Organisasjonen er Stefanusalliansens partner i Pakistan, og gjevarar og appellvenner i Stefanusalliansen har på denne måten bidrege til utfallet i saka for Asia Bibi. I mars i fjor vart Anjum Naz Sandhum frikjent frå sin dødsdom etter innsats frå Human Friends Organzation.

Kristne i Pakistan er utsette
Blasfemilova i Pakistan har dødsstraff. Kristne og andre minoritetar vert ofte utsette for blasfemiskuldingar og dødsdommar. Ingen er så langt avretta etter å ha blitt dødsdømde for blasfemi. Men mange som er skulda for eller til slutt jamvel frikjende for blasfemi, er drepne av ekstremistar. Kristne som har møtt blasfemiskuldingar og er blitt dømde, må gjerne bruka mange år i retten for å bli frikjende. Asia Bibi brukte ni og eit halvt år frå ho vart arrestert til ho no endeleg er frifunnen.

Hemmeleg adresse
HFO har fleire slike saker og har hjelpt andre til å bli frikjende for blasfemi.

«Den største trussel for Pakistans kristne er den beryktede blasfemiloven», skreiv Sajid Christopher Paul i ein artikkel i Magasinet Stefanus i fjor.

Her skriv han om menneske som er dømde og som har kjempa seg fri, men som må leva på hemmeleg adresse for ikkje å bli drepne av ekstremistar. Her kan du lesa historia om Younas som etter sju års kamp vart frikjend, men som må leva i løynd.

Det har vore ekstra spent i Pakistan siste året. Ekstremistpartiet TLP, som er eit regionalt parti, har styrkt seg og stod bak demonstrasjonar som i november pressa vekk justisministeren – dei skulda han for ikkje å vera stø nok i blasfemisaker. Det var også TLP som stod bak demonstrasjonane som kravde Asia Bibi hengt i november i fjor, så harde demonstrasjonar at regjeringa gav etter og inngjekk ein avtale.

No er punktet i avtalen om at høgsterett skulle vurdera eit krav om å omgjera frifinninga, halde. Asia Bibi er frifunnen. Så får vi håpa ekstremistane ikkje på ny set Pakistan på ende i kravet om å få ta livet av ein uskuldig kristen. Sajid Christopher Paul trur for sin dle av majoriteten i Pakistan stør frifinninga.

 

Støtt blasfemioffera i Pakistan

Vår partner Sajid Christopher Paul hjelper offer for blasfemilova. Merk gåva: Pakistan

Gje ei gåve

AKTUELT

Prosjekt