Påske med terror og håp - Stefanusalliansen
Terroren ramma ei kyrkje i Tanta i Egypt påsken 2017.

Terroren ramma ei kyrkje i Tanta i Egypt påsken 2017.  

Egypt   

Biskop Per Arne Dahl summerte i ein kronikk (Aftenposten 18. mars) godt opp nordmenns forhold til påskehøgtida: Påskebodskapen er irrelevant for det store fleirtalet. Er det noko som er heilagt, så er det «starten på campingsesongen», som han skreiv med referanse til ein samtale han hadde høyrt.

Rett nok er det mange som går til messe, nokre deltek også i krossvandring. Men for nordmenn flest er «påskefeiring .... utmerket uten Jesus», skreiv Dahl. Han spurte: «Har vi prester sviktet?» og peika på ein veg fram til at Langfredag kan kallast «Good Friday» også hos oss.

Det er grunn til å utvida analysen av kva som kan løfta påskebodskapen. Vi kan venda blikket utover, mot land der påskebodskapen verkeleg er relevant.

Terrorpåske

Påsken er kanskje blitt den kristne høgtida der islamistiske og andre terroristar rettar dødelege angrep mot kristne.

Påskedag 2016. Minst 75 menneske vart drepne og over 340 skadde i eit sjølvmordsangrep ved hovudinngangen til ein av dei største parkane i millionbyen Lahore i Pakistan. Angrepet var uttrykkjeleg retta mot kristne, dei fleste offera var kvinner og barn. Men sidan det var både kristne og muslimar i parken, var mange av dødsoffera muslimar.

Like før påske i 2015 blei to kyrkjer i den største kristne bydelen i Lahore angripne av terroristar frå ein fraksjon av Taliban. Planen var å sprengja to kyrkjer samstundes. Over 20 blei drepne. Sivile vakter som kasta seg over angriparane, gjorde sitt til å redusera tragedien ved at angriparane ikkje kom seg inn i kyrkjene. Og folk let seg ikkje stogga av terroren.

Politiet i Lahore hindra eit større terrorangrep i påsken 2017. Kyrkjene var fullsette. Utanfor stod væpna og uvæpna vakter. Fleire av dei sivile vaktene var sjølve blitt skadde i angrepet påska før.

Palmesøndag 2017: Den ortodokse påsken kom samstundes som påsken hos oss, og meldinga frå Egypt var brutal. 49 menneske som feira påske i kyrkjer i byane Tanta og Aleksandria i Egypt, blei drepne av sjølvmordsbombarar. I eit år der IS-terroristar trappa opp angrepa mot kristne mål i Egypt, fekk vi dessutan drapa på nesten 30 pilegrimar på veg til eit kloster sør i Egypt på Kristi himmelfartsdag.

Avgrunn
I Egypt var mange kyrkjer fullstappa påskedag i fjor, trass i terroren palmesøndag. Livet for kristne i landet er heller ikkje berre prega av valdsangrep og terror. Kyrkjene i Egypt er livskraftige som aldri før, ja, meir livskraftige enn mange kyrkjer i vesten, fortel Ramez Atallah, som er generalsekretær i bibelselskapet i Kairo.

Dei sterke historiene om menneske som tek trua på alvor, bør kunna skapa uro og gjera påskebodskapen relevant. Noko er langt meir heilagt enn starten på campingsesongen.

Vi har mykje å gå på. Terroren gjorde eit sterkt inntrykk på mange, men sjølv møtte eg påskedag i fjor ivrige kyrkjegjengarar som ikkje eingong hadde fått med seg det blodige angrepet mot dei to kyrkjene i Egypt søndagen før. At kristne både i Nigeria og India opplevde terror og valdsangrep i påsken 2017, gjekk nok diverre endå fleire hus. Det er ein avgrunn mellom vår påskefeiring i eit land med ein trusfridom alle tek for gitt, og livet for kjempande kristne.

Martyrar
I februar 2015 blei 21 koptiske kristne frå Egypt drepne på ei strand i Libya av IS-terroristar. Videoen av dei 21, kledde i oransje kjeledressar, som blei førte over strand før dei fekk halsen skoren av, gjekk verda rundt. Mange i vår del av verda orka knapt å sjå dei grufulle scenane, og slutten på videoen vart ikkje vist i Vesten – av omsyn til offer og sjåarar. Mange kristne i Egypt såg derimot videoen til endes. Og like før dei 21 vart drepne, kunne egyptiske kristne lesa på leppene til dei 21: Dei uttalte namnet Jesus.

Dei 21 blei etter kort tid erklærte som martyrar, som menneske som ofra livet for trua.

Biskop Thomas i den koptisk ortodokse kyrkja har forklart at koptiske kristne som såg videoen, kjende både djup sorg over dei 21 drepne, og glede over bodskapen om Jesu oppstandelse påskedag. Og biskopen sender ein sterk appell til oss som om få dagar går inn i vår påske – i år ei veke før dei ortodokse gjer det:

Bera krossen
«Kyrkja i Vesten treng ikkje sjølv å bli krossfest for å forstå meininga med martyriet. Men kristne i Vest kan hjelpa oss å bera krossen slik Simon frå Kyrene i Bibelen. Han blei ikkje spurt om han var villig til å bera Jesus kross. Han vart henta ut av mengda og tvungen til å bera krossen utan å vita velsigninga som ville følgja. Å bera krossen kan vera ei velsigning for kyrkjene i vesten. Vårt ansvar for å kjempa for rettferd går på tvers av nasjonar, grenser og politiske parti. Martyrane ropar. Spørsmålet er om vi lyttar eller ikkje.»

Norske biskopar og prestar bør bruka denne påsken til å løfta fram trua til egyptiske og pakistanske kristne. Desse feirar påske med eit frigjerande håp henta rett ut av Bibelens påskebodskap. For dei er påske utan Jesus heilt utenkjeleg.

(Først publisert som kronikk i Vårt Land 27. mars 2018)

 

Hjelp forfulgte å bære korset

Kristne i Pakistan og Egypt fyller kirkene, på tross av trusler om terror. Vil du du hjelpe?

Gi en gave

AKTUELT

Prosjekt

Egypt: Stefanusbarna

På «søppelfjellet» i Kairo bor det tusenvis av kristne familier som er overlatt til å leve i, og av, storbyens søppel. Inspirert av Jesu kjærlighet har Mama Maggie gjennom tre tiår bygget opp et arbeid som kalles Stefanusbarna. Stefanusalliansen støtter dette arbeidet.