Nigeria: Terrorgrupper drep langt fleire kristne enn muslimar, fortel rapport.
Kidnappa jenter overlevde med bøner, bibelvers og samhald
Nigerianske skulejenter gir sterke vitnesbyrd om tru i møte med fanatisk vald.
Den islamistiske terror-rørsla Boko Haram i Nigeria har kidnappa tusenvis skulejenter. Boko Haram tyder «vestleg utdanning er synd».
Dei første offera kom frå byen Chibok i Borno-staten. I april 2014 kidnappa Boko Haram 300 kristne jenter på ein internatskule. Dei kunne blitt gløymde. Men twitterknaggen #BringBackOurGirls gjorde lagnaden deira kjent.
I oktober 2016 vart 21 Chibok-gislar sette fri. I mai året etter kom nye 82 jenter ut. 112 er framleis sakna.
Ei overraskande historie
To journalistar frå den amerikanske avisa Wall Street Journal ville finna ut kva som hadde hendt og kvifor jentene hadde overlevd.
Dei oppsøkte politiske, diplomatiske og militære aktørar i tre verdsdelar. Men den sterkaste historia fekk dei i intervju med kring 20 av dei frigjevne. Det fortel dei i det amerikanske kristne magasinet Christianity Today.
Jentene heldt ut tre års fangenskap og hardt press for å konvertera til ei fanatisk form for islam. Gjentekne gonger blei jentene fortalde at foreldra deira var døde, at kyrkjene var brende og at samfunnet deira hadde heist flagget til Boko Haram.
Men jentene gav ikkje opp.
Chibok-jentene har lært bort ei kraftfull lekse til fanatikarane og til oss som aldri vert stilte på slike val.
Gøymde ein bibel
Ei jente hadde klart å gøyma ein bibel under kleda sine. Jentene kunne memorera Jobs bok – om å halda ut ufatteleg liding.
Kidnapparane gav jentene bøker for at dei skulle skriva koranvers. Ei av jentene starta i staden å skriva dagbok, for å hugsa alt som hadde hendt sidan skotsalvene og bortføringa natta til 15. april 2014. Ho ville ein dag fortelja historia.
Fleire gjorde så det same. Dei skreiv utdrag mellom anna av Salme 22:3: «Min Gud, eg ropar om dagen, men du svarar ikkje, eg ropar om natta og finn ikkje ro».
Etter to år var mange kraftig underernærte. Dei byrja å bytta på å fasta og eta. Slik vart svolten Boko Haram brukte for å knekkja dei, gjort om til styrke.
Slutta å vera redde
Jentene vart truga med at dei ville få hovudet kappa dersom dei flykta. Men gradvis byrja Boko Harams makt å minka. Jentene byrja å synga songar frå skulekoret. «Vi slutta å vera redde», fortalde ei av dei
Verdspressa hadde, skriv journalistane, berre sett på religiøs identitet som kjelde til konflikt, vald og død i Nigeria. No fekk to garva reporterar eit sterkt møte med kristen tru som styrke og hjelp til å overleva.
FØRST PUBLISERT I MAGASINET STEFANUS 6-2021