Nigeria: Terrorgrupper drep langt fleire kristne enn muslimar, fortel rapport.
Nigeria: Dei dyrkar håp mot terror
Støtta av Stefanusalliansen samla Kolade Fadahunsi religiøse leiarar til dialog før eit avgjerande val i Nigeria. Dei er redde for at eit terrorherja land blir brote opp i bitar.
– Religiøse leiarar skal vera politikkens samvit, seier Fadahunsi til Magasinet Stefanus. Han er direktør i Institute of Church and Society (ICS), ei avdeling av Nigerias kristne råd.
Fadahunsi har i fleire år vore sentral i dialogen mellom ei utvald gruppe kristne og muslimske leiarar i Nigeria, det mest folkerike landet i Afrika. Med støtte frå Stefanusalliansen samla han desse for å drøfta utfordringar før valet 25. februar. Arbeid for fredeleg sameksistens mellom religionar kan bidra til eit fredeleg parlamentsval, håpar dei.
Halvhjarta støtte til dialog
Men gruppa måtte erkjenna at det er mange religiøse leiarar som har dårleg forståing av trusfridom og berre er halvhjarta i trua på dialog mellom religionar. Dette er eit land der meldingane om terror kjem så ofte at vi lett kan mista håpet.
I det muslimske nord har islamistiske terrorgrupper som Boko Haram og Den islamske stat Vest-Afrika-provinsen (ISWAP) base. Ikkje minst har Boko Haram terrorisert både kristne og moderate muslimar og drive millionar på flukt.
Søndag 15. januar blei ein katolsk prest i den store delstaten Niger brent til døde då terroristar sette fyr på prestegarden. Isaach Achi overlevde i jula 2011 eit terrorangrep på kyrkja der han den gongen var prest. No er presten død. Prestekollegaen hans klarte å flykta med skotskadar.
– Den nordlege delen av Nigeria har lenge vore herja av massive angrep mot hovudsakleg kristne samfunn og kyrkjer. Den føderale regjeringa har svikta, av politiske grunnar. Gjerningsmennene slepp svært ofte unna, utan straff. Det ser ut som eit komplott for å hindra at valet vert gjennomført, sukkar Kolade Fadahunsi.
Det ser ut som eit komplott for å hindra at valet vert gjennomført
«Vil utrydda kristendommen»
I statane sentralt i Nigeria, der det bur både kristne og muslimar, angrip militsar av det hovudsakleg muslimske gjetarfolket fulani i aukande grad kristne jordbrukssamfunn med tyngre våpen. Det som var ein konflikt om ressursar – land og vatn – er i aukande grad blitt ein religiøst prega konflikt med angrep på kyrkjer og prestar. Like før jul og i julehelga vart minst 46 drepne og mange titals kristne bortførte i angrep på fleire kristne landsbyar i den sørlege delen av delstaten Kaduna, eit episenter for terror.
– Terroren blir sett på som ein plan for å utrydda kristendommen. Det er grunn til å lura på kvifor det er så lett for kriminelle å koma til og angripa og bortføra folk. No er det på tide at styresmakter og politi tek mangelen på tryggleik og trusfridom i Kaduna på alvor, seier Fadahunsi.
Terroren har dessutan spreidd seg også til det hovudsakleg kristne sør, den store terroraksjonen mot ei kyrkje pinsedag i fjor kosta kring 50 menneske livet.
Sterk åtvaring
Dei religiøse leiarane som han samla til dialog, kom med ei sterk åtvaring mot at religion blir meir og meir politisert i Nigeria. Dei ser med uro på at somme kristne føler seg pressa til å ty til våpen for å forsvara gudshusa sine og religionen sin. Dette har skjedd i delstaten Plateau i sentrale Nigeria.
– Dette går i ei farleg retning. At regjeringa har svikta oppgåva si å verna folket, gjer at kristne vert pressa mot det ekstreme, åtvarar Fadahunsi.
At regjeringa har svikta oppgåva si å verna folket, gjer at kristne vert pressa mot det ekstreme.
Kolade Fadahunsi
Meir og meir om religion
I 1999 erstatta Nigeria militærstyret med eit demokrati. Men på grunn av sterke spenningar mellom det muslimske nord og det kristne sør, handlar meir og meir om religion, seier Fadahunsi.
I Nigeria er systemet at dersom presidenten er muslim, skal visepresidenten vera kristen. Der guvernøren i ein delstat er muslim, skal viseguvernøren vera kristen. Og motsett.
– I tillegg til at alt handlar meir og meir om religion, har vi fleire etniske grupper og enkeltpersonar som kjempar om makta. Og arbeidsløysa er svært høg. Dersom vi ikkje adresserer etnisitet, religion og arbeidsløyse, risikerer vi at desse spørsmåla vil «eta opp» landet. Grupper vil bryta ut og laga eigne statar, åtvarar Fadahunsi.
Etterlyser moralsk autoritet
Gruppa som Fadahunsi samla, oppfordrar alle religiøse leiarar til å bruka sin moralske autoritet til «å tene heile nasjonens interesser ved å fremje positive verdiar, eksemplarisk leiarskap, godt styresett, sosial rettferd og likskap, nasjonal integrasjon og fredeleg sameksistens».
– Målet vårt må vera at når vi går til val, må vi stemme som borgarar av Nigeria, ikkje etter kva religion eller etnisk bakgrunn vi har, seier Fadahunsi.
FAKTA OM NIGERIA
• Afrikas mest folkerike stat.
• Folketal: 225 millionar (2022).
• Består av 36 delstatar i tillegg til hovudstaden Abuja.
• Over 200 etniske grupper med eigne språk.
• 49,3 prosent kristne, 48,8 prosent muslimar, 1,4 prosent folketru (Pew Institute)
• I nord: Muslimsk, lommar av kristne.
• Midtbeltet: Blanda, mange stader med overvekt av kristne.
• Sør: hovudsakleg kristent.
• Arbeidsløyse: 25 prosent.
Kjelde: snl.no
FØRST PUBLISERT I MAGASINET STEFANUS 1-2023