Nicaragua: Modig biskop i husarrest, prestar er fengsla - Stefanusalliansen
Biskop Rolando Alvarez er nå satt i husarrest. Fotokreditt: CSW

Biskop Rolando Alvarez er nå satt i husarrest. Fotokreditt: CSW  

Nicaragua*   

Den gamle frigjeringshelten Daniel Ortegas brutale regime er blitt eit mareritt for Nicaragua. No går Ortegas tryggingsstyrkar også hardhendt laus på modige prestar og ein biskop.

Fredag 19. august tok tungt væpna tryggingsstyrkar seg inn i bisperesidensen i Matagalpa, den sjuande største byen i Nicaragua. Då hadde dei i 15 dagar, sidan 4. august, omringa bispebustaden og nekta både biskop Rolando Álvarez og fleire prestar og andre å koma ut. Ingen slapp heller inn.

I staden hadde biskopen møtt politifolka med song og bøn om å avslutta aksjonen. Biskopen og dei andre heldt messe som dei kringkasta på sosiale medium – sidan tryggingsstyrkane nekta dei å dra til domkyrkja for å halda messe.

Så tok altså tungt væpna tryggingsstyrkar seg inn i bisperesidensen like etter klokka 3 om natta til den 19. august. Biskopen vart teken til hovudstaden Managua og sett i husarrest. Fire prestar, to prestestudentar og ein kameramann vart sett i varetekt på politistasjonen Evaristo Vásquez Sánchez, også kjent som El Nuevo Chipote.

Fire andre som hadde vore innesperra, vart sette fri.

Sterk kritikar
Biskopen har lenge vore ein tydeleg kritikar av brot på menneskerettane i Nicaragua. Politiet hevdar at biskopen har freista å organisera valdelege grupper og «hissa folk til hat mot folket (...) for å destabilisere landet». Støttespelarane til biskopen – som er mange – svarar at dette er falske påstandar som vert brukte for å knebla ein av kritikarane av Ortega-regimet.

Dei siste månadane – før aksjonen mot biskop Álvarez –  er minst fire prestar blitt arresterte. TV-kanalar og radiostasjonar som er drivne av den romersk-katolske kyrkja, blei stengde den 1. august.

Same dag storma politiet og paramilitære eit kapell i byen Sébaco for å konfiskera radio- og TV-utstyr  inne i kyrkja. Kyrkjegjengarar freista å hindra politiet i å koma inn, minst to vart skadde, melder trusfridomsorganisasjonen CSW med gode kjelder i Nicaragua.

Gjekk i skjul
Fader Vallejos, som er prest i kyrkja, og fleire kyrkjegjengarar gøymde seg då i prestebustaden. Tryggingsstyrkane omringa huset i fire dagar til dei trekte seg tilbake den 4. august. Presten flykta då til ein ukjent sted. Same dagen omringa altså politi og tryggingsstyrkar bisperesidenssen til Rolando Álvarez - som 15 dagar seinare blei sett i husarrest.

Dette er ei samvitslaus gjerning frå Ortega-regimet, grunngjeve i falske påstandar om organisering av vald og hat. Regjeringa har leita etter påskot for å knebla ein av dei attverande kritiske sektorane i Nicaragua, den katolske kyrkja. Igjen har Ortega gått laus på forsamlingsfridommen, organisasjonsfridommen og ytringsfridommen i Nicaragua og med det også trusfridomen. Dette er endå eit brutalt angrep på dei som organiserer seg og ytrar seg mot regimet.

Kasta ut nonner
Tidlegare i sommar kasta regimet ut Mor Teresa-søstrene – organisasjonen til fredsprisvinnar Mor Theresa. I meir enn 30 år har nonnene arbeidd for fattige. No hevdar regimet at dei ikkje oppfyller krava i registreringa. 18 nonner blei eskorterte av politifolk til grensa til Costa Rica før kvinnene tok seg til fots inn i nabolandet. Svært mange andre friviljuge organisasjonar er også stengde eller blitt kasta ut av landet dei siste åra av diktator Ortega – ifølgje BBC har lagnaden ramma kring 200 sidan 2018.

Det er på tide at det internasjonale samfunnet tydeleg seier frå at dei systematiske brota på menneskerettane under Ortega må ta slutt.

AKTUELT