Carlos Enrique Herrera Gutiérrez er den fjerde biskopen som er kastet ut av Nicaragua. Han er sendt til Guatemala.
Ortegas diktatur: 26 års fengsel for modig biskop i Nicaragua
Ortega deporterer kritiske prestar med lange straffer. Biskop nektar deportasjon.
Når den ein gong så hylla nicaraguanske frigjeringshelten Daniel Ortega no prøver å knusa kritikken også frå den katolske kyrkja, bør dei gamle norske venene hans ropa ut sin protest.
Diverre handlar Nicaraguas nyare historie om frigjeringshelten som blei tyrann. Det er ikkje eit nytt fenomen under sola.
Daniel Ortega og kona hans, visepresident Rosario Murillo, har gjort Nicaragua om til eit diktatur. Store folkelege demonstrasjonar i 2018 vart møtte med brutal makt. Men no var ikkje Ortega folkets mann, men maktas forsvarar. Angrepa hans på sivilsamfunnet er seinare berre blitt trappa opp.
Jernneve mot kyrkja
Sist ut i møte med Ortega-diktaturets jernneve, er den katolske kyrkja. Ortega skulda dei katolske leiarane for å prøva å styrta han då dei fungerte som meklarar med protestgrupper under uroa som kravde 300 menneskeliv. Sidan den gongen har Ortega-regjeringa utvist katolske nonner, stengt katolske radio- og TV-stasjonar og vilkårleg arrestert prestar og lekfolk.
Kampen mot kyrkja blei trappa kraftig opp i august i fjor. Regimet arresterte ei rad prestar og andre leiarar. Den modige biskopen Rolando Álvarez blei sett i husarrest etter ein brutal aksjon av tryggingspolitiet mot bispesenteret. Dei siste frie stemmene skulle stilna, med brutal makt.
Tortursenter
Den siste månaden har rettssakene og dommane kome. Fem katolske prestar, to prestestudentar og ein kyrkjeleg fotograf er i to saker funne skuldige i «konspirasjon mot staten» og «spreiing av falske nyhende» som, ifølgje dommarane til Ortega, skadar staten. Dei kritiske prestane, studentane og kameramannen har fått ti års fengsel. I alle fall sju av dei har vore fengsla i «Direktoratet for juridisk bistand», betre kjent som El Chipote. Nicaraguanske menneskerettsaktivistar har karakterisert dette som «eit tortursenter».
I helga kom meldinga om at Ortega har deportert 222 politiske fangar til USA, etter ei forhandling med Washington. Dei vart sette på eit fly 9. februar. Fleire av dei dømde prestane, dei to prestestudentane og kameramannen skal vera blant dei 222. Ortega kallar dei landsforrædarar og har ikkje bede om noko i byte for å bli kvitt dei.
26 års fengsel for biskop
Den modige og tydelege biskop Rolando Álvarez, som har sete i husarrest sidan 19. august i fjor, nekta å bli deportert. Han er difor, fortel president Ortega, flytta frå husarrest til ei celle i fengselet La Modelo Tipitapa. Også han er funnen skuldig i «konspirasjon» og «spreiing av falsk informasjon». Dommen mot han lyder på absurde 26 års fengsel, skriv trusfridomsorganisasjonen CSW og telegrambryåret Reuters. Biskopen skal ha uttalt at han går i fengsel for dei deporterte.
Ein prest som klarte å flykta og koma seg i eksil då regimet slo til i august i fjor, fortel at biskopen oppretta eit hemmeleg menneskerettskontor for å møta forfølginga til diktator Ortega. Biskopen er den siste framståande kritikaren av diktaturet til ekteparet Ortega og Murillo. Biskopen har, sikkert etter inspirasjon frå andre modige latin-amerikanske kyrkjeleiarar, stått modig fram mot diktaturet. No skal munnen hans lukkast i ei fengselscelle. Det kan vi ikkje lata skje.
Protest
Vi får gleda oss over at dei 222 fangane er ute av Ortegas grufulle fengsel. Samstundes er dette ei deportering der dei 222 er strippa for alle rettar i sitt eige land. Det er ein lagnad ingen samvitsfange skulle vore dømt til. Og framleis sit det politiske fangar - inkludert prestar og ein biskop – i Ortegas mørke fengselsceller.
Norske styresmakter og Ortegas gamle vener må vera tydelege: Alle politiske fangar må bli sette fri utan vilkår, og diktaturet må ta slutt. Den lange fengselsdommen mot ein modig biskop viser kor maktsjuke ekteparet Ortega og Murillo er.