Påskefest i frykt for ny terror - Stefanusalliansen
Ein øydelagt plaststol på golvet i ei nedbrend kyrkje i Mangu i Plateau-staten i Nigeria.  Foto: NTB/AFP 

Ein øydelagt plaststol på golvet i ei nedbrend kyrkje i Mangu i Plateau-staten i Nigeria.  Foto: NTB/AFP   

Nigeria   

Kristne i delstaten Plateau i Nigeria kjenner seg svikne av folk med makt: Julekvelden, medan dei førebudde juledag, vart kring 200 drepne, og mange blei fordrivne. 

– Dette var koordinert terrorangrep. Folk som mista absolutt alt medan dei gledde seg til jul, prøver framleis å koma til hektene igjen, seier Alfred Mangai Adams i eit videointervju i slutten av januar. 

Han er tv- og radiojournalist og bur i Jos, hovudstaden i delstaten Plateau. Han har slekt i to lokalsamfunn 7-8 mil sørvest for Jos: Faren kjem frå Bokkos, mora frå Mangu. Landsbyar i begge desse områda blei natt til juledag i fjor ramma av terror. Han har snakka med familie som fekk oppleva at julefesten dei planla, enda i blodbad, vandalisme, flukt og frykt. 

Mista alt 
Dette var dei siste av ei lang rad av angrep i Plateau. Veltrena terroristar med grovkalibra våpen skaut og drap. Verjelause samfunn i Bokkos blei overmanna. Avlingar blei stolne eller øydelagde. Alt av verdiar, inkludert buskap, vart køyrt vekk på lastebilar før landsbyar blei sette i brann. Folk flykta for livet. 

– Dette er bevisste og systematiske angrep for å stela jord som dei som bur der har hatt i generasjonar, seier Alfred Mangai Adams. 

Dei som kom seg unna terroren i Bokkos, har tak over hovudet i hjelpesenter som er oppretta i skular og kyrkjer. I Mangu prøvde ei lokal væpna gruppe frå den kristne sida å forsvara seg. Men dei var elendig utstyrt, med dårleg trening. Der vart det ein religiøs konflikt der også hus som muslimar bur i, blei øydelagde. Kyrkjer blei brende. Ifølgje Raudekrossen blei også moskear skadde. 


Katolikkar, som alltid startar fastetida i kyrkja, hadde ingen kyrkjer å starta i, dei er brende. 

 

Veltrena milits 
Bak terrorangrepa stod veltrena folk frå ein milits av det muslimske gjetarfolket fulani. Svært mange av fulani-folket lever fredeleg saman med naboane sine. Men ein milits med moderne våpen og dødelege ambisjonar herjar. Jordbruksjorda er fruktbar – her dyrkar folk poteter, mais og andre grønsaker. Fulani-militsen fordriv folk, øydelegg avlingar og sender kveget inn for å beita. Adams sender Magasinet Stefanus ei lang liste med lokalsamfunn som gjennom åra er blitt overtekne med vald og gitt nye namn. 

Han fortel at dei som overlevde terroren i jula, ikkje anar kvar og når neste angrep kjem.  

– Styresmaktene føderalt og i Plateau har svikta. Landsbyane ligg spreidde og er svært sårbare, fortel Adams. 

 

Alfred Mangai Adams.  Foto: Privat 

Fastetida vi er inne i, er svært sentral, ikkje minst for katolikkane. 

– I Mangu er mange kyrkjer brende. Katolikkar, som alltid startar fastetida i kyrkja, har ingen kyrkjer, for dei er brende, fortel Adams. Han legg til: 

– Dagane frå langfredag til påskedag er svært viktige for alle. Folk går i kyrkjer. Dei kjem i finkleda, dei kjøper inn og lagar god mat. Påskedag er som ei ny julefeiring. Men i år har folk ingenting. Dei fordrivne frå Bokkos lever frå hand til munn. Dei prøver å koma til hektene igjen i eit skulebygg eller ei kyrkje. 

 

Folk ønskjer å vera trygge på at dei kan leggja seg til å sova, stå opp neste dag og vera i live.

Alfred Mangai Adams 

 

Berre Gud å stola på 
I Mangu har hæren rykt inn for å roa situasjonen. Det er ikkje lett å feira noko som helst når samfunnet er prega både av terrorfrykt og av hærens nærvær. Det vert også hevda at hæren er innblanda i angrepa, i staden for å vera ei uavhengig makt som skaper ro. Heldigvis, seier Adams, er portforbodet som vart innført etter terroren, heva. 

– Er det noko som helst håp? 

– Folk ønskjer å vera trygge på at dei kan leggja seg til å sova, stå opp neste dag og vera i live. No lever dei i frykt og opplever seg gløymde av dei som skulle verna dei. Dei har berre Gud til å stola på, dei ber om at han vil stilla til ansvar den som stod bak valden. 

FØRST PUBLISERT I MAGASINET STEFANUS, 2-2024

Btxt Alfred 
Alfred Mangai Adams. 
Foto: Privat 

AKTUELT