Pakistan: Kristne Arzoo (14) gifta bort til muslim. No får ho dra heim - Stefanusalliansen
Arzoo Raja (14) heime igjen hos foreldra til jul i år.

Arzoo Raja (14) heime igjen hos foreldra til jul i år.  

Pakistan   

Den pakistanske jenta Arzoo Raja (14) som vart bortført og gifta bort til ein muslimsk mann på 45 år, er heime hos foreldra igjen.

Dommen fall 23. desember i Sindh High Court.

– Dette er ei skikkeleg gladmelding, seier Sajid Christopher i Stefanusalliansens pakistanske partner Human Friends Organization (HFO) i Lahore. HFO har drive aktivt støttearbeid for henne, mellom anna vore aktive i demonstrasjonar og i støttearbeid direkte mot styresmaktene i Sindh-provinsen. Sajid Christopher i HFO har mellom anna engasjert muslimske lærde som deltek i eit nettverk med både kristne og muslimar. Dei har reist saka til Arzoo offentleg.

Sajid Christopher i HFO, Stefanusalliansens pakistanske partner (midt på bildet) sammen med flere muslimske lærde i kampen for Arzoo Rajas sak. (Foto: HFO)

Ung kristen jente i muslimsk ekteskap
Arzoo Raja som var 13 år, vart bortført og gifta bort i oktober 2020. Foreldra leverte, via advokat, inn ei begjæring om å få ekteskapet og konverteringa omstøytt og få Arzoo heim. Men domstolen gav i første omgang mannen rett til å ta Arzoo som kone. Men etter politisk press snudde retten. Domstolen fastslo 2. november i fjor at ei jente på mellom 13 og 14 år ikkje kunne giftast bort. Det var og er i strid med ei lov frå 2013 mot barneekteskap i Sindh-provinsen: Sindh Child Marriage Restraint Act.

Men Arzoo sa då i retten at ho ikkje ville heim. Ho vart difor plassert på ein offentleg barneheim, Panah Shelter Home.

No vil Arzoo heim
Men no ønskjer Arzoo å reisa heim. Den 21. desember leverte ho inn ein søknad å få forlata barneheimen og dra heim, og Sindh High Court fastslo at Arzoo skal få flytta heim til foreldra.

I retten svarte Arzoo bekreftande på at ho hadde konvertert til islam av fri vilje. Ho sa samtidig at ho ville reisa heim til foreldra sjølv om dei er kristne.

Foreldra på si side sa i retten at dei ikkje ville pressa Arzoo til å skifta tru igjen. Ho skal få praktisera islam heime. Dei har også stadfesta at dei ikkje vil straffa henne fordi ho gjekk over til islam og fordi ho heller ville på barneheim enn koma heim for eitt år sidan.

Sajid Christopher (t.v.) fører ordet under ein demonstrasjon mot tvangsgifting og tvangskonvertering av kristne jenter og for Arzoo Rajas sak i november 2020. Foto: HFO

«Utsett for press»
– Arzoo har vore utsett for påverknad og press. Ho har budd heimefrå i meir enn eitt år, og ho var berre 13 år. Lat ho bu saman med familien sin, og så får vi sjå, seier Sajid Christopher.

Foreldra er av retten pålagde kvar tredje månad fram til ho er 18 år å rapportera til lokale styresmakter som skal kunna fastslå at ho vert teken vel vare på.

Ali Azhar som Arzoo vart gifta bort til etter kidnappinga, har ikkje lov å møta henne. Heller ikkje Arzoo har lov til å oppsøkja mannen. Mannen er stilt for retten for brot på lova mot barneekteskap og for det han har gjort mot Arzoo.

Kvart år blir mange både kristne jenter og hindujenter bortførte, tvangskonverterte og gifta bort til muslimske menn i Pakistan. Dette er målretta angrep for å undergrava det kristne samfunnet.

AKTUELT

Prosjekt