Ortega stengjer kyrkjer, rosar Kina - Stefanusalliansen
Daniel Ortega styrkjer diktaturet

Daniel Ortega styrkjer diktaturet  

Nicaragua*   

Det skruppellause diktatorparet Daniel Ortega og Rosario Murillo i Nicaragua brukar jarnneven mot eit samla sivilsamfunn. I august slo dei til igjen: Over 1650 organisasjonar blei forbodne, mange var kyrkjer og skular og sjukehus eigde av kyrkjer.

Med eit pennestrøk var den legale statusen deira fjerna. All eigedom vil bli konfiskert av staten: bygningar, tomter og møblar – alt vil Ortega-staten rana til seg.

Ein tredjedel av dei stengde organisasjonane og institusjonane var kyrkjebygg eller skular, sjukehus og andre institusjonar knytte til den romersk-katolske kyrkja eller protestantiske kyrkjer. Svært mange menneske har ikkje berre mista stader å møtast til gudstenester: Menn, kvinner og barn har mista institusjonar som er avgjerande for dei daglege liva.

Dette har store følgjer for trusfridommen i landet. Ortega slår brutalt til mot hundrevis av kyrkjer og kyrkjelege institusjonar, ofte berre på grunn av trua til dei som driv dei.

Over 5500 forbodne

Sidan 2018 har Ortega-diktaturet fjerna den legale statusen til 5552 organisasjonar. Blant dei kyrkjene som no har fått kroken på døra, finst det somme med fleire hundre års historie. Og First Baptist Church of Managua, som vart grunnlagt i 1917, har drive både skular, teologisk seminar, eit sjukehus og ein radiostasjon. Slikt toler ikkje Ortega-regimet.
 

President Daniel Ortega styrer Nicaragua saman med kona, visepresident Murillo. Familieføretaket viser ingen nåde mot dei som ikkje innordnar seg. Sidan razziaen mot bispesetet i august 2022 har regimet køyrt ein beinhard kampanje mot den romersk-katolske kyrkja. Den modige biskopen Rolando José Álvarez blei utvist og deportert den 14. januar i år, knapt eitt år etter at han blei dømt til 26 år og fire månaders fengsel på ugrunna skuldingar om ei  samansverjing – han hadde stilt opp for menneske som var ramma av regimets brutalitet.

Fleire titals romersk-katolske prestar er også deporterte. Alternativet var altså å sitja bura inn i ei av fengselscellene til diktatoren Daniel Ortega i fleire tiår.

Hyllar diktatur
Medan han altså fengslar og deporterer prestar og forbyr sivilsamfunnet, hyllar Ortega eit anna diktatur: Kina. I 2021 bygde Ortega tette band til Kina og gav Kina sterk innverknad i Mellom-Amerika. Det gjorde han sist den 15. juli då han tok imot eit parti kinesiske bussar. Ortega kalla Kina «eit kompass». Ortega rosa både den brutale avdøde diktatoren Mao og dagens herskar Xi Jinping. Xi Jinping krev at alle religiøse samfunn – kristne, muslimske eller tibetansk-buddhistiske – må lata seg kontrollera av kommunistpartiet. Eller så blir dei stengde. Ikkje rart Ortega er oppglødd av Kinas føredøme.

Ortega som ein gong var frigjeringshelt, samanlikna sin eigen sandinistrevolusjon på 80-talet med den kinesiske revolusjonen leia av Mao. Ortega har eit stykke igjen til han får så mykje blod på hendene som den døde kinesiske tyrannen Mao. Men vi veit kven som er førebiletet hans.

Utanriksminister Espen Barth Eide lyt senda ei klar melding om at Ortega no driv alt anna enn frigjering. Den meldinga bør utanriksministeren senda også for å visa dei deporterte og dei som får bygg og eigedom stolne av staten, at vi ser dei og bryr oss.

FØRST PUBLISERT I VEKEAVISA DAG OG TID 6.9.2024

 

 

 

AKTUELT