Pakistan: Brende kyrkjer kan vera del av hatkampanje mot kristne - Stefanusalliansen
Fortvilte kristne lever i skrekk etter at mobben gjekk til angrep.

Fortvilte kristne lever i skrekk etter at mobben gjekk til angrep.  

Pakistan   
Blasfemi   

Den pakistanske menneskerettskommisjonen fryktar at den muslimske mobben som raserte og brende fleire kristne nabolag i Pakistan i august, er del av ein større og målretta hatkampanje mot kristne.

Onsdag 16. august, grytidleg om morgonen: I eit fattig kristent nabolag i Jaranwala, eit industriområde nær byen Faisalabad i Pakistan, spreier panikken seg. Frå høgtalaren i moskeen blir det ropt at to kristne ungdomar skal ha vanæra Koranen. Det vert påstått at nokre koransider var funne utanfor huset deira. Rykta går, raseriet veks.

Væpna med stokkar, jernstenger, fyrstikker og høgbrennbart materiale set mobben fyr på kyrkjer og hus. Folkemengda ropar på galgen for dei to brørne. Ingen har prov, det er påstandar.

Menneske frå 500 kristne familiar flyktar ut i åkrane for å gøyma seg og berga livet.

Nokre timar seinare kring 25 kyrkjer i tre landsbyar knuste eller brende. I kristne heimar er alt knust før husa er blitt sette fyr på. 91 hus er totalt øydelagde.
 

Dei som starta brenninga av kyrkjer, kom frå andre landsbyar, konkluderer Den pakistanske menneskerettskommisjonen. Kommisjonen slår fast at lokale muslimske leiarar var delaktige i angrepa. Kommisjonen påviser at på grunn av rykta og påstandane om at ein kristen var ansvarleg for blasfemi, kom det ein serie rop over høgtalarane til moskeen: mobiliseringsropa frå moskeen fekk «tusenvis av menn» til å samla seg og gå til angrep på kristne kyrkjer og heimar, skriv kommisjonen.

Kommisjonen kan ikkje utelukka at dette var ein planlagt og ikkje ein spontan valdsaksjon. Dei ser ikkje bort fra at mobb-angrepa kan vera ein del av ein større hatkampanje retta mot kristne i Pakistan, skriv den kristne pakistanske nettavisa Kross Konnection.

Kommisjonen skriv også at videoar som vart laga under angrepa ulike stader i Jaranwala, viser at medlemmer av eit religiøst politisk parti hissa folk opp til vald.

Kristne i Lahore i demonstrasjon mot vald og hat. Foto: HFO

Protest
I dagane etter heldt kristne både i Lahore og Karachi demonstrasjonar med protest mot den grufulle valden.

Dei to kristne brørne blei arresterte. Dei er sikta etter kova som skal hindra terror og risikerer lange straffer. Over 100 av mobben blei arresterte. Kva som skjer med dei, veit vi ikkje.  Lokale og sentrale styresmakter har fordømt valden.

– Diverre stoggar tiltaka ofte med ei fordømming og så skjer det ikkje noko meir, seier Sajid Christopher i Human Friends Organization (HFO), som Stefanusalliansen støttar.

Han krev endring av blasfemilova – for å hindra misbruk av lova til angrep på kyrkjer og kristne nabolag. Christopher krev også at kristne politifolk får plass i politistyrkar som skal verna kristne nabolag. Dessutan krev han at styresmaktene denne gongen slår så hardt ned på dei ansvarlege at «ingen vågar å angripa kristne nabolag igjen».

Vandalisering av kyrkje i Jaranwala – møblar vert kasta ut frå andre etasje. Seinare blei kyrkja påtent. Foto: HFO

Politiet arresterte ei større gruppe av mobben som angreip og brende ned det kristne nabolaget Josephs Colony i Lahore i 2013.

– Men dei vart alle sette fri etter nokre dagar. Ingen blei straffa. Eg er redd det same skjer igjen. At dei to blasfemiskulda vert sitjande i fengsel, medan ingen vert straffa for valden. Det vil føra til at slike tragediar skjer igjen og igjen. Denne saka må bli ein viktig vekkjar for styresmaktene slik at det ikkje skjer igjen, seier Christopher.

Human Friends Organization (HFO) har sjølv gjennomført dokumentasjon av kva som hende. No er HFO i gang med å distribuera hjelp til offera. HFO planlegg også å bidra med å byggja opp at heimar og kyrkjer, fortel Sajid Christopher.
 


Faktaboks

Blasfemi i Pakistan

Paragraf 295-B i straffelova forbyr å fornærma islam.

Paragraf 295-C forbyr å krenka profeten Muhammed.

Minstestraff ti års fengsel. Risikerer dødsstraff.

Konene til profeten er no omfatta av lova, fornærming kan gi fengsel på livstid.

AKTUELT

Prosjekt