Sonia og familien har flyttet til en annen by fordi de var truet hjemme.
Pakistan: Jakta i Jaranwala
Etter at kristne i Jaranwala vart skulda for blasfemi og angripne, ventar dei på tydeleg signal frå statsmakta, skriv Johannes Morken i Klassekampen.
Panikken breidde seg i ein kristen landsby i Jaranwala utanfor den pakistanske byen Faisalabad om morgonen 16. august. Ei rasande folkemengd samla seg – nokre lausrivne koransider skulle ha blitt funne utanfor huset til to kristne brør. Mobben rasa mot påstått blasfemi og kom med stokkar, stenger, fyrstikker og kjemikaliar for å få skikkeleg fyr. Livredde kvinner og barn frå fleire hundre kristne familiar gøymde seg i åkrane utanfor landsbyen. Timar seinare var 25 kyrkjer og over 90 hus vandaliserte eller brende. Alt i husa var knust eller stole. I oskehaugane låg ei mengd brende biblar
Politiet reagerte altfor seint. Dei første to politifolka prøvde å hjelpa, men vart skotne etter. Den illsinte folkemengda talde etter kvart fleire tusen. Då større politistyrkar endeleg kom, var tragedien eit faktum.
Politiet arresterte drygt 140 av valdsmennene. Statsministeren lovde vern om minoritetane. Men også kring 20 kristne vert taua inn til avhøyr. Tre er framleis arresterte på grunn av blasfemiskuldingar.
Videoar frå angrepet viser aktivistar frå det ekstreme islamistpartiet Tehreek-e-Labbaik Pakistan (TLP) som hissa folk til vald. At partiet er forbode hindrar det ikkje i å herja. Pakistans menneskerettskommisjon som har funne videoane, kritiserer lokale religiøse leiarar for medansvar fordi høgtalaranlegget i moskéen blei brukt til hatefull mobilisering. Kommisjonen trur ikkje dette var ein spontan aksjon, men planlagt brutalitet. Angrepet kan vera del av ein større hatkampanje mot kristne.
Pakistans kristne ventar i uro: Vil regjering og rettsapparat endeleg senda eit tydeleg signal om slutt på vald mot kristne?
Altfor lenge har ekstremistar fått sleppa straffefritt unna vald. Utan risiko har dei misbrukt blasfemilova til å kasta falske skuldingar over folk som får liva øydelagde i fengsel. Altfor ofte har politi og andre makter snudd ryggen til vald mot minoritetar, som FNs spesialrapportør for trusfridom, Nazila Ghanea, peikar på i eit intervju eg nyss hadde med henne.
Ein liknande tragedie som den i Jaranwala skjedde i mars 2013: Eit kristent nabolag i storbyen Lahore vart brent ned etter ei blasfemiskulding. Dei arresterte valdsmennene vart frikjende. Fattige kristne som flykta for livet, måtte stavra eit nytt liv på beina i ruinar og frykt.
Vil det same skje i Jaranwala?
Etter få dagar kom eit nedslåande signal. Politisjefen i Punjab-provinsen sa det var funne prov på ein «utanlandsk konspirasjon». Fingeren vart retta mot India som skulle ha sett i scene angrepet for å ta bort merksemda frå Indias eiga undertrykking av kristne.
India har nok å svara for av statleg politikk og hindunasjonalistisk ekstremisme mot kristne og muslimar. Men pakistanske ekstremistar har ei lang og brutal historie av hat og vald – dei treng ikkje hjelp frå nabolandet. Påstanden om ein indisk konspirasjon blir oppfatta som eit forsøk på å sleppa å setja foten ned for eigne ekstremistar. Kyrkjeleiarar krev av gode grunnar gransking både av tragedien og av politietterforskinga som dei fryktar vil gøyma dei verkeleg ansvarlege.
Statsmakta viste sitt sanne andlet like før Jaranwala. Den 7. august vedtok overhuset i parlamentet ei utviding og forverring av blasfemilova som lenge har hatt dødsstraff. Minstestraffa blei heva til ti års fengsel, og fornærming av konene til profeten kan no straffast med livstid i eit fangehol.
Pakistan arva blasfemilova frå det britiske kolonistyret i 1947. Sidan 80-talet er lova blitt viktig verktøy i islamiseringa. Ekstremistane tek ofte lova i eigne hender, også i form av lynsjing og drap. Kjende politikarar er drepne fordi dei utfordra blasfemilova. Ekstremistane trugar gjerne muslimske advokatar på livet dersom dei forsvarar dødsdømde kristne.
Blasfemilova vert brukt som maktmiddel både mot minoritetar og «avvikande» muslimar, og i personlege feidar. Pakistan nekta, seinast i møte med kritikk i FNs menneskerettsråd i januar, å stramma inn lova eller avskaffa dødsstraffa (som aldri er fullbyrda).
Frykta hos venene mine i Pakistan er at statsmakta også denne gongen droppar oppgjeret med ekstremistar som held fleirtalet som gislar og minoritetane i varig frykt.
FØRST PUBLISERT I KLASSEKAMPEN 14.9.2023